Debatt:

Tips til god litteratur når ein som journalist hamnar i skvis mellom rolla som journalist og aktivist.

Tillit er ein journalist sin viktigaste valuta

Kan ein journalist ha både kaldt hovud og varmt hjarta? Samstundes?

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

  • Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning

Journalistar har ein privilegert posisjon i samfunnet. Viktige eigenskapar er å ikkje ha eit snev av autoritetsangst, eller å vera redd for å stilla spørsmål til kven som helst. Den eigenskapen er også avgjerande når ein ringer for menneske som ikkje har ei røyst i samfunnet vårt.

Eg har vore journalist i 36 år. Dei fyrste 25 åra styrte eg stort sett med heller ufarleg journalistikk; både for intervjuobjekta og meg sjølv. Eg risikerte lite, kalla meg allround-journalist ettersom eg ikkje hadde noko spesialfelt.

«Alt dette endra seg då eg trefte eit menneske som vekte engasjementet mitt; 'min' fyrste flyktning», skriv Oddrun Midtbø..

Målet var sjølvsagt alltid å skriva sanninga, vera så sakleg som mogeleg og sleppa alle partar til. Som eit mikrofonstativ. Ikkje ta stilling til noko. Eg slapp å bli mistenkt for å ha vikarierande motiv. Makeleg, men svært kjedeleg i det lange løp.

Alt dette endra seg då eg trefte eit menneske som vekte engasjementet mitt; «min» fyrste flyktning.

Møte med ei anna verd

Ho var på min eigen alder. Eg hadde sett ho vaska toalett og garderobar på campus Fosshaugane, der eg leigde eit lite cellekontor nokre år. Ho hadde fått avslag på at familien skulle få koma til Noreg. Min fyrste tanke var at familiar skal vera samla; at barn skal få veksa opp saman med foreldra sine – uansett bakgrunn. Eg oppdaga at i mi eiga vesle bygd levde folk liv eg hadde null peiling på.

For fyrste gong las eg eit dokument frå UDI. Avslaget hang ikkje på greip; var rett og slett uforståeleg. Klypp og lim, satt saman av norsk og engelsk tekst. Eg som har levd storparten av livet mitt i Noreg, eit par år i USA, og med språket som eit av dei viktigaste verktøya i yrkeslivet, forstod ikkje innhaldet.

Eg vart røska ut av illusjonen om at Noreg respekterte menneskerettar og behandla folk likt. Dette var i 2010 – før UDI og UNE vart kjende instansar for folk flest. Den gongen fekk ein snakka direkte med sakshandsamar, som var hjelpsam og som kunne fortelja meg at for å få informasjon i saka måtte eg bli fullmektig.

Eg tok dette initiativet som privatperson, presenterte meg som venn av familien, og ikkje som journalist. Det låg sterkt i meg at eg ikkje skulle bruka tittelen min til å brøyta veg, så lenge eg ikkje hadde journalisthatten på.

Fullmektig på dugnad

Det var fort gjort å registrera seg som fullmektig; og dermed var ei ny rolle komen inn i livet mitt; «fullmektig», og eg legg til «på dugnad». Dette er eit arbeid som ikkje er honorert.

Den gongen konkluderte eg raskt med at ettersom eg hadde engasjert meg personleg, kunne eg ikkje skriva om flyktningar. Punkt 2.2 i Ver Varsam-plakaten er klår og tydeleg:

«Redaktøren og den enkelte redaksjonelle medarbeider skal verne om sin uavhengighet, integritet og troverdighet. Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindinger som kan skape interessekonflikter eller føre til spekulasjoner om inhabilitet.»

Det fungerte greitt å halda seg til den regelen nokre år, men eg kjende meir og meir at informasjon eg fekk tilgang til er viktige historier som det norske folk må få vita om. Er det ikkje nettopp det journalistikk handlar om; å gje ei røyst til dei som er i sårbare situasjonar eller som er heilt usynlege i samfunnet vårt?

Vegen til lesarane går gjennom redaktøren

I løpet av desse vel ti åra har eg opparbeidd meg både store nettverk og stor tillit blant flyktningar i Noreg. Den tilliten har gitt meg innblikk i liva deira og tilgang på informasjon. Som journalist er eg mest av alt avhengig av at lesarane har tillit til meg, og for å nå fram til lesarane må eg gå gjennom redaktørane.

Er det, med mitt engasjement, i det heile teke mogeleg å jobba som journalist innafor desse samfunnsområda?

Etter møte med ein redaktør som meinte eg var død som journalist, gjorde det fantastisk godt å møta ein annan redaktør som sa: «Det er slike journalistar som deg eg vil ha. Journalistar som er engasjert og som vil noko med journalistikken.»

