Hermer medieflokken

(LESERKOMMENTAR:) Politikere twitrer for ikke å bli latterliggjort.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Årets valkamp skal twittrast. 2007-valkampen skulle vinnast på Facebook. Og i 2005 var det på Youtube at valkampen vart avgjort. Var det i 2003 at bloggane viste vegen til regjeringskontora? Hadde vi valkamp i det heile i 2001? Og kva skjer i valkampen i 2009?

Eit søk på Google: «twitter and valgkamp» gav 19. august 145.000 treff. Dette er imponerande, fordi Twitter er eit nytt fenomen i verda og Noreg.

Kort og høgrøysta

På den Nordiske Medieforskarkonferansen i Karlstad i august var Twitter eit samtaleemne mellom seminara – og hadde også funne plassen inn i nokre få innlegg. Blant andre Oddgeir Tveiten som siterte Time Magazine som meiner at Twitter vil endre samfunnet på grunnleggande vis. Kor mange nordmenn er det som kvitrar? Wikipedia gissar på 20.000. Men dette er 20.000 som kvitrar ganske høgrøysta og mange av dei bestemmer kva som skal stå i denne avisa.

For alle som har ein skjerm framfor seg i kvardagen, så er Twitter eit kjekt verktøy å bruke for å finne ut kva andre i nettverket er opptatt av. Kva som blir – eller er i ferd med å bli dagsorden. Særleg mediefolk ser ut til å vere glade i Twitter – og sånn er det med alle nye måtar å kommunisere på. Slik var det med blogging, Facebook og Youtube. Og slik vil det bli når Twitter får sin arvtakar.

No når det er val så er det ikkje til å unngå at Twitter-symbolet på mediefolk sine skjermar også glir inn i den politiske reportasjen – det blir forventa at politikarane også skal kvitre om sine tankar, ord og handlingar. Og tru det eller ei: Det gjer dei.

Lært ei lekse

Politikarane har lært seg ei aldri så lita lekse om mediefolk og ny teknologi: Dei må vere på forkant med ny teknologi for å ikkje bli latterliggjort i media. Dei har lært ei aldri så lita lekse sidan IT-minister Lars Sponheim vart spurt om han surfa mykje, og ikkje forstod at det handla om nettsurfing (Oppgåve: Kva medium var det dette formidla i?).

Dermed må politikarane og partia vere på plass på alle mulige informasjonskanalar! Men media burde også lære ei aldri så lita lekse: Etter valet kjem Twitter-kanalane til Jens og Jensen til å bli skrudd av, slik bloggar og Facebook vart det etter tidlegare val. Kven er det som bør kjenne seg lurt?

For surmaga kritikarar er det lett å sjå på Twitter som nok eit forfallsteikn i den politiske kulturen: Meldingar blir kortare og kortare og fleire og fleire. Bloggar gav i det minste rom for å gjennomføre lengre resonnement, uavhengig av augneblinken. Med kortare og kortare meldingar på debattsentralar og no pipinga på Twitter så er det fare for at all meiningsfullt kommunikasjon vil drukne i ei pipande stormflod av ultrakorte meldingar.

Nesten søtt

Alternativt kan ein sjå på Twitter som nok eit døme på at dei lukka nettverka innanfor politikk og media får stadig nye måtar å kommunisere med kvarandre på. Det reiser spesielle problem for medieforskarar: Til skilnad frå bloggar og til dels Facebook kan det vere uråd å finne spor på at det har vorte kvitra. Dei 140 teikna dansar over skjermen i augneblinken, og er så borte for alltid om ein ikkje har sikra seg ein måte å spare dei på. Og då må ein vere på innsida.

I dette perspektivet er det nesten søtt når Partia også gjer noko så gammaldags som å banke på hos folk og dei lokale partihovdingane skriv i lokalavisa. Kan det vere noko hjelp i? Men kanskje har Partia lært leksa si – Folk Flest kvitrar ikkje, men dei les framleis avis, om enn ikkje like mykje som før. Og Folk Flest blir litt kry og glade av å få helse på ein velkledd politikar, gjerne ein minister, sjølv om politikarane kanskje smilar aller mest fordi fjernsyn også er der.

Lista over mulege elektroniske kommunikasjonsmåtar mellom politikarar og veljarar tek til å bli lovleg lang: SMS, heimesider, e-post, msn, bloggar, debattsider, Facebook, Youtube – og Twitter. Og kvart medium har sine særdrag som bør utviklast på eigne premissar slik at ein når best muleg fram gjennom det suverene nye mediet – det trengst folk til slikt.

Men samtidig representerer dette mangfaldet av mulige kommunikasjonskanalar også eit kaos – det er meiningslaust å snakke om Internett-et – som EITT nytt medium som konkurrerer med dei etablerte antikvariske media som papiravis og fjernsyn.

«Eg vil ha deg»

Kvifor treng vi stadig nye kommunikasjonsmiddel som Twitter? For å finne svaret på det må ein spørje kvifor fuglar kvitrar? Kva er bodskapen? Jau fuglar formidlar bodskaper som ikkje er så veldig ulike dei typiske bodskapane på Twitter: «Eg er vaken». «Eg er svolten». «Eg vil ha deg». «Eg eig dette treet». Når det gjeld Twitter så er det tjukt med metabodskapar knytta til nye kommunikasjonsmiddel: - Eg er på forkant. - Eg har flest venner. - Eg er på innsida.

Det er ikkje kommunikasjonsmiddelet i seg sjølv som er viktig eller at det er funksjonelt – men kven som er med i nettverket. Når det har vorte for mange som har meldt seg på, så vil det bli teke i bruk nye kommunikasjonsformer. Valet i 2011 vil difor trenge ein ny teknologi - og så er vi gang igjen. Kven hugsar Twitter? Det var 2009 det.

Powered by Labrador CMS