Morgenrutinen:
Amund Trelleviks drømmetittel er «Norske redaktørar einige om å slutte å bry seg om bagatellar.» Foto: Martin Huseby Jensen
Amund Trellevik henter inspirasjon fra utenlandsk journalistikk
Akkurat nå har Svarte Natta-generalen byttet ut tastaturet med babycall og tåteflaske.
I spalten Morgenrutinen stiller Journalisten de samme spørsmålene til en rekke personer som er tett på mediebransjen.
Amund Trellevik (33) er leder i Barents Press Norge og har så vidt gjort seg ferdig med en vellykket Svarte Natta. Til vanlig jobber han i NRK Finnmark, men er nå hjemme i permisjon med sin fem måneder gamle sønn.
Les alle «Morgenrutinene» her.
– Kaffe eller te?
– Svart kaffi.
– Hva har du på nattbordet?
– Babycall, ei tåteflaske med vatn og ein del støv.
– Hvilke medier må du innom før morgenmøtet?
– Akkurat no deltar eg berre på morgonmøter saman med min son. Og sidan han gjerne starter sine møter klokka 05:15 har eg klart å kome meg gjennom det meste av norske og internasjonale aviser innan andre journalistar kjem på jobb.
– Hvilken overskrift skulle du ønske du så på trykk i dag?
– «Norske redaktørar einige om å slutte å bry seg om bagatellar.»
– Hvor leter du etter gode saker?
– Stort sett overalt.
– Om du kunne velge hvem som helst: Hvem har du mest lyst til å intervjue ansikt til ansikt og hvorfor?
– Mormor, Inga Madsen på 90 år. Sidan ho bur i Bekkjarvik og eg i Kirkenes ser eg ho altfor sjeldan. Eg veit ho har mange spennande historiar å fortelje. Og ho er svært god til å steike lappar.
– Hvilket spørsmål er det viktigste for en journalist?
– «Og: Elles?»
– Hva er ditt viktigste verktøy i jobben?
– Tastaturet.
– Når sist så du journalistikk som inspirerte deg og hva var det?
– Det er mykje god journalistikk i norske mediehus. Men det som verkeleg inspirerer meg er kolleger i andre land som kvar dag står opp og går på jobb - sjølv om dei veit at det dei rapporterer kan kome til å få følgjer for dei personleg, direkte eller indirekte.
– Hva irriterer deg aller mest med norske medier?
– Situasjonen er denne: Norske medier kan skrive kva dei vil, om kven dei vil, innanfor loven og presseetiske rammer sjølvsagt, utan at det får følgjer verken for mediehuset eller journalistane. Eg skulle gjerne sett at norske medier var flinkare til å bruke denne fridomen på ting som faktisk er viktig, og i mindre grad bry seg om bagatellar og ting andre medier allereie har rapportert om. Me er flinke til å snakke om ytringsfridom, og korleis denne er truga både her og der. Men eg saknar at norske medieleiarar også snakkar om det ytringsansvaret dei har - og å bruke dette ansvaret til noko nyttig.
– Hva blir viktig for utførelsen av journalistyrket framover?
– Vesentleg, grundig og samarbeid. Som regel heng desse tre saman.
– Hva er mediebransjens største utfordring akkurat nå?
– Det er å få folk til å betale for innhald. Og eg meiner løysinga på det er mindre tull og tøys og meir av det eg allereie har ramsa opp. No vil sikkert redaktører som les dette her bli indignert og seie at dei ikkje har mykje tull og tøys i sine spalter. Gjerne etterfulgt av at det er viktig med litt tull og tøys for «miksen i avisa» sin del. Så då kan utfordringen vere: Start med 50 prosent mindre av dette stoffet og sjå korleis dette slår ut på abonnements- og salsstatistikken.
– Hvilket bilde/video fikk deg sist til å stoppe opp?
– I dag, no nettopp. Ein kompis reposta nokre ganske ekstreme bilete på Facebook frå det som truleg er slaveliknande leirar i Libya. Dette seier både ein god del om kor grusom verda er, og kva informasjonsmakt som ligg i internetts natur.
– Hva er det lengste du har klart å være uten mobilen?
– Eg klarte meg med ein gammal Nokia-telefon, med wap og 1,3 megapiksel kamera, fram til 2012. Etter kvart gjekk det sport i å bruke denne. Men etter det har desse moderne telefonane stadig tatt ein større og større del av min kvardag. Diverre.
– Når logger du av for kvelden?
– Så lenge det er viktig nok loggar eg aldri av.