Journalist Elisabeth Berg Hass og journalist og fotograf Jonn Karl Sætre i Kvinnheringen kunne juble mest da Haugesund Journalistlag delte ut priser i helgen.
Foto: Mona Grønningen /Kvinnheringen
Kvinnheringen slo til igjen
Stakk av med Haugesund Journalistlag sine hovudprisar for 2015, både innan journalistikk og foto.
Ikkje berre er avisa kåra til den beste lokalavisa i Europa i 2015. Kvinnheringen gjekk til topps også lokalt, skriv Haugesunds Journalistlag i ei pressemelding. Under lokallaget sin Vinterkonferanse vann Kvinnheringen dei to gjevaste prisane: Årets Journalistpris og Årets Foto.
Kvinnheringens journalist Elisabeth Berg Hass fekk 1.-plass i journalistpriskategorien, for sakene om ME-sjuke Eirik Aksnes og mora Anne Kari Rørheim sin kamp for sonen.og sikrar seg dermed 3.000 kroner. Prisen er totalt på 5.000 kroner, og i år har juryen valt å dela ut éin 1.-plass og to 2.-plassar á 1.000 kroner.
Journalistprisjuryen består i år av Ellen Marie Hagevik, Kari Åkra og Thomas Førde.
Dette skriv juryen om vinnaren:
“Prisvinnaren får fram fakta kring ein myteomspunnen sjukdom og avslørar at samfunnet korkje gjennom medisinsk ekspertise eller gjennom sosial omsorg kan tilby god nok hjelp. Samtidig viser lokalavisa sin sterke posisjon i samfunnet ved å invitera makta inn og få til ei endring til beste for dei svake. Dette peikar samtidig framover til beste for fleire som kan koma i liknande situasjon.
Saka er presentert i avisa i fleire artiklar gjennom nær eitt år. Redaksjonen har såleis vist tolmod og vore uthaldande. Presentasjonen er fin grafisk med gode faktaelement ved sida av tekst som gir nærleik og personleg engasjement. Når det heile blir toppa med eit særs talande foto av den sengeliggjande pasienten som lever og lir i stummande mørke, blir dette årets vinnar.”
Ei varm potet
2. plass journalistprisen 2015 reportasje:
Anders Totland i Sunnhordland for reportasjen «Slaget om ekteskapet»
Juryen skriv:
“Debatten kring likekjønna ekteskap i kyrkja er ei varm potet, og når ein drar dette ned på lokalt nivå, blir det gloheitt. Som resultat av eit framifrå kjeldearbeid, synleggjer reportasjen det store skismaet i kyrkjelege miljø. Både utval og breidda av kjelder illustrerer dei sterke motpolane og eit nølande mellomsjikt som enno ikkje vågar å ta standpunkt i ei sak som rokkar ved noko heilt elementert i kyrkja.
Journalisten har arbeidd grundig og målretta, då fleire av kjeldene i utgangspunktet ikkje ville uttala seg. Lesaren får innblikk i korleis likekjønna par møter ei stengt kyrkje. Samstundes synleggjer saka ei kyrkje i tvil, med sterk intern usemje kring grunnleggjande prinsipp om korleis kyrkja skal møta mange av sine medlemmer.”
2. plass journalistprisen 2015 video:
Marius Knutsen og Anders Totland i Sunnhordland for videoen «Tomrommet»
Juryen meiner dette videoinnslaget har alt og er eit solid stykke journalistisk arbeid.
“Her kjem sjåarane tett på intervjuobjektet, ei mor som deler si sorg og sine tankar om det å ha mista sonen i ei trafikkulukke. Samstundes får vi dei harde fakta. Redigeringa er godt handverk der film, bilete, musikk og kommentarar gjev sjåarane både oversikt og innsikt. Videoen er ein del av ei sak, men kan sjåast heilt frittståande.”
Heiderleg omtale journalistprisen 2015:
Torstein Nymoen i Grannar for sakene om Tesdal-garden i Etne
Saka som juryen ønskjer å gje heiderleg omtale, byrja som ei enkel sjekkesak, og heldt fram som ein kamp mot vindmøller for å få ut informasjon. Den endte – førebels – med at journalisten har fått fram at nesten heile eigenkapitalen til stiftinga Vestnorsk senter for bygdeutvikling er brukt på, og framleis blir brukt på advokatar, medan driftsbygningar og våningshus på storgarden i Etne forfell.
5.000 til vinnerbiletet
Når det gjeld foto, er det journalist og fotograf Jonn Karl Sætre i Kvinnheringen som gjekk til topps. Bilete er teke av ME-pasient Eirik André Aksnes, som ligg på eit mørklagd og lydisolert rom 24 timar i døgnet.
Dette skriv juryen om vinnarbiletet:
“På ein respektfull og enkel måte gjev fotografen oss innblikk i ein sårbar kvardag som er ukjend for dei fleste av oss. Lyssettinga dreg merksemda inn i biletet og gjer oss nysgjerrige på historia. Dette er godt journalistisk handverk.”
Juryen, Trygve Sørvaag og Per Egil Larsen, har valt å gje heile prisen på 5.000 kroner til 1.-plassen.
Tre personar fekk i tilllegg heiderleg omtale:
* Henrik Mundal Andreassen, Sunnhordland, for bilete av familiegjenforening på Haugesund Lufthavn. 18 månader etter at (...) forlot kona (...) og dottera (...) i heimlandet (...), kjem dei ut av flyet og inn i armane hans her i Norge.
[navnene og hjemlandet til de tre er blitt fjernet etter publisering]
Dette skriv juryen om biletet:
“Fotografen har klart å fanga ein intimt og personleg augneblink utan å virka påtrengande. Biletet fungerer på fleire nivå og gjev store internasjonale nyhende eit lokalt ansikt. Far møter dotter. Krig møter lokaljournalistikk. Kaoset rundt rammar inn augneblinken i midten og frys det varme møtet for alltid.”
* Even Emberland, Avisa Ryfylke, for biletet ”Med livet som innsats”.
Dette skriv juryen om biletet:
“Eit fartsfullt og morosamt bilete som får oss til å trekka på smilebandet. Energien og den høgst uhøgtidlege situasjonen viser lokalpolitikarane på ein ny og uventa måte, og får oss til å stoppa opp og bruka tid på biletet.”
* Grethe Nygaard, frilansar for Haugesunds Avis, for bilete av valkvelden på Haugesund rådhus, 14. september 2015.
Dette skriv juryen om biletet:
“Her har fotografen verkeleg valt den rette augneblinken og fanga ein situasjon som er ekte og full av kjensler. Det er freistande å tru at ein slik perfekt komposisjon er arrangert, men her har fotografen rett og slett stolt på at den politiske verkelegheita er sterkt nok som historiefortellar – og det er den verkeleg her. Dette er eit ekte pressebilete.”