Det verste for meg, i møtet med den fyrste redaktøren, er at eg forstår kva han meiner. I den ideelle verda er ikkje journalistar i rollekonfliktar. Men verda er ikkje så enkel.

Journalist og aktivist

Tidlegare NRK-journalist Bjørn Nilsen deler tankar og erfaringar gjennom eit langt liv som journalist i boka «Journalist og aktivist», som kom ut i 2010.

«Tanken på at eg dermed tok et avgjørende skritt vekk frå den tradisjonelle nøytrale journalistrollen og over i den politiske aktivismen, bekymret meg ikkje. Jeg gjorde ikke annet enn å skape litt bedre likevekt mellom liten og stor, avmakt og overmakt.» (s.103)

«Ingen journalist har i utgangspunktet tillit og fortrolighet. Det er naturlig og skal være sånn. Tillit kan bare bygges opp over lang tid, som et resultat av gjensidig respekt.» (s.121)

Det etiske dilemmaet

Fleire vil setja eit aktivist-stempel på engasjementet mitt, medan eg står fast på at eg ikkje heilt kjenner meg att i den drakta. Men eg innser dilemmaet; alt kokar ned til kva lesarane måtte meina.

Mitt mål er at menneske som har hamna i Noreg skal få rettferdig behandling utifrå regelverket me alt har. Dersom regelverket går på tvers av internasjonale menneskerettar, er det politikarane som må på bana. Som journalistar er det vår jobb å peika på urett i samfunnet; uavhengig om det råkar norske statsborgarar eller andre som er i landet vårt.

Må eg velja mellom rolla som journalist eller nabokjerringa, som tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland etterlyste; dei som bryr seg om korleis andre i samfunnet har det? Skal journalistar vera så redde for å bli stempla som ein som bryr seg for mykje, slik at me blir handlingslamma på område der engasjementet er sterkt?

Engasjement førte til lovbrot

Eit for stort engasjement straffa seg for SVT-journalist Fredrik Önnevall og to SVT-kollegaer som vart dømde for menneskesmugling etter å ha hjelpt ein 15-åring frå Syria til Sverige.

Mitt ønskje er at det skal vera rom for journalistar som bruker både hovudet og hjarta - utan at lesarane mister tilliten til oss.

Norsk Pen arrangerte i juni 2019 ein konferanse med tittelen «Hva er viktigst? Journalist eller aktivist?» Om profesjonalitet og humanisme; der Önnevall blir intervjua og handlingane hans blir debattert av norske journalistar med lang erfaring innafor yrket; Sidsel Wold, NRK, Aslaug Henriksen, TV 2 og Harald Henden, VG. I løpet av dette halvanna time lange opptaket er det mange gode refleksjonar på spørsmåla som gneg meg.

Eit anna svensk journalistteam; Anna Roxvall og Johan Persson, har skrive reportasjeboka «Till varje pris» om konsekvensar av den europeiske migrasjonspolitikken i Afrika. Dei blir involvert i menneska dei møter, og deler dilemma og erfaringar med lesarane.

Kva meiner etikkredaktørane?

Er det, med mitt engasjement, i det heile teke mogeleg å jobba som journalist innafor desse samfunnsområda?

Eg har stilt meg til hoggs i ulike journalistiske arrangement, i paneldebatt med redaktør i Klassekampen, Mari Skurdal og etikkredaktør i NRK, Per Arne Kalbakk, og på nettmøte med generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening i regi av Norpublica.

Ikkje for å forsvara meg, men for å finna ut om det er mogeleg å kombinera det å vera profesjonell journalist og å vera aktiv deltakar innafor same samfunnsområde.

Kanskje eg dreg ut det eg eigentleg vil høyra, men eg meiner konklusjonen var: Det er ikkje ein ønskeleg eller enkel situasjon å hamna i, men dei opplagte grepa for å kunne balansera rollene er å vera open om eventuelle rollekonfliktar og transparens på arbeidsmetodane. At alle påstandar skal så langt mogeleg dokumenterast, er elementært i all journalistikk.

Eg klarer ikkje å dy meg frå å dela eit lite utdrag frå ein artikkel frå 2013; «Nøytral journalistikk og andre livsløgner» av journalist og kommentator Sven Egil Omdal, i Stavanger Aftenblad:

«Alle aktivister er ikke journalister, men alle virkelige journalister er aktivister. Det er bare et spørsmål om å være ærlig eller uærlig

Sitatet har han frå journalist Glenn Greenwald i eit intervju med New York Times.

