NRK.no som problem

(KOMMENTAR): Kanskje største hinderet for at kommersiell norsk kvalitetsjournalistikk kan halda fram med å utvikla seg

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Som journalist burde eg vel ikkje vedgå dette, men eg er neppe åleine: Eg les mindre og mindre norske aviser. Gjennom arbeidsplassen min får eg Aftenposten på døra, men om morgonen har eg som dei fleste andre lita tid, så det vert i hovudsak til at ho vert liggjande ulesen. Vel framme på arbeid plukkar eg opp Klassekampen, som ligg på avisbordet, men ikkje på nettet.

Deretter loggar eg meg på VG-nett og heimesidene til NRK, og via Facebook får eg tilsendt linkar frå andre som varslar meg om at denne saka eller denne kommentaren bør eg lesa. Når eg så kjem heim att, er Aftenposten irrelevant som nyhendeavis, og eg er generelt metta på norsk nyhendestoff. Eg har gått frå å nytta mange tusen i året på norske aviser, til ikkje å bruka ei krone. Ingenting nytt her altså.

Men eg nyttar framleis pengar på aviser: Eg har vorte tingar av den elektroniske e-paper-avisa til The Times og The Sunday Times. Kvar morgon vert avisa lagd ut som PDF-fil på nettet, og eg les henne når familien har lagt seg, kostnaden er om lag 900 kroner i året. The Times legg rett nok det meste ut gratis på nettet, men den vanlege nettutgåva er såpass kaotisk og vanskeleg å lesa at eg er viljug til å nytta ekstrapengane. The Sunday Times er elles den einaste større britiske avisa – sundag er den store avisdagen i England – som aukar opplaget sitt, og det gjer ho gjennom e-paper-avisa. Og gjennom den raske teknologiske utviklinga av elektronisk blekk kjem nok etter kvart Kindle og andre lesebrett til å levera fullgode avissider utan bakljos, som igjen vil gjera avislesing meir og meir til ein papirlaus aktivitet og noko vi kan gjera over alt.

Utviklinga har gjort eigaren av The Times, Rupert Murdoch, meir optimistisk. Han trur at det skal gå an å tena pengar på elektroniske aviser, og no har han i alle høve varsla at avisene hans skal byrja å taka betalt for dei vanlege nettsidene. Andre aviskonsern gjer seg liknande tankar; pengane er som vi veit, i ferd med å taka slutt.

Er utviklinga relevant for Noreg? Eg trur det: E-paper-aviser er i materialkostnader så godt som gratis å produsera jamført med dei vanlege avisene, dessutan omgår ein det vanlege og i Noreg svært kostnadskrevjande distribusjonsleddet. Vi kan kanskje sjå føre oss at Medie-Noreg, Schibsted, Handels- og Sjøfartstidene-konsernet og Berner-gruppen går saman om å utvikla ei sams elektronisk distribusjonsplattform der den samla kostnaden for å få tilgang til alle avisene ikkje vert mykje høgre enn eit dagleg konsum av papirutgåva til VG.

Men skal ei slik utvikling koma i gang, må vi få fjerna nokre hinder, som kan oppsummerast i eitt ord: kannibalisme. Eg trur sant å seia at Schibsted kjem til å sjå at dei samla sett er tente med å gjera VG-nett til ein betalingskanal, eg trur òg at dei etter kvart ser at E24 ikkje kan halda fram med å vera ein gratis distribusjonskanal for alt økonomistoffet i Aftenposten, og at det på sikt ikkje tener nokon at E24 snyltar på Dagens Næringsliv.

Det store problemet kjem til å verta NRK. Jamvel om alle dei store avisene går over til eit betalingssystem, kjem det sjølvsagt framleis til å vera spreidde snyltarkanalar via nettet, men det er berre NRK som vil ha ein stor nok organisasjon til å halda fram med ei systematisk snylting om dei store mediekonserna stengjer det meste av gratiskanalane. Og her er vi framme ved eit litt underleg fenomen i norske medieordskifte: at NRK så godt som utan motstand fekk høve til å gå inn i ein relativt velfungerande avismarknad og attpåtil selja reklameplass.

I dag er heimesida til NRK til forveksling lik den til VG; i skrivande stund ligg det ute artiklar om Noregs plass på FIFA-rakinga, trippeldrapssaka i Nord-Troms tingrett og UDs manglande vilje til å hjelpa dei tiltala i Kongo, alt i kombinasjon med reklame for Omega 3 og Autoglass. Det er kombinasjonen av reklame, lisens og snylting som gjer at NRK kan tilbyda ei såpass god og tabloid netteneste, og det kan dei gjera heilt utan fare for å gå konkurs.

Det er ein nokså banal konklusjon: NRK vart skipa for at folk over heile landet skulle få eit sams elektronisk kvalitetsmedium, men nett no er NRK det kanskje største hinderet for at kommersiell norsk kvalitetsjournalistikk kan halda fram med å utvikla seg og for den del overleva, den same journalistikken som NRK er heilt avhengig av for å laga godt fjernsyn og god radio.

I Storbritannia har Murdoch-avisene byrja ein knallhard kampanje mot BBCs satsing på nettet. Norske aviskommentatorar og leiarskribentar bør kasta av seg nøytraliteten og gjera det same mot NRK. Av og til er faktisk eigeninteressene til journalistar i samsvar med dei ålmenne samfunnsinteressene.

 

Powered by Labrador CMS