Debatt:

«Ungdommen veit veldig godt at ulike avsendarar har ulike intensjonar. Og dei forstår at ulike plattform har gjort seg fortjent til ulike grad av tillit», skriv Joachim Laberg. Foto: Reuters / NTB scanpix

Fake news er old news

Vil gjere ungdom meir mediekritiske.

Publisert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Det er supert at Utdanningsdirektoratet og Medietilsynet vil gjere ungdom meir mediekritiske. Men dei må komme opp med nokre betre enn dette.

Journalisten.no kunne 6 september melde at «Medietilsynet, Faktisk.no og Utdanningsdirektoratet lanserer nytt læringsopplegg om kritisk medieforståelse for ungdomsskoleelever». Men det som kunne hatt potensiale til å bli eit nytt spennande og viktig opplegg ser dessverre ut til å vera lite anna tips vi har høyrt hundre gonger før.

For det fyrste vert kritisk medieforståelse definert som det å vera medviten om kven som sender bodskapa og kva som er avsendar sine motiv og intensjonar. Det er altfor smalt. For det andre forsøker det å løyse eit problem som ikkje så massivt som dosen i vaksina insinuerer. Ungdomen er alt flinke til å skilje fakta frå sludder.

Mediekunnskap

Ungdommen veit veldig godt at ulike avsendarar har ulike intensjonar. Og dei forstår at ulike plattform har gjort seg fortjent til ulike grad av tillit.

Det merkeleg er at dette veit Medietilsynet frå før. For deira eigen rapport viser at folk meiner dei er ganske flinke til å oppdage fake news, og at folk har ei ganske klar oppfatning om kva for plattformer som er truverdig, og kva for nokre som er mindre truverdig.

Mi eiga erfaring med 8 år som medielærar ved Nordahl Grieg vgs styrker også denne oppfattninga, og vi diskuterer emnet ofte. Ungdom kjenner igjen bullshit når dei tråkker i det, og dei trur ikkje det er sjokolade dei har fått under skoen.

Vi veit, vi veit

Altså, misforstå meg ikkje. Å ha fokus på kunne skilje fakta og fake er viktig. Vi kan alle bli betre på det, og Medietilsynet si forskning støtter også eit slikt fokus. For det er jo ikkje slik at ungdommen, eller alle oss andre for saks skuld, aldri let seg misleia. Og saka er viktig. Men folk veit kva fake news er. Folk veit at det finnes artiklar som er basert på rein løgn. Og det stort fokus på dette emnet i media . Sider som ung.no og dubestmmer.no har eigne fagartiklar om dette, og eit nytt lovforlsag om redaksjonell uavhengiheit har fake news-problemet som legitmerande argument. Heile skulesystemet er bygd på nettopp dette, for er det noko som funker for å vita kva som er sant og ikkje, så er det kunnsskap. Ja, røynda skrik det nærast til dykk folkens: «slapp av, temaet er på dagsorden, vi har radaren ute!»

Særleg Utdanningsdirektoratet bør vera i stand til å ha ei meir fagkritiske distanse til dette inn-emnet, og slik definera kritisk medieforståelse ein god del breiar. Kanskje som «evne til å reflektere rundt medien, deres form, innhold og brukere, medienes logikk og verkemiddel og begrensninger»?

Meir konkret bør det handla meir om å læra ungdom teoriar som gir ein breiare kompetanse i medielesning enn det fokuset på fake eller fakta gjer. Til dømes bør elevane læra om journalistiske tenkjemåte, som nyheitskriterier og medielogikkar. Dei bør lære om korleis politiske, økonomiske og teknologiske råmer set premissar for medieinnhald. Dei bør kjenna til normative debattar om offentlighet og ytringsfrihet, og om etikk og juss. Dei må lære om samspel mellom medier og mediebrukar, og ikkje minst om grensen for media si påverknadskraft - som ofte vert forenkla i debattsidene.

Viktigare spørsmål

Kva slags historier er det film, TV og nyhende er oppteken av å fortelja? Og kvifor er det slik? Kva slags stemmer er det som slepp til å media, og kva slags stemmer er det som vert utelatte? Kvifor skriv avisene mykje om det som går dårleg i verda og så lite om det som går bra? Kvifor er debattsidene så fulle av sinte stemmer, når vi veit at dei fleste saker har to sider? Kvifor meiner nokon at Instagram gir dei dårleg sjølvtillit medan andre ser på Instagram som positiv inspirasjon? Kvifor skal vi gidde å lese aviser? Kvifor skal vi gidde å betale lisens til NRK? Kvifor er fake news så mykje omtalt akkurat no?

Å få kjennskap til teoriar og omgrep som svarer på slike spørsmål vil gje langt større grunnlag kritiske medieforståelse enn å forsøke å avsløre folk sine uærlige intensjonar. God medieopplæring kan ikkje skje på medielogikken sine premissar, og vi som driv med medieopplæringa er forplikta til løfte blikket opp frå det som er aktuelt og hipt. Når store aktørar som Medietilsynet og Utdanningsdirektoratet står bak, vert dette kravet særleg viktig.

Nei, vi kan ikkje på ei og samme tid ha fokus på alt eg lister opp ovanfor, men vi kan i det minste starte med noko som ikkje alt er hyperdebattert.

Feil siktemål

No skal det understrekast at opplegget som Medietilsynet og gjengen har laga er godt handtverk. Ting er godt forklart. Døma som er brukte er relevante. Språket er fagleg, men tilgjengeleg Og ein får med svært mange relevante perspektiv med tanke på kva tematikken er. Min kritikk handler ikkje om handtverket. Den handler om siktemålet, og om det eg ser som for slapp refleksjon kring spørsmålet om kva kritisk medieforståelse er, og kva type kritiske medieforståelse ungdom treng.

Det er dessutan viktig å tenka langsiktig her. For dersom vi trener ungdom opp i kritisk medieforståelse av den breie sorten, som øver opp eit medvit om media sine logikkar, uttrykk og råmer, så vil denne innsikten også gjera det lettare å oppdage og avsløre falske nyhende. Men ein vil også kunne så mykje, mykje meir.

Powered by Labrador CMS