Journalistisk fellesskap

Ein stor del av løysinga på den etiske floken eg har surra meg inn i, fann eg i det journalistiske fellesskapet Norpublica. Det kjennest trygt og rett å vera ein del av eit fagleg fellesskap der me kan samarbeida om ulike journalistiske prosjekt. Prosjekt som er for store for ein frilansjournalist åleine. Og i tilfelle der bindingane er for tette, kan eg gå over i rolla som kjelde, der andre journalistar får jobba vidare med råmaterialet eg leverer.

På den måten slepp eg å bli ein trykk-kokar der viktige samfunnskritiske historier samlar seg opp. Mitt ønskje er at det skal vera rom for journalistar som bruker både hovudet og hjarta - utan at lesarane mister tilliten til oss.

Er løysinga så enkel, og så vanskeleg; som full openheit om rollekonfliktar og arbeidsmetodar?

Media og kjeldene

Sven Egil Omdal har jobba med journalistikk gjennom heile livet. I 2019 oppnemnde Norsk Presseforbund han til leiar for Kildeutvalet, som skulle undersøkja media sitt forhold til kjelder. Utvalet vart oppretta etter Bar Vulkan-hendinga. Arbeidet til utvalet resulterte i rapporten «Sa hun virkelig det?

Hovudkonklusjonen etter omfattande intervjurunde, var at det i praksis ikkje finst noko bransjestandard for dialogen med kjeldene. Presseetikken er langt på veg blitt individualisert. Ikkje berre varierer den frå redaksjon til redaksjon, men også mellom journalistar i same avis.

Interessant. Kva meiner han om mitt dilemma, tru? Eg har full tillit til han. Eg ringer han. Han lyttar til dilemmaet og svarar:

– Akkurat når det gjeld journalistar i rollekonfliktar opplever eg at media, spesielt lokalaviser, har problemstillinga framme i pannebrasken. Mykje fordi journalistar i små lokalsamfunn ofte må diskutera korleis unngå å hamna i dobbeltroller. I ditt tilfelle kan du løysa det ved å vera skribent. Det er meir problematisk å kombinera med journalistrolla, men openheit om bindingar og rollekonfliktar er gode grep. Eit anna alternativ er å gå over i rolla som kjelde for andre journalistar.

Eg er i ein prosess. Det viktigaste er ikkje å sjå mi eiga byline, men at viktige saker når fram til folket. Er løysinga så enkel at eg kallar meg skribent når eg hamnar i rolledilemma?

– Snakk med folk om etikk!

Det passar å avslutta med dette sitatet frå kronikken til Eva Sannum, tidlegare medlem av Pressens Faglige Utvalg, no kommunikasjonsrådgjevar i eige firma og deltakar i podkasten «Tut & Mediekjør», der målet er å få presseetikken ut til folket:

«Jeg tror på større åpenhet i debatten. Samtaler om egne metoder, dilemmaer og etiske problemstillinger skaper tillit. Tydeligere kjøreregler skaper mindre usikkerhet. Ta spaltene i bruk. Bruk et språk folk forstår. Snakk med folk om etikk!»

Tips til god litteratur når ein som journalist hamnar i skvis:

  • «Journalist og aktivist» av Bjørn Nilsen, Communicatio Forlag AS 2010.

Boka er eit forsvar for den engasjerte og samfunnskritiske journalistikken. Nilsen har vore med frå starten av Dagsrevyen i NRK i 1964. Han gir nyttige innblikk i journalistiske prosessar og miljø, og fortel ope om korleis han som politisk radikal reporter kryssa grensa til politiske aktivisme fordi journalistikken skulle påverke endringar i samfunnet.

  • «Den nye litterære bølgen» av Jo Bech-Karlsen, Cappelen Damm Akademisk 2014.

Boka tek føre seg 10 ulike sakprosabøker innafor dokumentarlitteratur. Subjektivitet og saklegheit kjenneteiknar denne sjangeren, som opnar opp for ny skrivekunst. Bech-Karlsen skriv om forfattaren som inngår ein lesarkontrakt om at bøkene er litteratur frå røynda; og deler ope arbeidsmetodar og om det som er usikkert.

  • «Till varje pris» av Anna Roxvall og Johan Persson, Myteri Forlag, 2021.

Gjennom denne reportasjeboka følgjer det svenske journalistteamet flyktningstraumen opp gjennom det afrikanske kontinentet til Europa. Dei skriv om konsekvensar av migrasjonspolitikken Europa fører i Afrika. Dei snakkar med flyktningar, grensevakter, krigsherrar, politikarar og EU-byråkratar. Og dei deler dilemma dei møter på når dei blir for involvert og situasjonen utfordrar journalistrolla.

Powered by Labrador CMS