Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Annonse
Landslaget for lokalaviser har i kveld hedret sine medlemmer. Se hvem som fikk hvilke priser - og les juryenes begrunnelser.
Årets lokalavis: Kvinnheringen
Juryens begrunnelse:
Det er grunnleggjande god journalistikk som ligg i botnen hos Kvinnheringen, men avisa leikar seg på toppen. Avisa vel ut gode saker, har tydelege prioriteringar og er ikkje redde for å gje seg i kast med vanskelege og store tema. I ei tid der nokre skuldar lokalavisene for å lage tannlaus journalistikk, syner Kvinnheringen at det motsette er mogeleg.
Kvinnheringen skil seg også positivt ut visuelt. Avisa lagar nyhende med spanande og lekker grafisk formgjeving. Avisa er flink til å bruke malar som ein grunnmur, men er ikkje redde for å vere kreative og flytte seg vekk frå dei.
Avisa er betre på nett enn dei andre finalistane. Kvinnheringen veks digitalt, men også dei har litt å gå på for å nytte mogelegheitene på nettet. Samtidig har dei det siste året frigjort tid til å eksperimentere og mellom anna laga ein digital og lokal realityserie – som gav avisa 160 nye digitale abonnentar. Også på andre måtar har juryen lagt merke til at medarbeidarane i avisa drar lasset saman. Dei gjer også eit framifrå marknads- og salsarbeid. Kvinnheringen er flink til å byggje relasjonar i lokalmiljøet og avisa er gode både på lim og lupe.
Kvinnheringen er utvilsamt Årets lokalavis!
Annonse
Hederlig omtale: Dølen
Juryens begrunnelse:
Dølen er tett på lesarane sin kvardag. Vi møter mange menneske i avisspaltene, også unge, mellom anna i serien «Ung døl». Avisa har ei fin blanding av harde nyhende og sterke reportasjar – og Dølen er flinke til å bruke luft i presentasjonane, der også bileta kjem til sin rett.
Lokalavisa byr også på sterke historiar og viktige gravesaker. Redaktøren sjølv oppsummerer ein kritisk reportasje på ein god og presis måte i ein av leiarartiklane sine: «Dette er ikkje flisespikkeri, ikkje eit forsøk på å henge ut nokon, ei heller storm i eit vannglass. Dette handlar om å bidra til å bygge eit samfunn på tillit og redelighet.»
Sjølv om Dølen framleis har litt å gå på for å utnytte eigenskapane til nettet, har avisa ein imponerande digital vekst. Både på papir og nett får lokalavisa mykje ut av nøkterne ressursar.
Dølen fortener heiderleg omtale i Årets lokalavis-konkurransen til LLA.
Hederlig omtale: Strandbuen
Juryens begrunnelse:
Strandbuen set dagsorden i lokalsamfunnet og har eit tydeleg nyhendepreg. Avisa skil seg ut med veldig god og aktuell dekning av barn og unge, mellom anna har avisa hatt ei flott sak om nettvett og spel. Avisa prioriterer tydeleg foto, har mange notisar, stoppunkt og gjennomgåande god grafisk formgjeving. Strandbuen er rett og slett ei gjennomført og heilstøypt lokalavis. Også på nett er avisa god, men ho kan bli endå betre i åra som kjem.
Juryen er også kjent med avisa si svært gode marknads- og omdømmearbeid over tid.
På mange måtar er Strandbuen godt i siget og fortener heiderleg omtale i Årets lokalavis-konkurransen til LLA.
Juryen har bestått av Inger Boldvik, Drammens Tidende, Eivind Andrés Fjellstad, Institutt for journalistikk og Roger Aarli-Grøndalen, Journalisten.
Annonse
Årets digitale satsing: Gjesdalbuen
Juryens begrunnelse:
Årets vinner av LLAs digitalpris skiller seg ut positivt med sitt innovative blikk. Avisa er tett på lokalsamfunnet, tenker nytt om å nå yngre målgrupper, bruker TV-formatet til sin fordel – og evner å skape butikk av viktig og nær journalistikk.
Årets vinner har fokus på å investere for fremtiden og bidrar med kunnskap til andre medier i samme båt. Ved å ta i bruk live-formatet har avisa klart å skape innhold som det er verdt å betale for – som er avgjørende for å lykkes digitalt.
