Debatt:

Ein revidert versjon av Redaktørplakaten blir signert på Norsk Redaktørforenings haustmøte i 2019.

Toppleiarar må kursast i Redaktørplakaten

Lovar å gjera det me kan for at eit slikt tilbod blir oppretta.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Mange av dei uavhengige fagblada lever farleg. Medan redaktør og journalistar jobbar samvitsfullt og skriv kritiske artiklar om eigen organisasjon eller eigen utgjevar, kan det brått dukka opp ein toppleiar som ikkje har sansen for at det eksisterer eit fagblad som ser kritisk på verksemda på heile arbeidsplassen. For vedkomande er eit fagblad som er redigert i samsvar med prinsippa i Redaktørplakaten ein raud klut.

Kvart år dukkar det opp saker der toppleiarar prøver å ta kvelartak på eit fagblad ved å føreslå at fagbladet ikkje lenger skal vera uavhengig og kritisk og redigerast etter Redaktørplakaten, men anten leggjast inn under Kommunikasjonsavdelinga eller rett og slett bli lagt ned.

Mislykka forsøk

Om me går nokre år tilbake, heilt til 2007, var det Fagbladet som opplevde at utgjevaren, Fagforbundet, ville ha bort dei kritiske artiklane om Fagforbundet, og la det bli eit blad som skulle leggjast under Informasjonsavdelinga. Heldigvis var forsøket mislykka, og Fagbladet står i dag fram som både eit uavhengig og meir kritisk fagblad enn nokon gong.

Kvart år dukkar det opp saker der toppleiarar prøver å ta kvelartak på eit fagblad.

Nokre år seinare, i 2015, var turen komen til Bistandsaktuelt, fagbladet som blir gitt ut av Norad. Regjeringa ville leggja ned det uavhengige fagbladet for å spara seks millionar kroner i året. Fagpressa og andre presseorganisasjonar protesterte og viste til at det var det einaste fagbladet og avisa som skreiv om korleis det går med norsk bistand som kvart år får mange milliardar kroner frå statsbudsjettet.

Redningsaksjonen var vellykka, og Bistandsaktuelt lever i dag i beste velgåande og har verken blitt mindre kritisk eller mindre aktuelt enn det var før.

Utan mangfald og ytringsfridom

I 2017 var det Forsvarets forum som hamna i krig med forsvarsleiinga med forsvarssjef Haakon Brun-Hansen i brodden. Ei arbeidsgruppe som dei hadde sett ned, konkluderte med at fagbladet burde leggjast ned fordi det var for mange meiningar og for mange kritiske stemmer innanfor Forsvaret. Målet var at heile Forsvaret skulle tala med ei stemme.

Filosofien bak eit forsvar som skal forsvara demokratiet utan at det er mangfald og ytringsfridom i eigen organisasjon er vanskeleg å forstå. Heldigvis var dåverande forsvarsminister Ine Eriksen Søreide så klok at ho overstyrte forsvaret i den saka. Difor overlevde Forsvarets forum og held no fram med å skriva gode saker om Forsvaret, som andre media også plukkar opp.

Og går me igjen tilbake til fagforeiningane, så var det Finansforbundet som ynskte å fjerna Redaktørplakaten for Finansfokus i 2019, og lata det bli eit talerøyr for forbundsleiinga. Men generalforsamlinga gjekk imot leiinga si, og stemte imot å fjerna Redaktørplakaten. Dermed kunne redaktøren og medarbeidarane pusta letta ut og konsentrera seg om arbeidet med å laga eit godt og uavhengig fagblad om dei tilsette i bank- og finansnæringa.

Ikkje blitt kursa

Kva er så grunnen til at mange fagblad møter trugsmål om at leiinga vil fjerna Redaktørplakaten? Me trur rett og slett at svaret er at desse toppleiarane ikkje har blitt kursa i grunnleggjande informasjon om Redaktørplakaten.

Den gir klare kjørereglar som den ansvarlege redaktøren må styra etter, og hindrar også at ein person som er uansvarleg kan vera lenge i rolla som redaktør. For dersom ein redaktør ikkje fylgjer vedtektene og formålet til fagbladet, kan styret for bladet kasta han eller henne frå jobben. Det er trass alt eigaren som tilset redaktøren. Men dersom styret pressar redaktøren til å gjera ting vedkomande ikkje kan stå for, kan også redaktøren velja å gå frå jobben.

Me er heilt overtydde om at det er bra for omdømmet til ein utgjevar av eit fagblad at dei har ei kritisk og uavhengig røyst innanfor organisasjonen.

Med Redaktørplakaten får utgjevaren av eit fagblad ein garanti for ein ryddig og god journalistikk innanfor organisasjonen, der alle dei journalistiske prinsippa blir tatt godt vare på. Med Ver varsam-plakaten som etisk rettesnor, har journalistane den reiskapen som skal til for å laga god og seriøs journalistikk.

Om nokon meiner at avisa har gått over streken, har dei høve til å melda saka inn for Pressas faglege utval. Om utvalet kan prova eit etisk overtramp, må mediet gå ut offentleg med dommen om at det har brote god presseskikk. Som regel er det eit ganske stort omdømmetap for eit uavhengig og kritisk fagblad eller avis.

Kritisk og uavhengig røyst

Me er heilt overtydde om at det er bra for omdømmet til ein utgjevar av eit fagblad at dei har ei kritisk og uavhengig røyst innanfor organisasjonen. Samtidig vil fagbladet hjelpa til med å finna fram både positive og negative ting på arbeidsplassen. Dei negative tinga kan rettast opp og dei positive tinga kan sjølvsagt utgjevaren også profilera for alt dei er verdt.

Det som er viktig for toppleiarane å vita, er at eit kritisk og uavhengig fagblad har full rett til å meina noko anna enn det utgjevaren meiner.

Om toppleiaren er ueinig i det, er det toppleiaren som må gå frå jobben, ikkje den ansvarlege redaktøren. Det beste vil likevel vera om toppleiarar kunne bli kursa i kva det vil seia at eit fagblad skal redigerast etter Redaktørplakaten.

Fagpressas redaktørforum lovar å gjera det me kan for at eit slikt tilbod blir oppretta i regi av presseorganisasjonane.

Powered by Labrador CMS