Politisk redaktør Erik Stephansen i Nettavisen fortel at mange av avisas lesarar er temmeleg likegyldige til kva skriftspråk dei les.
Politisk redaktør Erik Stephansen i Nettavisen fortel at mange av avisas lesarar er temmeleg likegyldige til kva skriftspråk dei les.

NYNORSKDAGEN 12. MAI

Nettavisen-lesarar er meir positive til nynorsk enn venta

– Nesten ikkje nokon forskjell blant lesarane våre, seier politisk redaktør.

Publisert Sist oppdatert

12. mai markerte den årlege nynorskdagen, og i den samanheng har Nettavisen gjennomført ein undersøking i samarbeid med mastergradsstudent Sofie Flølo Dyrstad.

Undersøkinga er ein del av eit masterprosjekt ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, og tek sikte på å finna ut av korleis journalistikk på nynorsk blir mottatt i nettaviser.

– Forskjellene er såpass små samanlikna med styrkeforholdet mellom nynorsk og bokmål, at det kan verka som om lesarane har betre haldningar til og høgare toleranse for nynorsk enn først tenkt, og at mange lesarar er temmeleg likegyldige til kva skriftspråk dei les, seier masterstudent Dyrstad til Nettavisen.

Fleire sidevisningar på bokmål

I løpet av fire dagar sende Nettavisen ut fire ulike saker som vart publisert på både bokmål og nynorsk. I ein periode på nokre timar kvar dag bytta bokmåls- og nynorskversjonane plass på fronten. Herifrå vart det samla inn statistikk basert på sidevisningar, lesetid, scrolling og fråfall.

Resultata viser at det i gjennomsnitt var 31,2 prosent fleire sidevisningar på bokmålssakene. Det var også litt større fråfall på nynorskssakene.

Nynorsk vinn på lesetid

Men på dei andre målte faktorane i undersøkinga kommer sakene på nynorsk best ut. Ein av årsakene til det gjelder kor mange som fullførte artikkelen. Leserane hadde generelt lengre lesetid på nynorsk enn på bokmål.

– Riksavisene har trudd at lesarane ikkje vil ha nynorsk, og at det er ein høgare terskel for å lesa sakene når dei er på nynorsk. Men det har me no testa: Og det er nesten ikkje nokon forskjell blant lesarane våre, seier Erik Stephansen, politisk redaktør i Nettavisen.

Powered by Labrador CMS