Vigdis Kroken er journalist i Fjuken, lokalavisa i Ottadalen i Oppland. Foto: Privat

MORGENRUTINEN:
«Folketalsauke i Lom, Skjåk og Vågå» er overskrifta Vigdis Kroken aller helst vil sjå på trykk

Fjuken-journalisten er óg oppteken av tilliten til media.

Publisert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

I spalten Morgenrutinen stiller Journalisten dei same spørsmåla til ei rekke personar som er tett på mediebransjen.

Vigdis Kroken er journalist i Fjuken.

Her kan du lese flere Morgenrutinen.

– Kaffe eller te?

– Definitivt kaffe.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobiltelefonen, til bruk som vekkjarklokke – og ei bok eg aldri blir ferdig med å lesa.

– Kva media må du innom før morgonmøtet?

– Vi har ikkje faste morgonmøte, men vi startar som regel arbeidsdagen med ein kaffekopp eller to. Da pratar vi om laust og fast, og gjerne om kva planar vi har for dagen. Før eg kjem på arbeid, har eg som regel vore innom ulike nettaviser: VG, Dagbladet, Aftenposten, NRK og GD. Og, sjølvsagt: Facebook. Overraskande ofte får ein vite viktig «nytt» i sosiale medium.

– Kva overskrift skulle du ynskje du såg på trykk i dag?

– «Folketalsauke i Lom, Skjåk og Vågå».

– Kvar leitar du etter gode saker?

– Fyrst og fremst ute blant folk, men óg i kommunale og regionale postjournalar.

– Om du kunne velja kven som helst: Kven har du mest lyst til å intervjue ansikt til ansikt og kvifor?

– Vanskeleg spørsmål, men eg svarar Elvis Presley.

– Kva spørsmål er det viktigaste for ein journalist?

– Kvifor.

– Kva er ditt viktigaste verktøy i jobben?

– Mobiltelefonen og Mac-en.

– Når sist såg du journalistikk som inspirerte deg og kva var det?

– Eg blir både glad og inspirert av å lesa gode portrettintervju med interessante menneske.

– Kva irriterer deg aller mest med norske medium?

– Nesten alt av det som blir kalla kjendisstoff, om «kjendisar» eg ein gong ikkje har høyrt om. Det kan vera bloggarar som får store oppslag i landsdekkjande aviser fordi den eine puppen er større enn den andre, fordi dei skal vera med i eitt eller anna tv-program – eller nesten kva som helst.

– Da tenkjer eg: «Skjer det ingenting i verda, som er meir spennande og viktig enn dette?». For det gjer det jo. Elles kan eg bli irritert av faktafeil og skrivefeil.

– Kva blir viktig for utføringa av journalistyrket framover?

– At vi har integritet, er seriøse og ordentlege.

– Kva er mediabransjens største utfordring akkurat nå?

– Tilliten. Mange trur ulike medium berre «finn på» nyheiter. Det blir ikkje betre av at Donald Trump (og andre) ofte ropar «Fake news». Ein ser det i norske kommentarfelt òg. Det er ganske mange som ikkje trur på det dei leser i avisene, høyrer på radio eller ser i nyheitssendingar på fjernsyn.

–Vidare tykkjer eg det er ei stor utfordring at alt skal skje så raskt og at folk er så utålmodige. Det er raske nyheiter, mange klikk, folk brukar berre få sekund på å «raske med seg» det som skjer, har eg inntrykk av. Det er journalistikken prega av òg, tykkjer eg. Alt skal gå så fort, og da blir gjerne resultatet deretter.

– Kva bilde/video fekk deg sist til å stoppe opp?

– Eg hugsar ikkje kvar eg såg det, men det var eit bilde av ei badestrand som var stappfull med plast og søppel. Verda går til helv***, tenkte eg da.

– Kva er det lengste du har greidd å vera utan mobilen?

– Eg har alltid med meg mobilen, til og med når eg har fri eller ferie.

– Når loggar du av for kvelden?

– Det varierer, men (som regel) før midnatt.

Powered by Labrador CMS