23 studenter uteksaminert

Dei første 23 studentane på journaliststudiet ved Addis Abeba universitet er ferdige.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Avslutningsseremonien fann stad laurdag med familiar og offisielle representantar til stades, heiter det i ei melding frå Mediehøgskolen Gimlekollen.

Studentane som vart uteksaminerte utgjer det første kullet av mastergradsstudentar i journalistikk i Etiopia. Studiet byrja 15. mars 2004, og er fullfinansiert av norske styresmakter gjennom Norad. Prosjektet har ei budsjettramme på om lag 50 millionar kroner i den første femårsperioden.

Den akademiske partneren i prosjektet er Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand.

Alle studentane har skrive ei masteroppgåve i journalistikk som har vorte forsvart framfor eit internasjonalt sensorkorps med publikum til stades. Mange av oppgåvene inneheld kritikk av mediesituasjonen i Etiopia.

17 journalistar og redaktørar er for tida fengsla i Etiopia. Berre Kina og Cuba har fleire mediefolk bak murane.

Også studentane ved Addis-programmet har opplevd vanskelege undervisningsforhold. Fire studentar har vorte arresterte idet dei har utøvd studentoppgåver i Addis Ababa, men dei har seinare vorte lausletne.

Førelesarane ved Graduate School of Journalism and Communication kjem frå universitet og medieinstitusjonar i ni ulike land, inkludert Kenya, Zimbabwe og Sør-Afrika. Frå Noreg er førelesarar frå mellom anna Mediehøgskolen Gimlekollen og Universitetet i Oslo involvert.

Powered by Labrador CMS