Gulaprisen til Helge Johnsen

Journalist Helge Johnsen (45) i avisa Firda, som kjem ut i Førde i Sogn og Fjordane, er tildelt Gulaprisen for 2000 for framifrå nynorsk journalistikk.

Prisen vert delt ut til minne om avisa Gula Tidend som gjekk inn sommaren 1996.

Helge Johnsen får prisen for framifrå journalistisk dekning av fylkespolitikken i Sogn og Fjordane. Han har gjennom journalistikken opparbeidt seg stor tillit og må i dag reknast som den fremste politiske journalisten i fylket, sier juryen.