– Kom deg ut og møt kilder

BT-journalist Christian Lura mener «storbyjournalister» ikke bør sitte for mye på Twitter.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Hver uke presenterer Norsk Journalistlags studentklubb i Volda en tidligere Voldastudent. Ukens alumni er tidligere Voldastudent Christian Lura. Lura er journalist i Bergens Tidene og er leder for Nordiske mediedagers programgruppe. I 2010 fikk han sammen med Helge O. Svela SKUP-diplom for sitt prosjekt faktasjekk.no, som sjekker faktagrunnlaget i politikernes påstander. Han har tidligere vært både krimjournalist og politisk journalist. Lura gikk journalistikk ved Høgskulen i Volda mellom 1999 og 2001.

– Hvorfor valgte du journalistikken (i Volda)?

– Det korte svaret er at eg var for lat til å bli lege eller sivilingeniør. Men eg syntest òg at journalistikk var eit kult yrke, eit viktig yrke og eit allsidig yrke. Eg tok heldigvis ikkje feil, sjølv om førestillingane var litt meir rosenraude enn røynda. Det vart Volda fordi eg hadde høyrt så mykje bra om utdanninga. Eg trengde mange poeng for å kome inn, og enkel som eg var, gav det meg ekstra motivasjon. Dessutan hadde eg for få poeng til å kome inn i Oslo. Men eg hadde på førehand oppsøkt redaktørane i både BT og BA. Begge forsikra meg om at ei utdanning frå Volda var minst like verdfull som ei frå Oslo. Då var saka klar.

– Hvordan endte du opp der du er i dag?

– Det korte svaret er hardt, målmedvitent arbeid. Det lengre svaret er at eg var heldig: Eg hadde praksis i VG, fekk sommarjobb og vikariat der. Med VG på CV-en fekk eg fast jobb i BA eit halvt år etter studieslutt. Der jobba eg som politisk journalist, krimjournalist og vaktsjef før eg forstod, i 2007, at eg måtte lære meir om nettpublisering. Derfor søkte eg på ein journalistjobb på bt.no den fekk eg, og sidan har eg vore i BT i ulike jobbar.

– Hvilke lærdommer fra studietiden har du med deg/bruker du hver dag på jobb?

– Du må vite kven du skriv for, og kva du skriv om. Då me skulle lage Næravisa, visste me ikkje ein døyt om lokale forhold i Volda og Ørsta. Ein studiekompis og eg lånte derfor reportasjebilen og køyrde rundt i kvar einaste krik og krok av bygdene. Me lærte oss kor Hjartåbygda, Austefjorden, Høydal og Berknes er. Og me tok bilete av alt mogleg. Det tok ein heil dag. Men det gav resultat. Den første store saka me skulle dekkje i Næravisa, var eit forslag om å leggje ned fem grendeskular. Me hadde bilete av samtlege nedleggingstruga skular og kunne faktisk skrive noko kvalitativt om tilstanden til skulebygga og skulevegane.

– Hva er det lurt å tenke på som storbyjournalist?

– Å vere «storbyjournalist» er ikkje så mykje meir hokus-pokus enn å vere småbyjournalist eller bygdejournalist. Det kan vere kortare veg til primærkjelder, så du har færre gode grunnar til å sitte i redaksjonen, snakke i telefonen og vere på Twitter heile tida. Kom deg ut og møt kjeldene istadenfor.

– Hvilke(t) tips vil du gi en kommende Volda-journalist?

– Ikkje start på journalistutdanning i Volda i trua på at du skal redde verda eller reise til Senegal og Katmandu og Maldivene som godt betalt reisejournalist. Ikkje sats på at alt du skal gjere i livet, er å skrive lange feature-reportasjar og blogge om mote og film. Dei i mitt kull som hadde urealistiske forventningar til alt dei skulle få oppleve som journalistar, er utan unntak ute av journalistyrket i dag. Bruk heller tida i Volda til å lære deg handverket. Lær deg å bruke offentleglova, lær deg å skrive ein notis med smell i, forstå etikken, dekk formannskaps- og kommunestyremøta i Volda. Dei «kjedelege» tinga er dei du har mest bruk for.

– Hva er ditt beste Volda-minne?

– Eg har mange gode Volda-minne, og det er vanskeleg å peike på eitt. Somme er knytt til festlege kveldar på (gamle) Kroa. Men vel så mange handlar om fellesskapet me utvikla i redaksjonen, om lange lunsjar i Berte Kanutte (hovedbygget journ.anm.), om turar til Rotsethornet og fisketurar på fjorden, om stunts som trombonist i symfoniorkester og storband og som sauesankar i Romedalen. (Fin måte å bli kjend med andre enn studentar. Både folk og sau.) Mest av alt trivdest eg i kollektivet vårt Kristiania, eller Info-huset som det òg heitte, heilt oppe ved Rotevatnet. Me døypte huset Kristiania fordi bebuarane var meg og fire Oslo-folk. Grillfestar med volleyball på plenen, det var som i Mastercard-reklamen: Priceless!

Hver uke presenterer Norsk Journalistlags studentklubb i Volda et Twittervju med en tidligere Voldastudent.

Powered by Labrador CMS