Det bør lyse ei varsellampe når rikskringkastinga vel å satse på silikon i samfunnsoppdraget, skriv Julie Killingberg.

DEBATT:

Eit desperat forsøk frå NRK

Det er skilnad på å hente inspirasjon frå reklameverda og å late kommersielle krefter få styre heile showet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

  • Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.

Det har mange gonger vore sagt at me lever i eit informasjonssamfunn der det kan vere vanskeleg å orientere seg. Når me skrollar på telefonen finst der ikkje noko felles filter. Det meste av informasjon verte tilpassa den enkelte.

Spørsmålet er korleis verda blir om folket berre får høyre det dei ynskjer. Det verte tala mykje om lukka rom og det mørke nettet i den samanheng, men eg trur det er mykje anna som og er verdt å uroe seg for.

Eg trur rett sagt at samfunnet missar noko når alt er tilgjengeleg heile tida. Eg trur me har godt av å oppleve meir saman – ikkje berre saman heller, men og samstundes.

Når dei tidsmessige haldepunkta forsvinn, so gjer det noko med fokuset vårt. Det blir ikkje like viktig å få med seg Dagsrevyen om ein utan omsyn kan sjå han i reprise. Om ein ikkje høyrer frå vener eller kjente at det har skjedd noko spesielt som er verdt å få med seg, blir det kanskje ikkje til at ein ser dei nyheitssendingane i det heile. Slik kan det vere med det meste som er å sjå på skjermane.

Med overflod av informasjon og underhaldning er det naturleg at folket spreiar seg i ulike retningar – men om me alle vel ut ifrå eigne preferansar, missar me samstundes eit fellesskap når det gjeld referansar. Som eit døme vil eg nemne eit ordtak eg hugsar godt ifrå barndomen. I tida før jul gjekk folk rundt og sa «bob, bob, bob, ikke sant?» – og alle var med!

Fru Blom heng framleis att i språket sjølv om mange ikkje veit kor ho kjem ifrå eller kven ho var. Nye generasjonar vil kanskje seie at eg ikkje må kome her og kome her med slike utspel. Men veit dei kor uttrykket kjem ifrå?

Kanskje er dei redde for å misse mangfaldet i kulturuttrykka med slike avgrensingar som var før i tida – men kanskje er det og noko dei ikkje skjønar at dei missar. Kanskje skjønar dei ikkje at det er kjekt å ha – ikkje berre kunnskap om ein av landets største visesongarar, men og eit referansefellesskap som samlar nasjonen. Eg trur for eksempel ikkje songen «Frk. Bibelstripp» har vore like populær då den kom om ikkje folket hadde hatt ei felles forståing for kva Øystein Sunde harselerte med.

Etter dei sosiale media og rosabloggarane gjorde sitt inntog, har pressa vore nøydd å konkurrere om merksemda på ein ny måte.

Me som hugsar korleis livet var før Facebook kan tale om utbreiinga av eit internettverk, og om referansefellesskapet som forsvann. Etter dei sosiale media og rosabloggarane gjorde sitt inntog, har pressa vore nøydd å konkurrere om merksemda på ein ny måte. Såleis er det interessant å sjå utviklinga i eit historisk perspektiv, og peike på kva tendensar som gjer det utfordrande å drive rikskringkasting i ei ny tid.

NRK slit med å lokke til seg ungdommen, og gjer eit desperat forsøk ved å late kultfigurar frå reklameindustrien – slike som Sophie Elise Isachsen få leike seg i journalistrolla. Om NRK allereie står fram som eit søkkande skip i møte med nye generasjonar, hjelp det ikkje å setje folk ved roret som korkje har erfaring eller fagleg kompetanse.

Det kan vere ein god idé å sleppe til yngre krefter som kan bidra med å formidle nyhende til ungdomar på ein meir treffande måte. Det er verdt å satse på formidling, men ein må ikkje gløyme innhaldet. Å late ein og annan som er god på salstriks få ein finger med i spelet er ikkje dumt, men det er viktig at dei ikkje tek heile handa. Det er skilnad på å hente inspirasjon frå reklameverda og å late kommersielle krefter få styre heile showet. Me må ikkje late bukken få passe havresekken.

«Dumskap dreier seg ofte om å vere klok på feil stad» er det noko som heiter. Det minner meg om ei frase som vart nemnt på ein revy eg var med på for nokre år sidan: «Eg veit ikkje heilt kor skåpet skal stå, men eg er god på entreprenørskap». Det same kunne vore sagt i ein parodi på NRK etter at dei valde å levere Isachsen for fulle muggar.

Den unge forretningskvinna må sjølvklårt få styre seg sjølv. Kor som er, kjem ein ikkje bort ifrå at ho promoterer usunne kroppsideal samstundes som ho fungerer som eit førebilete for unge jenter. Å drive slik forretningsverksemd retta mot eit ungt og sårbart publikum er problematisk.

Ein ting er at Isachsen sjølv opererer i eit grenseland mellom reklameverksemd og journalistikk gjennom eigne kanalar. Noko anna er at NRK – ikkje berre let ho få kome til ordet i samfunnsdebatten, men ogso betalar for å få vise reklamen hennar.

Hadde dei statsfinansierte journalistane hatt litt ballar, hadde dei heller stilt slik verksemd i eit kritisk lys. Det bør lyse ei varsellampe tenkjer eg, når rikskringkastinga vel å satse på silikon i samfunnsoppdraget.

Powered by Labrador CMS