Olaug Nilssen. Foto: Lars Myhren Holand/Samlaget

Ja, det er berre å retusjere meg!

(INNSPILL) Då eg var ung og – ja, eg skal kanskje ikkje sei dum, men heller idealistisk, då eg var ung og idealistisk, meinte eg at det var viktigare kva ein sa enn korleis ein såg ut.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Dette viste eg mellom anna gjennom å føretrekke tekst framfor bilete i artiklar og reportasjar i aviser og vekeblad.  Om det måtte vere bilete, føretrakk eg at den avbilda skulle sjå naturleg og alminneleg ut framfor styla og sminka og opplagt fotosjoppa og retusjert ut.

I dag har eg gløymt dette. I alle fall har eg gløymt at dette idealet også kan gjelde meg sjølv, dersom eg skal vere i avisa. For ikkje å snakke om kva som skal gjelde viss eg skal vere i eit dameblad. Eg har latt meg style og sminke og fotosjoppe og retusjere til det – jaja, kanskje eg ikkje skal seie til det uattkjennelege, men i alle fall til det mildt framandgjorte. Og eg likar det! Rett nok er det alltid ei fare for at eg misforstår stylistens etter mitt hjelpelause skjønn vage telefoninstruksjonar, eller at eg ikkje har noko i skapet som er i nærleiken av å likne på det som blir føreslått. Dersom plagga eg skal ha på meg er plukka ut på førehand, er det sjølvsagt også fare for at dei ikkje skal passe (det vil seie: at dei skal vere for små), men om damebladsmaken er einsidig, så er han som regel likevel betre enn min.

Vidare har eg alltid såkalla dårlege hårdagar, og sjølv om eg har skapet fullt av stylingprodukt innkjøpt etter frisørens råd, veit eg ikkje korleis eg brukar nokon av dei, og har heller aldri tid til å øve. Hjelp meg gjerne, stylist! Dessutan står eg opp klokka halv seks kvar dag, og har verken tid eller evner til å skjule kor trøytt eg er. Det å bli stelt med av mjuke hender og børstar er nesten jamgodt med å ta seg ein høneblund, og saman med sminken har dette  faktisk ein viss dempande effekt på dei mørke ringane rundt augo. Eg er elles no så gamal og segen at det eigentleg er på høg tid å vurdere ansiktsløftingar, men risikoen for å bli sjåande ut som ein katt på bilete i framtidige damebladsreportasjar, er førebels nok til å få meg til å føretrekke sminke. Ja, og så retusjering, sjølvsagt. Det er ikkje nødvendig å gjere meg påfallande mykje vakrare enn eg er i røynda, men det er absolutt greitt å opne augo mine aldri så lite, samt å glatte ut rynkene. På heilfigurbilete er det ikkje noko i vegen for å stramme opp midjen og viske bort litt av anklane. Eg likar også å få litt ekstra skarpe fargar på både klede og andlet, samt strålande auge.

Damebladserfaringane har diverre gjort meg meir kritisk overfor andre publikasjonars fotopolitikk. Eg reagerer slett ikkje med begeistring om eg blir bedt om å sjå meir naturleg ut når biletet blir teke. Eg står gjerne der og smiler og gjer meg blid, men det får eg ikkje lov til, for det ser ikkje naturleg ut. Dette gjer meg både frustrert og sur, og det passar sikkert bra for fotografen, men dei naturlege kjenslene «frustrasjon» og «syre» er ikkje noko eg ønskjer å nagle fast på trykk. Dersom eg ikkje smiler på bilete, ser eg automatisk ut som om eg trur eg er noko: ettertenksam, trist, seriøs, følsom, usikker, bestemt.  Eg kan vere alt det der, men eg kan ikkje fordra å bli manipulert dit av kamerablikket, og deretter framstilt som om eg hadde nokon innverknad på eigen sinnstilstand.

Eigentleg er eg no tilbake til start, for sjølv om eg langt i frå er idealistisk, så føretrekkjer eg likevel no tekst framfor bilete dersom eg er nøydd å stille til fotografering utan å ha fått hjelp både før og etter, og utan å få lov til å bestemme over eige ansiktsuttrykk. Eg vil smile!

Handlar det om noko alvorleg, kan ein jo berre illustrere saka med eit bilete av det alvorlege. Det einaste som duger sånn nokolunde, er å bli tatt bilete av mens eg held inn magen og smiler frå øyre til øyre. Eg kan ærleg talt ikkje forstå vitsen med noko anna heller.Ja, det er berre å retusjere!

Olaug Nilssen er forfatter, skribent, kjøkenbenkrealist og kulturlivsstyregrossist.

Powered by Labrador CMS