MORGENRUTINEN:

– Det er nesten alltid i oppfølgingsspørsmåla dei beste svara kjem, seier nyheitsredaktør Astrid Dalehaug Norheim i avisa Dagen.

– Det er jo typisk at vi ikkje skriv om dei rare tinga vi opplever, seier Dagen-redaktøren. Så fortel ho om da ho bestilte appelsinjuice i baren i Moskva

Astrid Dalehaug Norheim trur på oppfølgingsspørsmål.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

I spalta Morgenrutinen stiller Journalisten dei same spørsmåla til ei rekke personar som er tett på mediebransjen.

Astrid Dalehaug Norheim er nyheitsredaktør i Dagen.

Her kan du lese flere Morgenrutinen.

Kaffi eller te?

Kaffi når eg kjem på jobb om morgonen. Te på kvelden.

Kva har du på nattbordet?

– Ein haug med bøker med alt frå Hillary Clinton, Geir Lippestad til avgått biskop Per Arne Dahl. Og ein engelsk roman. Nokre av bøkene har eg lest ferdig og har tenkt å lese igjen. Andre kjem eg aldri heilt i gong med.

– Når om morgonen startar hovudet å tenkja jobb, og kva medium må du innom?

– På veg til badet om morgonen. Då stoppar eg ved mobilen som ligg til lading, ser alle pushvarsla og sjekkar NTB og Bergens Tidende. Og Google-varsla på mailen. Så tenkjer eg saker og vinklingar medan eg går tur med hunden. På bybana lytter eg til Politisk kvarter viss eg ikkje treff folk eg snakkar med.

– Kva slags overskrift skulle du ynska du såg på trykk i dag?

– Urealistisk, men det er lov å drøyme: «Slutt på forfølging av religiøse minoritetar».

– Kor leitar du etter gode saker?

Eg er glad i å prate med folk, og det gjev meg ofte idear som eg spinn vidare på slik at det blir saker. I helga møtte eg til dømes ein 17-åring som fortalte at ho i 10. klasse vart oppringt av vidaregåande skular som ville ha henne som elev. Det gjorde meg veldig nysgjerrig på konkurransen om elevar. Så følgjer eg med på Facebook og Instagram, og litt på Twitter, og ser etter gode historiar og debattar. I tillegg les eg andre aviser, kristne blad, og sjølvsagt snakkar eg med kjelder.

– Om du kunne velja kven som helst, kven har du mest lyst til å intervjua andlet til andlet, og kvifor?

Rachana Sunar som bur i eit vanskeleg tilgjengeleg område langt vest i Nepal. 25-åringen slapp unna barneekteskap med ein kvit løgn og har via livet sitt til å hindre jenter å bli gifta vekk når dei er i begynnelsen av tenåra. Ho var eitt år i Noreg og vart intervjua av ein kollega av meg. I ettertid har eg hatt litt kontakt med henne på chat, men drøymer om å reise for å møte henne for å sjå korleis det går med henne.

– Kva er den viktigaste eigenskapen din som journalist, og korleis brukar du den?

– Eg er genuint nysgjerrig og trur eg klarer å vere til stades i intervjuet og stille oppfølgingsspørsmål. Det er nesten alltid i oppfølgingsspørsmåla dei beste svara kjem. Som nyhetsredaktør trur eg at eg stort sett å vere både med i kreative prosessar og samtidig sørge for framdrift.

– Kva er det kjekkaste eller raraste du har opplevd i jobben?

Det er jo typisk at vi ikkje skriv om dei rare tinga vi opplever. Eg var i FN i New York, og på veg inn i ei filmvising hamna eg ved ein feil i en korridor med tolkeboksar. Døra bak meg gjekk i smekklås. Så der stod eg ei mørk kveld, åleine og innelåst i FN. Heldigvis sat den norske delegasjonen i forhandlingar og eg hadde mobil.

For mange år sidan var eg på reportasjereise i Moskva og bestilte appelsinjuice i baren på hotellet. Avhaldsmenneske som eg er, visste eg ikkje korleis appelsinjuice med vodka smaker. Så eg drakk heile glaset. Og snubla i teppet då eg skulle reise meg.

– Kva journalistisk arbeid inspirerte deg sist, og kvifor?

– Vi hadde ein sterk historie på Holocaustdagen om den norske jøden Leo Eitinger som overlevde Auschwitz fordi han kunne gjere nytte for seg som lege. Han kom tilbake til Noreg, spesialiserte seg som psykiater og vart ein føregangperson innan traumebehandling. Snakk om å kunne snu det grusomme til noko godt for andre.

Aftenposten Innsikt hadde ein fascinerande artikkel om at ekspertar på internasjonale forhold leverte feilanalyse etter feilanalyse. Dei som derimot leverte dei beste analysane, var dei som såg breitt og kunne mykje forskjellige ting og ikkje var så spesialiserte. Ei påminning om alltid å løfte blikket og leite etter utradisjonelle løysingar.

– Kva irriterer deg aller mest med norske media?

– Vi er framleis litt for lite lyttande og må ta inn over oss at vi må jobbe for å fortene tilliten. Dessutan er religion og tru ei blindsone. Trua betyr så mykje for mange, men det blir lite reflektert i journalistikken. Det er mykje makt og pengar i religion, og det treng kritisk journalistikk. Men tru har også potensiale til å endre liv og samfunn, og vi må også fortelje dei gode historiane. Eg opplever ikkje at det er motvilje mot tru og religion, men redaksjonane manglar kompetanse og teamet har ikkje høg status.

– Kva er den største utfordringa akkurat no, for mediebransjen generelt og der du jobbar?

At fake news et seg inn i mediekvardagen vår. Vi i redaktørstyrte media må finne ein måte å vere i dialog og opne på som er eigna til å skape tillit. Så må vi finne ein finansieringsmodell som gjer at vi har råd til å halde på dyktige og kunnskapsrike journalistar.

– Kva bilete eller video fekk deg sist til å stogga opp?

Bildet av juristen i Bergen som omfavnar den ukjente halvbroren sin frå Bolivia – ei sterk sak som gjekk i fleire medier.

– Kva er det lengste du har klart å vera utan mobilen?

– Vi har vore på campingferie i Italia eit par år, og tidlegare var det så dyrt med mobildata at eg i praksis var to veker utan mobil. Eg la han i safen og sjekka om eg hadde fått meldingar på kvelden. Det hadde eg stort sett ikkje.

– I mars skal eg på tre dagars stille retreat på eit slott i Sverige. Det er ikkje lov å snakke eller følgje med på mobilen på tre dagar. Det blir garantert hardt - og sikkert godt.

– Når loggar du av for kvelden?

– Alt for seint. Må jo berre sjekke om det har skjedd noko viktig på NTB eller VG rett før leggetid. Og så nett innom Facebook. Og kanskje Twitter. Så dukkar pushvarsel frå New York Times opp. Og så svingar eg innom Instagram før eg slår av mobilen.

Powered by Labrador CMS