Hederlig omtale: Kvinnheringen
Juryens begrunnelse:
Avisa har gjennom fleire typar nytt innhald opplevd auke av den digitale omsetnaden og fått fleire betalande abonnentar. Video og livestream har vore sentrale element i avisas digitale satsing i 2018. Gjennom ein engasjerande videoserie på 24 episodar har avisa løfta fram menneske frå ulike stader i kommunen. Samtidig har innhaldsmarknadsføring, både på nett og papir, ført til ei berekraftig utvikling som kan bidra til å finansiere den viktige lokaljournalistikken i åra som kjem.
Hederlig omtale: Os & Fusaposten for prosjektet U18 Rein lidenskap
Juryens begrunnelse:
Avisa har gjennom ei av sine største digitale satsingar i 2018 valt å vende seg til, og løfte fram den lokale ungdommen – framtidas kundar. Gjennom TV-reportasjar med høg kvalitet på både produksjon, historieforteljing, visuelle element og lyd, har avisa skapt stort engasjement blant lesarane og stor trafikk til nettsida si. Med støtte frå Medietilsynet, samarbeid med dei lokale ungdomsskulane og annonsør, viser avisa at dei evnar å utnytte moglegheitene som finst til å løfte fram journalistikken.
Juryen har bestått av Erik Waatland, Medier24, Hanne Lund-Nilsen, Institutt for journalistikk og Mina Liavik Karlsen, Faktisk.no.
Journalistprisen: Line Nagell Ylvisåker, Svalbardposten
For avsløringene om arbeidsforholdene for guidene i Longyearbyen.
Juryens begrunnelse:
Vinneren av Journalistprisen 2018 har gjort et grundig og undersøkende arbeid innen et felt der det viste seg vanskelig å få folk til å snakke. Gjennom innsynsjobbing og intervju med kilder ble resultatet en rekke nyhetsartikler som skapte debatt og avdekket en ukultur og forhold som kan gå utover sikkerheten til arbeiderne.
Det kan være vanskelig å drive kritisk journalistikk i små lokalsamfunn og i små redaksjoner, men vinneren har gjort dette med utholdenhet.
Diskusjon om arbeids- og lønnsforhold for de ansatte, sosial dumping og andel utenlandske arbeidere er blant tema som er belyst. Arbeidstilsynet har utført tilsyn og arbeidere har organisert seg. Turisme er en stor og viktig næring for Norge i framtiden. Kritisk journalistikk på dette feltet er viktig, og arbeidet som her er gjort er et eksempel til etterfølgelse.
Hederlig omtale: Mona Grønningen, Håvard Røyrvik, Karen Anna Kleppe og Tomas Bruvik, Kvinnheringen
For «Trafikk og trafikkulukker i Kvinnherad».
Juryens begrunnelse:
«Det er alltid snakk om kven som er tøffast, best i å køyra eller kven som har den grommaste bilen. Vi likar å visa fram og testa bilane våre, og då er kappkøyring måten».
Ungdommen som snakkar har krasja fire–fem gonger. I 2017 var det 17 alvorlege bilulukker i Kvinnherad. Han som er intervjua kjende alle saman. Sidan 1999 har 14 personar mista livet i trafikkulukker i kommunen.
«Vi har ingen fleire å mista» skreiv Kvinnheringen på førstesida 2. februar i fjor, og lista opp alle 14. Redaksjonen ville ikkje lenger vere den som omtala alle ulukkene enkeltvis og så gjekk vidare til andre nyheitssaker. Dei ville bidra til førebyggjande arbeid.
Over 24 sider denne dagen fortel Kvinnheringen om opprivande bilulukker, om ungdom og råkøyring, om sorg og sakn – og om korleis ein kan få bukt med ulukkene. Vinklingane er skarpe, historiene er sterke. Vi i juryen kjenner på den same fortvilinga som dei som er intervjua; dei som sit igjen, dei som overlevde, dei som er skadde for livet, og dei som jobbar med dette kvar dag.
Eit mykje omtala tema, eit like fortvila problem.
I etterkant har politiet og kommunen inngått eit samarbeid for å unngå fleire ulukker. Ei gruppe køyrelærarar og jenter i alderen 16–18 år vann Hordaland fylkeskommunes trafikkpris for 2018 for ein trafikkampanje dei drog i gang.
Vi i denne juryen synest de fortener heiderleg omtale for måten de løyste samfunnsoppdraget på denne dagen.
