«Skatteetaten legg skjønnsbaserte vurderingar til grunn. Dette gjev rom for forskjellsbehandling basert på fordommar, noko avslaget til Bok & bibliotek viser», skriv Arne Olav Hageberg, ansvarlig redaktør i Bok & bibliotek.

DEBATT:

Skatteetaten sine fordommar mot fagpressa

Som redaktør i fagbladet Bok & bibliotek er det opplagt for meg å søka om innsyn i skattelistene. Men den slags kikkartendensar frå eit skarve fagblad vil visst ikkje Skatteetaten ha noko av.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

  • Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.

Ja, eg er fornærma.

Etter Redaktørplakaten pliktar eg å arbeida for den demokratiske rolla til Bok & bibliotek og for det som etter mi meining tener samfunnet. Eg er også forplikta på etiske normer for pressa. Desse understrekar at den ansvarlege redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet, og at eg må verna om produksjonen av fri og uavhengig journalistikk.

Difor har eg søkt om innsyn i skattelistene. Ingen har noko med kva eg vil sjå etter i listene eller korleis eg vil bruka det eg måtte vurdera som interessant. Kan henda finn eg ingenting. Det kan ligga viktig innsikt i det også.

Likevel har eg fått avslag.

Enkel mattematikk

Eg kjem til å klaga på avslaget, og reknar med å få medhald. Skatteetaten sitt avslag inneheld nemleg all den argumentasjonen eg treng.

Dei har sjekka både Einingsregisteret si oppføring om eigaren vår ABM-Media AS, nettsida bokogbibliotek.no og Podkasten Bok & bibliotek. Der har dei funne ut at vi er eit fritt og uavhengig fagblad for bibliotekfeltet og at vi mellom anna dekker bibliotekpolitikk og ideologi.

For meg er dette enkel matte: fri og uavhengig dekking av eit viktig samfunnsfelt + søkelys på politikk og ideologi i feltet = allmenn interesse.

Skatteetaten vel å setta opp eit reknestykke med fleire ukjente som resulterer i eit heilt anna svar: «Det et (sic) vilkår at det publiseres nyheter med allmenn interesse, jf. skatteetaten.no. Dokumentasjonen i saken tilsier at selskapet per dags dato ikke produserer og publiserer innhold som omfattes av retten til tilgang til skattelistene. Vi avslår derfor søknaden.»

Fagpressa er avgjerande

Bok & bibliotek er medlem i organisasjonen Fagpressen. Her er det rundt 200 sånne tidsskrift som oss – større og mindre. I ABM-Media AS er vi tre. Dei to andre er Museum og tidsskrift for arkivfeltet, Aksess. Vi har kompetanse på kvar våre samfunnsfelt. Vi held auge med kvar våre politikkområder, samfunnsaktørar og maktbasar.

Fagpressa er ein avgjerande del av mediemangfaldet, og medlemskap i Fagpressen krev at ein følger Redaktørplakaten og Vær varsom-plakaten. Eigentleg treng eg berre dette argumentet. Det at Bok & bibliotek er forplikta på alle dei grunnleggande prinsippa for frie medier burde trumfa alle anfektingar og innvendingar. Trur ikkje Skatteetaten eg er i stand til å forvalta ansvaret eg har teke på meg?

Medieansvarslova frå 2020 skil heller ikkje mellom fagpresse og anna presse:

«Loven gjelder for medier som driver regelmessig journalistisk produksjon og publisering av nyheter, aktualitetsstoff, samfunnsdebatt eller annet innhold av allmenn interesse.»

Dette er oss. I proposisjonen skreiv regjeringa:

«Også medier som er rettet inn mot et bestemt tema eller en bestemt bransje kan ha allmenn interesse. Medier rettet mot medlemmer av en bestemt organisasjon eller forening er omfattet så lenge de har et nedslagsfelt utover medlemsmassen og en ambisjon om å være premissleverandør og deltaker i samfunnsdebatten på sitt felt. Fagpressen vil derfor som utgangspunkt være omfattet av loven.»

Lovbrot

Avslaget bryt både med medielova og med offentleglova. Den siste set fram eit forbod mot forskjellsbehandling i forvaltinga. Skatteetaten legg skjønnsbaserte vurderingar til grunn. Dette gjev rom for forskjellsbehandling basert på fordommar, noko avslaget til Bok & bibliotek viser.

Reknestykket bør stillast opp mykje enklare: redaktørplakat = rett til innsyn. Ingen ukjente. Ingen stigmatiserande konstantar. Inga knebling av fri informasjon og sanningssøkande journalistikk i fagblada.

Powered by Labrador CMS