Debatt:

Reuters-reporter Brenda Goh tar en korona-test på gata i Wuhan i Kina.

Mangel på ytringsfridom i Kina trugar no liv i heile verda

Den beste medisinen Kina kan gi tilbake til resten av verda er innføring av full pressefridom, full akademisk fridom og full ytringsfridom for alle innbyggjarane sine.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Innlegget ble først publisert på Uniforum. Gjengitt med tillatelse.

Dersom det hadde vore full ytringsfridom og ei fri presse i Kina, kunne verda ha kome koronapandemien i forkjøpet. Det er konklusjonen til organisasjonen Reporterar utan grenser.

Den peikar på ein forskingsrapport frå University of Southampton om utbreiinga av koronaviruset Covid-19. Den viser at om dei ikkje-medisinske tiltaka som blei sette i verk i Kina 20. januar, hadde blitt sett i verk to veker tidlegare, kunne det ha redusert tala på smitta med 86 prosent i Kina og ha redda mange menneskeliv i heile verda. På den andre sida, om tiltaka hadde blitt sett i verk, eit par veker seinare, ville talet på døde og smitta ha vore sju gonger høgare.

Grunnen er at den kinesiske pressa ikkje er fri og derfor heller ikkje kan verna kjeldene sine.

Dei kinesiske legane oppdaga tidleg det som seinare viste seg å vera koronaviruset Covid-19, og dei prøvde å få ut informasjon om det. Dei blei arresterte og skulda for å spreia falske rykte. Dei kunne heller ikkje gå til pressa med den informasjonen den kinesiske staten og Det kinesiske kommunistpartiet ikkje ville at dei skal gå ut med. Grunnen er at den kinesiske pressa ikkje er fri og derfor heller ikkje kan verna kjeldene sine.

Då dei kinesiske styresmaktene etter kvart forandra haldning og bestemte seg for å få ut informasjon om kor smittefarleg og kor livsfarleg dette viruset var for eldre og personar med underliggjande sjukdomar, hadde dei allereie tapt to veker i krigen mot viruset. Då var det for seint for ein av legane som først kom ut med informasjon om koronaviruset. Han døydde av det etter å ha vore i nærkontakt med koronasmitta pasientar. For han var det for seint at dei stengde av heile provinsen Hubei og heile byen Wuhan, der koronaviruset truleg først oppstod på ein dyre- og fiskemarknad.

Det heiter at i ein krig er den første verdien som blir ofra, pressefridomen. I krigen mot koronaviruset i Kina, ville ei innføring av ytrings- og pressefridom ha hindra at koronaviruset hadde blitt eit så alvorleg trugsmål at det ville ha vore naudsynt å gå til krig mot det. Også undertrykkinga av akademisk fridom medverka til at naudsynt informasjon om viruset kom ut for seint.

Om det hadde vore ytringsfridom i Kina, kunne den kinesiske pressa allereie 18. oktober i fjor ha plukka opp funna i ei simulering om pandemi som Johns Hopkins senter for helsetryggleik i USA hadde laga saman med Verdas økonomiske forum og Bill og Melinda Gates-stiftinga. Forskarane viste at gjennom å simulera ein verdsomspennande pandemi, ville den i verste fall føra til 65 millionar døde i løpet av 18 månader, om den ikkje blei stansa. Simuleringa tok utgangspunkt i SARS-epidemien frå 2003, då 8000 personar blei smitta og 800 døde, i hovudsak i Kina.

Lærdomen av dette er at både ytringsfridom, akademisk fridom og pressefridom er tre sider av same sak.

Funna i rapporten frå forskingssenteret ved Johns Hopkins-universitetet blei aldri kjent i Kina, og grunnen til det er at både internett og pressa er sensurerte og må fylgja instruksjonane frå Kommunistpartiet. To månader seinare, 20. desember kunne styresmaktene i Wuhan ha informert pressa om at dei hadde 60 pasientar som hadde ein ukjent sjukdom som hadde mange likskapar med SARS. Fleire av dei hadde også vanka innom dyre- og fiskemarknaden i bydelen Huanan, ein marknad som seinare blei kjent som smittekjelda til koronaviruset. Om dei hadde gått til pressa, og fått ut informasjon til innbyggjarane sine om dette, kunne dei ha slutta å gå til den marknaden ti dagar før den offisielt blei stengt den 1. januar.

