Min barndoms smale og holete bygdeveg! På TV!

(INNSPILL): Olaug Nilssen om Vestlandsrevyen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Vestlandsrevyen har bursdag 11.11.11. Her følgjer ei hylling, med innslag av snørr og tårer.

Nittande mai i år sende Vestlandsrevyen eit innslag om at Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane skulle legge ned bokbussen. TV-teamet fulgte ein bibliotekar frå Førde bibliotek på hennar siste bokbusstur til Karstad skule i Førde. Eg må vel peike på at det er typisk Vestlandsrevyen å dekke ei trist nedlegging, men det var ikkje sorg over bokbussen som gjorde at eg såg dette innslaget (eg plukka det sjølvsagt frå NRK sine praktiske nett-tv-sider, og la det ut på både Facebook og twitter etterpå). Nei, eg såg innslaget fordi eg sjølv gjekk på Karstad skule som barn, fordi mor mi framleis er lærar der og fordi eg kjenner bibliotekaren som var med på bussen. Og mor mi gjorde absolutt ein grei figur, sjølv om eg kunne sjå at ho var litt prega av stundas alvor då ho tok bibliotekaren i handa og takka for no. Bibliotekaren var endå betre, ho lo mykje og smittande og gret ein bitteliten skvett. Det var også eit talande bilete til slutt i innslaget, då den svære bussen køyrde langs den smale, holete bygdevegen. Min barndoms smale og holete bygdeveg! På TV! Ikkje på Dagsrevyen rett nok, men på TV! Og det var langt i frå første gongen.

Vestlandsrevyen blei lansert i Hordaland og Sogn og Fjordane i 1991 som eit prøveprosjekt, og oppdraget frå dåverande kringkastingssjef Einar Førde var å gjere sendingane så populære at også andre distrikt ønska seg eigne sendingar. At første sending gjekk ut til Sogn og Fjordane med ein høg pipelyd, har eg vore grei og gløymt, og eg har også gløymt at sendingane i lengre tid i hovudsak henta stoff frå Hordaland, til forkleinelse for det såkalla ”nordfylket”, som i starten berre hadde eitt tv-team, og dermed ikkje kunne lage fleire enn eitt innslag per sending. Eg visste heller ikkje at det var strid om denne satsinga innad i NRK, men når eg i dag veit dette, kjenner eg ein stor jubel over å vite at Vestlandsrevyens raskt veksande popularitet var overraskande også for tilhengarane av lokalfjernsyn.

For det var nemleg slik at Vestlandsrevyen i starten oppførte seg som det reinaste piratfjernsyn. Midt i Da Capo med avsynging av «det er lov å være blid», gjekk skjermen i svart. Like etter kom ei skjelving, ei lita rift eller eit lynglimt i det svarte, før kjenningsmelodien og logoen (ein V som forvandla seg til ein fjord) manifesterte seg. For min del (snusfornuftig og følsom, men 13) var dette mest påfallande kvar gong revyen braut inn i Nils Heldals musikkprogram for ungdom på fredagar. Vel var eg interessert i lokalnyhende, og stolt av å få dei på fjernsyn, men det var no eingang slik at ein kulturinteressert tenåring på bygda ikkje hadde så mykje å velje mellom, før internettet og kanalvariasjonen.

 Eg har vore så grei og gløymt også kva det var Nils Heldal sa, då han skulle gjere sjåarane merksame på at Hordaland og Sogn og Fjordane no skilde lag med resten av landet, midt i programmet hans. Men det var ikkje noko hyggeleg. Hipp og kul mann med austlandsdialekt dissar fjernsynsinnslag frå distrikts-Norge, med folk som snakkar Vestlandsdialekt. Ein kan trygt seie at dette verka mot si hensikt; mitt forhold til Vestlandsrevyen gjekk straks frå forelsking til forpliktande ekteskap. Det er også talande at eg for lengst har gløymt kva programmet hans heitte, medan eg framleis hugsar at Vestlandsrevyen på den tida avslutta kvar sending med dagsaktuelle naturbilete frå heile regionen.

I dag har eg likevel altså valt ei litt meir pragmatisk tilnærming til Vestlandsrevyen. Men det er ikkje så farleg, for Vestlandsrevyen treng meg ikkje lenger. Det blir produsert lokalsendingar over heile landet, og distriktnyhendene blir presentert fleire gongar om dagen, både lokalt og nasjonalt. Folk sit pal til «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og lar seg til og med fengsle av sendingar frå hurtigruta, minutt for minutt.

Bokbussen har kanskje tapt, men Vestlandsrevyen har vunne! Eg gratulerer med dette med tjueårsdagen!

Olaug Nilssen er forfatter, skribent, kjøkenbenkrealist og kulturlivsstyregrossist.

Powered by Labrador CMS