Hederlig omtale: Caroline Utti, Hallingdølen
For måten de har dokumentert kampen mot skrantesjuke på villrein.
Juryens begrunnelse:
Caroline Utti og Hallingdølen fortener heiderleg omtale for måten dei har dokumentert kampen mot skrantesjuke på villrein, og tiltaka som blei sett inn, som gjorde at over 2000 villrein blei utrydda.
Avisa og journalisten har vore uthaldande og vist journalistisk spennvidde. Med nærgåande og grundige nyheitsartiklar har dei heldt tak i ei fortlaupande utvikling, tydeleg med eit mål om å vere nyheitsleiande i saka.
Med tette, nærgåande og visuelle reportasjar av fotografisk svært høg kvalitet har dei kome tett på menneske, natur og dyr, og slik bidrege til å skape forståing rundt vanskelege val, tilført nyansar i sakskomplekset og auka kunnskapen hos lesarane.
Redaksjonen har skapt og opna for debatt i spaltene sine rundt ei omstridd og omfattande sak – utan klare svar.
Ambisjonen om å dokumentere så grundig og omfattande over tid viser ei lokalavis som er medviten sitt samfunnsoppdrag.
Juryen har bestått av Kjersti Løken Stavrum, Stiftelsen Tinius, Bjørn Asle Nord, Bergens Tidende og Kristine Holmelid, Senter for undersøkende journalistikk.
Vinnaren av årets lokalavisfoto har tatt grep om ein tabubelagt problematikk. Dette er djervt av Stian som stiller opp, men også av avisa og av fotografen. Det er ein fotografisk stilsikker serie med ei gjennomgåande poetisk stemning. Den journalistiske tematikken kjem fram i bileta. Serien har uro og nerve. Det er varme i tilnærminga, bileta er med på å skape sympati.
Bileta er både veldig tett på den det handlar om og distansert gjennom tablå. Fotografen har tort å snu seg rundt og ta bilete der hovudpersonen ikkje er med. Det er tydeleg at fotografen har hatt ein visuell plan, og gjort ein innsats for å gjennomføra planen. I motsetnad til mange andre innsende seriar er han stramt redigert. Kul bruk av portrettet på framsida, med ein nydeleg tittel.
Hederlig omtale: Stine Strand Carlsen, Hordaland
For biletet av flommen på Evanger.
Juryens begrunnelse:
Det er ei viktig oppgåve for lokalaviser å dokumentera dramatiske hendingar i bygda. Det er dette eit veldig godt eksempel på. Du skal vera der, og du skal ta biletet. Dette er eit godt nyheitsbilete.
Hederlig omtale: Tone Sidsel Sanden, Dølen
For bildet av Selma.
Juryens begrunnelse:
Dette bildet er ren hverdagspoesi. Det er et intimt og åpent bilde som vekker en følelse som alle kan kjenne seg igjen i. Det er enkelt fotografert med en nerve. Vi liker den enkle og rene måten bildet er komponert på.
Å fotografere barn er en ganske takknemlig jobb. Det er alltid mye liv og spontanitet med barn. Det er likevel vanskelig å få et veldig godt bilde. Det har fotografen klart her. I dette bildet møter vi barnet som en hovedperson, ikke bare som en statist.
Juryen har bestått av Ellen Lande Gossner, Oslomet, Ingerid Jordal, frilansfotograf og Håvard Bjelland, Kirkens Nødhjelp.
Årets lokalavisside: Kvinnheringen
Juryens begrunnelse:
Denne avisforsiden har en unik tilnærming ved bruk av typografi. Dette, samt bruken av kontrastfarger, skaper et spennende blikkfang. Samtidig som at dette er en sak tydelig rettet mot lokalsamfunnet, og er et godt eksempel hvordan dette kan gjøres på en interessant måte.
Først valgte en fagjury bestående av studentene Silje Marie Murbræch, Cecilie Mæhre og Gerda Røren ved Universitetet i Sørøst-Norge fem finalebidrag. Deretter stemte landsmøtedeltagerne frem en vinner 30. mars 2019.
Hederspris: Ståle Melhus
Jurens begrunnelse:
Ståle Melhus kom som et friskt pust fra Ringerike til søre Bergen og Fanaposten som journalist i 1991. Han tok over som redaktør i avisa i 1998 og har hele tiden vist seg som en lokalavismann på øverste hylle.
