Debatt:
Kor mange er det egentleg som gidd å lese side opp og side ned om avisa sin «personvernpolicy» før ein bestemmer seg?
Foto: Roger Aarli-Grøndalen
«Vi bryr oss om ditt personvern»
I realiteten blir du bedt om å gje ditt samtykke til å la deg manipulere.
Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.
Når du går inn på nettaviser, blir du bedt om å trykke «jeg forstår» for å tillate at aviser som for eksempel Dagbladet skal kunne «bruke dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.»
Dagbladet er eit tilfeldig valt eksempel, andre mediehus har liknande ordningar. Lesarane får sjølvsagt eit val om å styre sine personverninnstillingar. For dei fleste er det enklaste valet å berre trykke «jeg forstår» med ein gong, for kor mange er det egentleg som gidd å lese side opp og side ned om avisa sin «personvernpolicy» før ein bestemmer seg?
Det blir påstått at dette blir gjort for at lesarane skal få ein «best mulig brukeropplevelse», men i realiteten blir du bedt om å gje ditt samtykke til å la deg manipulere.
For deg som lesar vil du risikere å bli trekt meir og meir inn mot saker innanfor eit gradvis smalare interessefelt.
For når du fyrst har gjort det vil data om kva du nettsider du ser på, kva artiklar du kommenterer, deler, og ei lang rekke andre data blir hausta inn og analysert.
Slike data blir råvarer til algoritmane som fungerer som ei oppskrift for kordan avisene skal halde grepet om deg som lesar. Har du for eksempel klikka på nyheter om kjendisar, vil du derfor bli «anbefalt» meir av det same stoffområdet, og du vil få servert annonser som er «tilpassa» din profil.
Men er det så farleg at avisene på denne måten kan bruke dine digitale fotavtrykk til å gje deg meir av det du er interessert i? For deg som lesar vil du risikere å bli trekt meir og meir inn mot saker innanfor eit gradvis smalare interessefelt, mens det som ligg utanfor dette feltet blir ikkje anbefalt og vil i praksis kunne bli stadig meir ignorert.
Slik bruk av algoritme skaper ikkje berre problem på individuelt plan. Gjennom hausting av data frå bruk på nettet kan mediehusa finne ut kva du og andre lesarar «likar». Dermed kan dette føre til at dei journalistiske ressursane blir trekt i retning av det lesarane tilsynelatande vil ha, som kan vere noko langt anna enn det dei bør ha for å bli opplyste samfunnsborgarar.
I eit moderne demokrati skal pressa gje informasjon og skape debatt kring vesentlege samfunnsspørsmål, slik at borgarane skal bli i stand til å gjere dei beste politiske avgjerdene.
Men ender ein opp med å satse stadig meir på for eksempel underhaldning- og kjendisstoff fordi det gjev flest lesarar og mest annonseinntekter, så er ein langt unna det pressa i festtaler omtalar som sitt samfunnsoppdrag.
Ein kan sjølvsagt forstå at media bruker algoritmar som kan sikre annonseinntekter for å overleve i ei tid der lesarane er motvillige til å betale for nyheter. Men kva skal vi med pressa dersom store lesarskarar blir manipulert bort frå å lese nyheter som gjer dei i stand til å handle som opplyste borgarar? Kordan kan vi sikre at pressa produserer og når ut med det vi treng for at demokratiet skal fungere?
Kva skal vi med pressa dersom store lesarskarar blir manipulert bort frå å lese nyheter som gjer dei i stand til å handle som opplyste borgarar?
Journalistikk er like viktig for demokratiet som mat er for kroppen, men dersom algoritmane leier lesarane mot «næringsfattige» saker så har vi eit stort problem.
Algoritmestyrt nyhetsformidling er sjølvsagt «komen for å bli», men i staden for å la oss fortvile over alle dei negative konsekvensane, bør vi få mediehusa til i langt større grad å bruke teknologien til noko samfunnsnyttig: Lat algoritmane bli innretta slik at næringsrike, vesentlege og varierte nyheter ligg anbefalt og lett tilgjengeleg, klare til konsum som ferdig skrella gulrøter i kjøleskåpet.
Freistande, men næringsfattig lettbeint underhaldningsstoff vil sjølvsagt framleis bli tilbydd lesarane, men bør plasserast noko mindre tilgjengeleg, som ute i ei matbod.
Dersom ei slik omlegging skulle føre til noko reduserte annonseinntekter, bør ein sjå nærare på om dette kan kompenserast. Vi bør framleis vere villige til å betale for at pressa skal oppfylle ein slik viktig demokratisk funksjon, men dersom ein skal legitimere ei eventuell auka pressestøtte, så må det vere for å subsidiere formidling av journalistikk i pakt med samfunnsoppdraget, ikkje tant og fjas.
Samtidig er det viktig at institusjonar som utdannar journalistar legg vekt på å gjere dei godt rusta til å jobbe grundig med vesentlege nyheter, framfor lettvint klikk-journalistikk som lesarane «vil ha».