Prisvinnar Eivind Molde og juryleiar Solveig Barstad.

Nynorskpris til NRK-journalist Eivind Molde

Får Kulturdepartementets nynorskpris.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Utanriksreporter Eivind Molde i NRK er årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020.

Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og er eit føredøme for andre.

– Tusen tusen takk, dette var utruleg overraskande, sa Eivind Molde då han forstod at han fekk prisen.

– Det som har vore viktig for meg, anten om folk sit på bussen med ei propp i øyret, les oss på nrk.no eller ser oss på tv, er at folk forstår oss i NRK, sa han vidare.

Tidlegare har prisen vore utdelt under Dei Nynorske festspela i Aasentunet i Ørsta. Grunna koronapandemien vart prisen i år delt ut under eit lukka arrangement hjå NRK på Marienlyst i Oslo der også Molde har arbeidsstad.

– Eivind er tryggare enn ordboka, sa nyheitsdirektør Helje Solberg i sin tale under tildelinga.

Molde er oppvaksen i Gulen i Ytre Sogn. Han gjekk gymnas på Os og var i unge år lærarvikar på Os og vikar i NRK Hordaland. Frå 1984 arbeidde Molde som lærar i Alta,d er han var med på å starte opp Alta nærradio. Sommaren 1989 var han vikar i NRK Dagsnytt og frå 1990 fast tilsett same stad. Sidan den gongen har Molde arbeidd i NRK.

Molde er medforfattar av fleire bøker om friluftsliv i Oslomarka.

Tidlegare prisvinnarar

2019: Kjersti Mjør, Bergens Tidende

2018: Harald Thingnes, NRK

2017: Jens Kihl og Guri Kulås, Klassekampen

2016: Jon Hustad, Dag og Tid

2015: Jan Zahl, Stavanger Aftenblad

2014: Ingunn Solheim, NRK

2013: Christian Wiik Gjerde, NRK

2012: Katrine Sele, Firda og Hilde Sandvik, Bergens Tidende

2011: Njord V. Svendsen, Bergens Tidende

2010: Astrid Brekken, NRK

2009: Ronny Brede Aase, NRK

2008: Odd Reidar Solem, TV 2

2007: Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen

2006: Linda Eide, NRK

Grunngjevinga frå juryen:

På nyåret 2020 var det klart at NRK for første gong hadde innfridd stortingsvedtaket frå 1970 om at 25 prosent av stoffet skulle vere på nynorsk. For å nå denne milepålen har allmenkringkastaren drege vekslar på eit solid grunnfjell av nynorskbrukande medarbeidarar, og årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er i høgste grad ein del av dette grunnfjellet.

Årets prisvinnar brukar eit klart og tydeleg språk og set nynorsk normaltalemål i høgsetet, produserer stoff for alle plattformer og har ei særleg evne til å framstille kompliserte forhold på ein enkel og forståeleg måte for den jamne lyttar, sjåar og lesar. Prisvinnaren har òg ord på seg for å vere hjelpsam og ein god rettleiar for kollegaene i så vel språklege som journalistiske spørsmål.

Prisvinnaren starta som sommarvikar i NRK Dagsnytt i 1989 og vart fast tilsett i 1990. I ei årrekkje tente han fast på nyhendebulletinen, i mange av dei berre på natt. I dei seinare åra har prisvinnaren spesialisert seg på klima- og miljøsaker. Han dekte til dømes FNs klimakonferanse i Paris i 2015 for alle NRKs plattformer på ein framifrå måte. Han rapporterer snart frå Svalbard, snart frå Antarktis, og i 2018 fekk han ansvaret for å dekke returen til ishavsskuta Maud frå Canada til Vollen i Asker. Som tilknytt utanriksredaksjonen legg han ofte kommentarar på utanlandsk reportasjestoff i mellom anna Dagsrevyen og Urix.

Prisvinnaren er ikkje av dei som stikk seg fram i utrengsmål. I over 30 år har denne smålåtne sogningen likevel gjort ein uvurderleg innsats for god journalistikk på nynorsk og godt språk generelt i NRK. Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2020 går til Eivind Molde, utanriksmedarbeidar i NRK.

Powered by Labrador CMS