Blog:

Nei, det er ikkje ein Facebookrevolusjon

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Det tristaste eg har lest om storhendingane i Tunisia, Egypt og Libya er nyordet ”Facebookrevolusjon”.

Tanken bak ordet er at Facebook var så viktig for koordineringa av møte og protesthandlingar på Tarhirplassen i Kairo, at det forandra verkelegheita i Egypt. Facebookrevolusjonen har blitt proklamert i mange norske medier, og blitt grundig analysert i New York Times og andre internasjonale medier.

Eg har nesten mista nattesøvnen over denne æresfordelinga dei siste vekene, for den er så urettferdig mot vanlege egyptarar sin mektige politiske gjennomslagskraft i sitt eige land. Her har det oppstått ei alvorleg misforståing av forholdet mellom medieteknologiar og den politiske verkelegheita.

Bergens Tidende toppar den deterministiske Egyptanalysen med tittelen ”Facebook forandret  verden” den 29. februar. Språkforskar Linda Kjosaas vert intervjua av journalist Tonje Aursland, og intervjuobjektet meiner at Facebook var heilt avgjerande for organiseringa av demonstrasjonane, og vart ein viktig møtestad for humanistar og motstandsfolk. Særleg Facebook-gruppa ”Vi er alle Khaled Said” hadde stor mobiliseringseffekt, og har no over ein million medlemmer. Ifølge Kjosaas var Facebook ”en viktig møteplass for aktivistene og en forutsetning for at revolusjonen fant sted”.

Analysen føreset at egyptarane er tafatte politiske aktørar, som får energi gjennom importerte teknologiske muligheitar som dukkar opp som ei historisk tilfeldigheit, og som  plutseleg gjev egyptaren kraft til å tvinga sin vilje gjennom. Endeleg kan folk skapa pressgrupper på Facebook, etter hundrevis og tusenvis av år utan denne muligheita. Det triste er at i vår livsfjerne teknologikvardag er det heilt naturleg å gje Mark Zuckerberg æra for at det vart revolusjonære tilstandar i Afrika. Me er så trygge på godheita i våre vestlege, kapitalistiske kommunikasjonsteknologiar at me lett kan tru at dei no sveipar gjennom den muslimske verda og skapar ei euforisk forbedring av samfunna deira. Facebook tener meir pengar enn nokonsinne og egyptarane får sin revolusjon. Hurra!

Men i denne analysen ligg det ei alvorleg undervurdering av det politiske dyret som eit menneske er. Ei sindigare analyse av hendingane i Egypt kan interessant nok finnast i den allereie siterte utgåva av Bergens Tidende frå 29. februar. Under seksjonen ”Utland” skriv journalist Rikke Andersen i danske Politiken ein syndikert artikkel med tittelen ”Vi fant krefter i oss selv vi ikke visste vi hadde” (fann ikkje nettversjon). Dette er eit intervju med Ahmed Al Hindawi, som er ungdomsrådgivar for Den arabiske liga. Ifølge han er problemet at regimet består av eldre menn som ikkje tek den store andelen av unge menneske med i beslutningsprosessane. Unge menneske kan lett få seg utdanning, men det er ikkje lett å få arbeid etterpå, og særleg ikkje arbeid med anstendig lønn og håp om eit middelklasseliv. På grunn av stigande prisar på ris, korn og drivstoff har den øknomiske kvardagen blitt endå hardare dei siste åra. Egyptarar flest er fattigare enn på mange tiår, og lever under nedverdigande vilkår målt etter sitt eige lands normal.

Den djupaste grunnen til revolusjonstilstandane i Egypt er politisk vilje. Dette er velkjent frå den franske revolusjonen og hundrevis av folkelege opprør gjennom tidene. Den egyptiske viljen vert vakkert formulert av Ahmed Al Hindawi: ”Våre foreldres generasjon trodde at man blindt skulle følge autoriteter og ideologier, enten det nå var religion, kommunisme, panarabisme, etc. Men vi har ingen ideologi og ingen ledere. Vi har verdier og prinsipper. Vi er også mer kritiske enn våre foreldre. Vi vet at vi ikke skal tro alt som makthaverne sier”. Her boblar det av tidlegare undertrykt generasjonskonflikt, nesten som i Vest-Tyskland på 1960-talet, då foreldrenes unnlatenheitssynder begynte å gå opp for dei etterkvart voksne barna.

På same dag hadde altså Bergens Tidende to heilt forskjellige forklaringar på revolusjonen i Egypt, med titlane ”Facebook forandret  verden”  og ”Vi fant krefter i oss selv vi ikke visste vi hadde”. Den fyrste forklarte hendingane med at Facebook gjorde revolusjonen mogeleg, og den andre med at krefter i dei unge egyptiske demonstrantane gjorde den mogeleg. Den fyrste forklaringa er teknologideterministisk og den andre er sosialkonstruktivistisk. Eg tvilar på at politisk redaktør Sjur Holsen og kulturredaktør Hilde Sandvik har tenkt noko særleg på forskjellen. Det er jo heller ikkje vanleg at avisene formulerer ein konsistent teknologiteori i sine formålsplakatar.

Sjølv om telefoni, fjernsyn, radio og internett bidrog til å styrka samhaldet og auka den samla krafta i det egyptiske revolusjonsforsøket, og sjølv om sosiale som Facebook, Twitter,  og YouTube var spesielt verksame, så ville dei vore tomme elektroniske hylster utan den risikoen som menneska tok ved sine handlingar. Eit medium kan bidra til nye former for samkøyring av handlingsvilje, men energien må koma frå menneska. I Nord-Afrika kom revolusjonen frå ei djup felles misnøye med kvardagslivet som til slutt vart samkøyrt til ein mektig protest.

Powered by Labrador CMS