Den 25. desember oppdaga legen Liu Xiaohong, sjefen for gastroavdelinga ved bysjukehuset i Wuhan at viruset hadde smitta personalet og at det var sannsynleg at det smitta mellom menneske. Fem dagar seinare kom direktøren ved sentralsjukehuset i Wuhan, Ai Fen og fleire andre legar med ei åtvaring mot eit koronavirus som liknar på SARS. Åtte av dei, inkludert legen Li Wenliang som seinare døydde av viruset, blei kalla inn til politiet 3. januar skulda for å ha spreia falske rykte.

Heller ikkje denne saka blei formidla av kinesisk presse, så derfor kunne ikkje folket krevja at styresmaktene sette i verk tiltak for å avgrensa spreiing av viruset. Då kinesiske forskarar 5. januar klarte å sekvensera koronaviruset, altså finna ut korleis det er bygd opp, heldt også dei kinesiske styremaktene tilbake den informasjonen, og utan ei fri presse kunne heller ikkje media skriva om det.

Den 11. januar publiserte forskarane i Shanghai funnet sitt, men då straffa styresmaktene dei ved å stengja laboratoriet deira Det var den same dagen den første kinesiske pasienten døydde av koronasjukdomen. Slik gjekk også verdifull tid tapt i arbeidet med å utvikla ein vaksine mot koronaviruset.

Resultatet av undertrykkinga av modige legar og forskarar og ikkje-eksistensen av ei fri presse i Kina, er den koronakrisa heile verda opplever i dag.

Den 13. januar blei det rapportert om det første tilfellet av ein koronasmitta person utanfor Kina. Det var ein kinesisk turist på reise i Thailand. Om dei kinesiske styresmaktene hadde delt all kunnskapen dei hadde om koronaviruset og utbreiinga av epidemien før 13. januar, ville truleg det internasjonale samfunnet ha kunna analysert krisa og kunne ha sett i verk naudsynte forholdsreglar tidlegare og på den måten ha kunna hindra at epidemien spreidde seg utanfor Kina, og truleg også klart å hindra at den utvikla seg til ein verdsomspennande epidemi, altså pandemi. Samtidig hindra også dei kinesiske styresmaktene folk i å bruka ord på dei sosiale media som kunne assosierast med koronaviruset.

Lærdomen av dette er at både ytringsfridom, akademisk fridom og pressefridom er tre sider av same sak. Om ein del i dette triangelet sviktar, ramlar heile byggverket saman. I Kina fungerte ingen av dei tre delane. Dei heltemodige kinesiske legane og forskarane som vågde å koma ut med informasjonen, blei arresterte og trakasserte av dei kinesiske styresmaktene. Og dei hadde heller ikkje noka fri presse å gå til der dei kunne ha fortalt om det dei hadde oppdaga utan å bli sensurerte av styresmaktene.

Resultatet av undertrykkinga av modige legar og forskarar og ikkje-eksistensen av ei fri presse i Kina, er den koronakrisa heile verda opplever i dag. Mangel på ytringsfridom er derfor livsfarleg. Det er ein kur som heller ikkje politiske leiarar i land i Europa, som til dømes Victor Orbán i Ungarn eller Lov og rettferdspartiet i Polen, politikarar i Asia, Afrika eller Amerika skal føreskriva. Den vil skapa meir død og meir sjukdom, også i dei landa.

Den beste medisinen Kina kan gi tilbake til resten av verda er derfor innføring av full pressefridom, full akademisk fridom og full ytringsfridom for alle innbyggjarane sine. Det kan hindra framtidige verdsomspennande epidemiar og redda liv. Først då kan Kina bli eit land som andre kan ta lærdom av.

Powered by Labrador CMS