Ingen enkeltorganisasjon eig verken Pride-markeringa eller regnbogeflagget aleine, skriv Espen Moe Breivik. Bildet er fra Pride-paraden i Oslo i 2021.
Ingen enkeltorganisasjon eig verken Pride-markeringa eller regnbogeflagget aleine, skriv Espen Moe Breivik. Bildet er fra Pride-paraden i Oslo i 2021.

Debatt:

Ville eit mediehus eller redaktørforeninga bedt ein journalist om å ikkje gå i gudstjeneste?

Eg kjøper ikkje den nye politiseringa enkelte har forsøkt å skape rundt Pride, skriv VG-journalist Espen Moe Breivik.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.

Innad i norske mediehus har det både før og etter helgas hendingar vore ein debatt om kor vidt journalistar kan eller ikkje kan gå i parade eller markere Pride. Vi skal trass alt halde oss nøytrale, og derfor ikkje vere medlem av politiske organisasjonar eller delta i politiske markeringar. Ein klok og riktig praksis. Og debatt om dette er også viktig.

Samtidig står ingen mediehus verken utan verdiar eller historie. Nokon gongar meiner eg det er riktig at også eit mediehus famnar om enkelte universelle verdiar. Det bør i alle fall gå ei grense for kor inngripande arbeidgivar bør vere også i journalistars privatliv og rett til å ytre seg.

Eg ville sjølvsagt aldri gått fremst i nokon form for demonstrasjonstog, under ei politisk parole, men så handlar heller ikkje pride om kontroversielle enkeltsaker.

Pride er ein folkefest, samtidig som det er ei markering for like rettigheiter, mangfold og toleranse. Ingen enkeltorganisasjonar eig verken Pride eller regnbogeflagget aleine. Slik har det vore frå starten av. Derfor kjøper eg heller ikkje den nye politiseringa enkelte har forsøkt å skape rundt arrangementet.

Ville eit mediehus eller redaktørforeninga bedt ein journalist om å ikkje gå i gudstjeneste, eller melde seg ut av kyrkja, for å dekke religion som tema eller religiøse arrangement? Kyrkja har jo også ein politisk plattform om både flyktningpolitikk og oljeboring som er kontroversiell blant enkelte.

På lik linje med religion er også legning eit personleg tema, der ein har behov for å uttrykke seg og samle seg.

Eg vil hylle Trine Eilertsen si tilnærming til dette spørsmålet, som eg meiner er presis og klok. Eg er også glad for at min eigen redaktør tidlegare har sagt at han ikkje vil nekte journalistar å gå i Pride-parade.

Mediehusa si tilnærming til dette spørsmålet bør i utgangspunktet ikkje endre seg etter helgas angrep. Likevel håper eg ein har innsett at ein ikkje har kome så langt som mange kanskje trur, og at media også har ei rolle i å kjempe mot overgrep, for likeverd og ytringsfridom.

Powered by Labrador CMS