Jon Hustad. Foto: Birgit Dannenberg

Smått stell i Volda

(INNSPILL) Jon Hustad med verbalt spark mot leiinga på høgskulen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Under mottoet «av og til er det betre å sitera enn å parodiera», her er nytt frå mediefag i Volda: «Ein må vera forsiktig med kva ein seier til journalistar, og du må forstå rekkjevidda av det du seier.» Det er dekanus Sverre Liestøl ved ein av Noregs største journalistutdaningar, Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, som talar i lokalavisa Møre. Rektor Jørgen Amdam kjenner seg misbruka og feilsitert av journalistar, og då lit Liestøl på rektor. «Liestøl trur rektor er feilsitert, for han trur ikkje nokon vil gå ut og seie noko slikt som er sagt her i denne saka», gjev Møre att Liestøl.

Sagt på ein annan måte: Liestøl er viss på at rektor ikkje er så dum at han kan ha sagt det som står på trykk. Og er ikkje rektor dum, så må det vera journalistane som er dumme og finn på ting, meiner sjefsutdanaren av norske journalistar.

Min hypotese er at rektor lyg, og at Liestøl er dum og finn på ting.

Saka så langt: Høgskulen ved Volda har eit Ivar Aasen-institutt som bør utdana femten masterkandidatar i nynorsk skriftkultur i året om hjula skal gå rundt. Instituttet, som vert leitt av nynorskprofessoren Stephen Walton, har i gjennomsnitt berre utdana to per år sidan 2004. Waltons institutt vert med andre ord subsidiert av dei andre utdaningane ved høgskulen. Difor vurderte både Amdam og styret i haust å leggja ned masterutdaninga, ei vurdering som i utgangspunktet burde vera nokså ukontroversiell.

Men så fann Amdam ut at han skulle tala med pressa. Arvid Bryne, den tidlegare utanriksredaktøren i Dagbladet, skriv no for Dag og Tid og fekk i oppdrag å ringja Amdam for å høyra kva det var som gjekk føre seg. Amdam prata viljug vekk om det som ein med personalansvar ikkje bør tala viljug vekk om: «Walton har ikkje levd opp til dei store forventningane Høgskulen i Volda hadde til han då han i 2000 fekk professoratet og vart styrar av Ivar Aasen-instituttet», byrja Amdam.

Og han held fram: «Dei midlane instituttet i oppstarten hadde til rådvelde, har i stor grad gått til hans (Waltons) løn og anna verksemd i hans eigen regi, i fyrste rekkje reiser. Vi kan ikkje sjå at all verksemda hans har relasjon til faget. Vi visste ofte ikkje kvar han var. Og når han var borte, hyrte han inn vikarar. Vi fekk klager frå studentar som var misnøgde med dette.» Bryne oppsummerte det heile slik: «Amdam karakteriserer Waltons leiarstil som eineveldig, etter engelsk modell, og at han gradvis har mist støtte.»

I det opphavlege intervjuet uttrykte Amdam seg endå krassare, men Bryne lèt han lesa teksta. Så samarbeidde dei litt og kom fram til den endelege versjonen, som eg har sitert frå og som stod på trykk i Dag og Tid 29. oktober. Det siste vi høyrde frå Amdam, var eit e-brev: «Ok det står eg for.»

Intervjuet vekte naturleg nok oppsikt på Sunnmøre. Lokalpressa tok straks saka. Fyrst ut var NRK Møre og Romsdal. No forstod kanskje Amdam at noko hadde skore seg. Han hevda nemleg at han var feilsitert. Det skulle han ikkje ha gjort, for NRK tala med Bryne, som fortalde at Amdam hadde godkjent alt.

Men det stogga ikkje der: Amdam hadde late seg intervjua av Svein Nordal ved lokalkontoret til Sunnmørsposten i Volda. Intervjuet kom på trykk dagen etter innslaget i NRK. Til Nordal sa Amdam nett det same som til Bryne, men Nordal var litt meir tabloid enn Bryne. I staden for å skriva «Amdam karakteriserer Waltons leiarstil som eineveldig …», skreiv Nordal rett ut det Amdam sa i sitatsform: «Professor Stephen Walton har ein einveldig leiarstil etter engelsk modell. Han har mista all tillit.»

Kva gjer Amdam på nytt? Jau då, han rykkjer ut i lokalavisa Møre og hevdar seg feilsitert: «Eg må endeleg lære meg ikkje å ha tillit til at journalistar får med seg viktige nyansar. For å presisere har eg full tillit til professor Stephen Walton.» I same oppslaget kjem så altså dekan Liestøl trampande inn i den same proselensbutikken som Amdam har halde seg i ei tid. Etter fyrst å ha sagt at han trudde at rektor var feilsitert, la han til fylgjande i eit akutt tilfelle av konfliktvegring: «Kven si skuld det er at rektor har blitt feilsitert, vil eg ikkje seie noko om.» Vi har altså to personar: ein som vert intervjua og ikkje har sagt noko gale, og ein som intervjuar og skriv ned noko som Liestøl meiner er gale, og likevel hevdar Liestøl at han ikkje vil seia noko om kven som har gjort noko gale.

Kva «ok det står eg for», tyder i Volda, får dei svara på ved masterutdaninga i nynorsk skriftkultur.

Under læringsmål for journalistar ved Høgskolen i Volda finn vi elles dette på heimesida Liestøl er ansvarleg for: HVO vil «gi studentane ei bevisst haldning til tale-, bilde- og skriftspråket som sosiale fenomen og kommunikasjonsmiddel».

Men, men. «Det står folk fritt til kvar tid å gje utrykk for den forvirringa som rår i sinnet deira», som Churchill sa det.

Powered by Labrador CMS