Debatt:

– Spørsmålet om korleis smitte-spreiing skjer, har allmenn interesse i desse dagar, skriv Sigvart Østrem.

Medie-redsel for stigmatisering?

Korona og smitte-spreiing.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Har media ei overdriven redsle for stigmatisering? Eg tenkjer på at fleire titals personar er korona-smitta i «eit avgrensa miljø» på Karmøy.

Kva miljø er det snakk om?

Eg treng ikkje vita om «miljøet» er eit trussamfunn, ein storfamilie, eit idrettslag eller liknande. Men eg vil gjerne vita korleis smitten har spreidd seg i denne gruppa. Har heile denne gruppa vore samla, eller har smitten spreidd seg etappevis i mindre delar av dette «miljøet». Kor tett har kontakten vore mellom medlemmene i gruppa?

Slike spørsmål har lesarar, lyttarar og sjåarar krav på å få svar på.

For å verna oss mot smitte ønskjer me nå å læra av dei påviste smittespreiingane. Spørsmålet om korleis smitte-spreiing skjer, har allmenn interesse i desse dagar. Teieplikta som helsepersonell har, er underordna i eit slikt tilfelle.

Avisene har hatt lærerike artiklar om skituristar som tok smitte med seg frå gondolar og barar i Italia og Austerrike. I Haugesunds-distriktet blei mange smitta under Haugalandskonferansen som Næringsforeningen Haugalandet arrangerte 6. mars.

Avisartiklane om smitte-spreiinga frå skidestinasjonane i Alpane og Haugalandskonferansen har gitt lesarane verdifull innsikt i korleis korona-smitten spreier seg. Kvifor får me ikkje vita meir om smitte-spreiinga på Karmøy?

Helsestellet har sine reglar om teieplikt og kan ikkje stå fram. Men media kan stå på og få opplysningane dei treng. Er kjeldene sikre nok, kan media for eiga rekning presentera opplysningar om kva som har skjedd.

Eller er media blitt livredde for å bruka anonyme kjelder?

Det er ikkje forkasteleg å bruka anonyme kjelder dersom det dreier seg om faktiske opplysningar i saker der media ikkje lar seg bruka i ein interessekamp.

Powered by Labrador CMS