Ståle deltar aktivt i avisproduksjonen og Fanaposten har høstet en rekke internasjonale priser for god avisdesign. Avisa får også priser for god og kreativ journalistikk.
Ståle var styreleder for Landslaget for lokalaviser i fem år, og var særlig i innspurten svært viktig for gjennomslaget for fritak fra digital moms.
Med sin lune væremåte, gode humør og store fagkunnskap skaper Ståle gode relasjoner rundt seg. Det er viktig både i avishverdagen og i pressepolitisk arbeid for LLA.
Ståle har vært med på å styrke lokalavisenes omdømme generelt og rammevilkårene spesielt. Ståle Melhus fortjener Landslaget for lokalavisers hederspris for 2019.
Hederspris: Hilde Eika Nesje
Juryen begrunnelse:
Hilde Eika Nesje tok over redaktørstolen i Bø blad i 2006. Alle veit og ser at Hilde likar god organisering, planlegging og at det som er avtalt blir gjennomført. Det blir det i Bø blad, og det løftar avisa.
Hilde har også vist fram strategiske og offensive eigenskapar; først ved å kjøpe naboavisa, og nå nyleg ved å utvide Bø blad sitt dekningsområde.
Hilde Eika Nesje har vore med i styret i Landslaget for lokalaviser i mange år, og har representert LLA i det viktige Mediemangfaldsutvalet. Her la Hilde ned eit stort og viktig arbeid for lokalavisene og medverka sterkt til at meldinga både i tekst og forslag framhevar lokalavisenes betyding. Med sitt grundige, iherdige og entusiastiske arbeid har Hilde ein stor del av æra for at utvalet foreslo auka støtte til lokalavisene.
Hilde Eika Nesje fortener Landslaget for lokalaviser sin heiderspris for 2019.
Juryen har bestått av Tomas Bruvik, styreleder i LLA og Rune Hetland, generalsekretær i LLA.
Markedsprisen: Saltenposten
Juryens begrunnelse:
Saltenposten har over flere år vist at godt og helhetlig arbeid gir resultater. Også i 2018 har lokalavisa fått mye ut av få ressurser. Saltenpostens markedsmedarbeidere lytter til kundene og planlegger året ut fra annonsørenes behov. Sammen med kundene arbeider avisa både langsiktig og strukturert, men også kreativt, på papir og nett, i egne kanaler og sosiale medier. Avisa har forstått at det er flest hverdager og at jevnt og solid arbeid gir svært hyggelig uttelling både for avisa og for kundene. Slik Saltenposten jobber, bør også andre lokalaviser bli inspirerte av.
Saltenposten fortjener lLLAs markedspris 2018.
Hederlig omtale: Fjuken
Juryens begrunnelse:
Fjuken sin nye «handle lokalt»-kampanje er tiltalande og moderne. Avisa dyrkar det lokale på ein kreativ måte – og Fjuken nyttar fleire plattformer og verkemiddel for å få folk til å handle i lokale butikkar: mellom anna papir, nett, eigenannonsar og innhaldsmarknadsføring.
Avisas «E handle lokalt»-aktivitetar har skapt engasjement og har gitt gode resultat.
Fjuken fortener heiderleg omtale i marknadspriskonkurransen til LLA i 2018.
Hederlig omtale: Steinkjer-Avisa
Juryens begrunnelse:
Steinkjer-Avisa, i samarbeid med Steinkjer næringsforum, står bak det tiltalende, moderne og lekre næringslivsmagasinet «Næring i Steinkjer». Med innholdsrike tekster og gode bilder i en fin innpakning kommer annonsørenes budskap frem på en engasjerende måte. Avisa dokumenterer også at den har fått hyggelige resultater gjennom næringsbilaget, men også takket være andre markedstiltak i løpet av året. Steinkjer-Avisa inngår flere årsavtaler, får med seg små og store annonsører, er kreativ, øker opplaget og har fin resultatutvikling.
Steinkjer-Avisa fortjener hederlig omtale i llas markedspriskonkurranse 2018.
Juryen har bestått av Anette Søvik Korslund, Red Media, Øyvind Bladt Hagen, Amedia og Jan Morten Drange, Anfo.
For ordens skyld: Ansvarlig redaktør i Journalisten, Roger Aarli-Grøndalen, satt i juryen som kåret Årets lokalavis.