Debatt:

Hanna Relling Berg er styreleiar i Norsk Redaktørforening. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Den aller største medieskandalen dette året, er den saka ingen av oss skreiv om, den saka vi ikkje klarte å avdekke

NRs styreleiar om NAV-skandalen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Opningstalen til Hanna Relling Berg på haustmøtet til Norsk Redaktørforening.

Gode kollegaer. Velkommen til haustmøte, som skal handle om journalistikk, sett frå mange ulike vinklar.

I ei tid då vi fløymer over med informasjon på nettet, er det avgjerande at vi er tydeleg på kva som er journalistikk- og kva som ikkje er det. Det som skaper forskjellen, er presseetikken. Vi har alle forplikta oss til å følgje etiske normer som pålegg oss å belyse saker frå ulike sider, leite etter fakta, søke etter sannheit, vere kjeldekritiske, rettferdige og alltid sørge for at den som blir utsett for sterke skuldingar får høve til å forsvare seg. I ei tid der journalistikken blir truga frå alle kantar, er det dei etiske normene vi må styrke. Det handlar om tillit.

Takka vere Sofie frå Ålesund får vi no ei nødvendig skjerping av det etiske regelverket. Kildeutvalget, med Sven Egil Omdal i spissen la fram sin rapport denne veka, og dei har gjort ein svært solid og grundig jobb. Dei forslaga som utvalet kjem med, er det lett å stille seg bak. Folk som er i kontakt med media skal ha tillit til at dei blir behandla rettferdig og respektfullt.

Gode reglar er bra, men det viktigaste er at dei blir sett ut i livet. Som redaktør er det mi oppgåve å sørge for eit tydeleg regelverk lokalt, og etisk bevisstheit i det daglege.

Det blir skapt mykje god journalistikk rundt om kring i landet. Eit foreldrepar fortalde nyleg om kor viktig lokalavisa hadde vore, i ei sak der dei følte seg overkøyrd av kommunen. « Det at lokalavisa omtalte saka vår, og fekk fram våre synspunkt, gav oss rettstryggleiken tilbake», sa foreldra.

Veldig mykje er bra, men av og til sviktar vi.

Den aller største medieskandalen dette året, er den saka ingen av oss skreiv om, den saka vi ikkje klarte å avdekke. NAV-skandalen. Her treng vi alle å gå i oss sjølve og spørje; korleis kunne det skje? Korleis kunne vi kollektivt klare å svikte dei som aller mest treng ei stemme? Det står så tydeleg i Vær varsam-plakaten om vår samfunnsrolle: Det er pressa si oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre. I denne saka har vi ikkje gjort jobben vår, og det må vi lære av.

Eg hugsa enno utfordringa han kom med, ein amerikansk reporter på en SKUP-konferanse for mange år sidan. Han fortalde om korleis han hadde avdekka alvorleg svikt i helsetenestene til pleietrengande i heimbyen. Han hadde tatt fatt i eit tips som hadde blitt liggande lenge, fordi det var komplisert og kravde litt ekstra arbeid, men han begynte å lytte til folk, som få brydde seg om. Han føretok systematiske undersøkingar, og rulla opp ei forferdeleg skandale. Publiseringa førte til endring, og dei fattige pleietrengande fekk eit meir verdig liv.

Han utfordra oss alle som var på den Skup-konferansen med spørsmåla: Er det nokon som lid vond, fordi du ikkje skriv om det? Fordi du ikkje ser eller lyttar, fordi du prioriterer tid og krefter på feil saker? Viktige spørsmål som vi redaktørar må stille oss.

Blindsoner i journalistikken står på programmet i morgon, og eg håper det kan føre til viktige debattar om kva vi prioriterer og kva saker vi er blinde for.

Utanforskap er eit stort samfunnsproblem. Mange unge føler dei ikkje høyrer til i samfunnet, og fell ut av både arbeidsliv og samfunnsliv. Det er både ei tragedie for den enkelte, men også for samfunnet. Utanforskap er også med på å rekruttere til ekstremisme. Aviser er med på å skape geografiske fellesskap. Alle har behov for å høyre til ein stad, og aviser kan vere viktige både for identitet og tilhørigheit. Som redaktør er eg opptatt av å skape inkluderande fellesskap.

Sjølvmord er eit svært vanskeleg tema å skrive om. Korleis forebygge, utan å vere med på å trigge til handling? I dag presenterer Norsk Redaktørforeininga ein rettleiar som gir 10 gode råd for omtale av sjølvmord. Dette vil bli eit svært nyttig hjelpemiddel, først og fremst for journalistar og redaktørar, men også for alle andre som er opptatt av temaet.

I år har to journalistar gitt ut bøker som skildrar korleis det å stå i ein mediestorm, Fredrik Virtanen og Haddy N’Jie. Begge bøkene har skapt sterke reaksjonar, og kan ha problematiske sider, men det er ein annan debatt. For oss i pressa er dette viktige bøker. Dei gir oss innblikk i korleis medietrykket kan opplevast på nært hald. Langt frå alle medieoffer er i stand til å formidle opplevelsen, slik som desse to dyktige journalistane har gjort. Derfor er dei også med på å gi stemme til andre som kan ha opplevd noko tilsvarande, og som ikkje er i stand til å uttrykke det. Vi må lytte og forstå, for å kunne gjere ein betre jobb i framtida. VGs opprydding etter Bar Vulkan- saka er eit godt døme på at det er muleg å lære av feila som er gjort.

Reportere utan grenser var mellom favorittane til å ta imot årets Nobel fredspris. Sjølv om dei ikkje fekk prisen, var det ei sterk påminning om betydninga av journalistikk for å sikre fred og fridom i verda. Utan journalistar som rapporterer, kan overgrep skje utan at nokon blir stilt til ansvar. Det gjer alle utrygge. I møte med journalistar og redaktørar som utset seg for livsfare ved å rapportere om kritikkverdige forhold, blir eg meir enn imponert for viljen til å vere tru mot oppdraget, som går ut på å få sannheita fram i lyset. Og inspirert at den sterke trua på at god journalistikk er det viktigaste våpenet i kampen mot korrupsjon, i land som er gjennomsyra av korrupsjon. Norge ligg på verdstoppen når det gjeld pressefridom, og det forpliktar oss til å bruke fridomen til å lage vesentleg journalistikk.

Ytringsfridom, mediemangfald, openheit i samfunnet er verdiar som Norsk Redaktørforening står for, og som det blir jobba med på mange ulike måtar. Openheit skaper tillit. Den viktigaste verdien i det norske samfunn er tillit. At vi har tillit til kvarandre, og tillit til viktige institusjonar i samfunnet. Den tilliten er meir verdifull enn oljen, og er med på å gjere Norge til eit av verdas beste land å bu i.

Det er lønnsamt for lokalsamfunn å ha ei lokal eller regionavis som passar på kommunen. Forsking har vist at kommunar med sterke lokal- og regionaviser, driv meir kostnadseffektivt enn kommunar som har aviser med lav husstandsdekning. Alle med makt har behov for nokon som kikkar dei i korta, som stiller vanskelege spørsmål og krev svar.

Folk har i stor grad tillit til redaktørstyrte media viser undersøkelsen frå Medietilsynet, og den tilliten må vi gjere oss fortent til kvar dag. Journalistikk handlar om tillit.

Vi treng å løfte blikket, i eit kvardag fylt av stress og krav frå alle kantar, og bli minna på samanhengen vi står i. Det er derfor vi er samla i Tromsø no.

Velkommen til haustmøte.

Powered by Labrador CMS