– Eg ser fram til å jobba saman med ein særs dyktig gjeng på Voss, seie Kristine Askvik.

Mediefolk:

Kristine Askvik er tilsett som vaktsjef i avisa Hordaland

Kjem frå stillinga som kommunikasjonrådgjevar ved Stiftelsen Verdighetsenteret.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Kristine Askvik har takka ja til stilling som vaktsjef og journalist i avisa Hordaland på Voss. Det melder Avisa Hordaland i ein pressemelding.

Askvik kjem frå stillinga som kommunikasjonrådgjevar ved Stiftelsen Verdighetsenteret.

Dei siste seks åra har ho vore gründer i verksemda weCare Family og jobba med kommunikasjon innan helse. Tidlegare har ho jobba for mellom anna Bergens Tidende og NRK.

– Eg gler meg stort til å gjera comeback innan journalistikken. Eg vart så glad at eg måtte dansa litt på golvet her heime då eg fekk jobbtilbodet. Eg brenn mellom anna for å få fram dei gode historiene, spegla mangfald og gjera oss alle i stand til å vera informerte deltakarar i demokratiet vårt, seier Askvik i pressemeldinga.

I Hordaland går Askvik inn i ei vaktsjefgruppe. Som vaktsjef skal ho styra avisa sine prioriteringar og ha ansvar for fortløpande publisering på nett. I periodane ho ikkje er fungerande vaktsjef skal ho jobba som journalist.

– Kristine er heilt openbert ein engasjert og kunnskapsrik person som me er veldig glade for å få med på laget. Ho er ein erfaren journalist med solid bakgrunn, som garantert har mykje å tilføra Hordaland, seier konstituert ansvarleg redaktør Terje Hjartnes og videre:

– I tillegg har ho bakgrunn frå næringslivet og inn mot helsefeltet, noko som har gjeve henne kunnskap og erfaring som er nyttig å ha med seg inn i redaksjonelt arbeid.

Askvik tek til i stillinga 1. oktober.

Powered by Labrador CMS