Olaug Nilssen (33) er forfattar, skribent, kjøkenbenkrealist og kulturlivsstyregrossist.

Fødsel på Facebook

(INNSPILL):Olaug Nilssen vil ha seg frabedt at du deler bildene fra barselsbesøket på Facebook.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Ja, eg sende deg ein sms. Det betyr ikkje at du fekk fullmakt til å offentleggjere fødselen min på sosiale medier.

 No for tida kan vi nesten dagleg lese ny-hende i nettavisene om kjendisar som har mista babykiloa sine svært kort tid etter fødsel. Det var lett, seier nokre, og viser til amming og trilleturar, medan andre innrømmer at dei måtte både trene og innføre strenge kosthaldsregimer for å få det til. Uansett ser dei bra ut få månader etter fødsel, og ei alminneleg høggravid dundre som nærmar seg hundre, kan bli rasande av mindre.

 Før i tida, det vil seie for ti eller fem eller kanskje berre to år sidan, var det vanleg at foreldre med nyfødde stilte opp til fotografering medan dei enno var på sjukehuset. Babyane var pakka inn i rosa eller blått sjukehusteppe, og foreldra såg meir eller mindre slitne ut, alt ettersom kor tøff fødsel dei hadde hatt, reknar eg med. Ei veninne som fødde første gong for om lag ti år sidan, fortalte meg at akkurat denne fotograferinga var noko som bokstavleg talt tok henne på senga, både då den skulle føregå og då biletet kom på trykk i avisa. «Når ser du eigentleg verre ut enn akkurat då?» spurde ho.

 Ein kan sikkert finne døme på kvinner som har sett verre ut enn dei gjer i dei første dagane etter ein fødsel (til dømes kjenner eg nokre som ser betydeleg verre ut dei siste vekene FØR fødsel), men veninna mi har absolutt eit poeng. Når vi ikkje ser desse sjukehusbileta av nyfødde med foreldre i avisene lenger, er det sannsynlegvis fordi vi har så mange muligheiter til å ta regien sjølv når vi skal offentleggjere at vi har produsert ein ny verdsborgar. Mange hyrer fotografar som har spesialisert seg på å avbilde sovande babyar med hårband, men dei fleste brukar private bilete frå sofaen heime. Når biletet kjem på trykk i avisa, har vi sannsynlegvis for lengst offentleggjort både fødselstidspunkt, vekt, lengde og bilete av av-kommet på sosiale medier. Og rett skal vere rett: Det er ikkje så reint få nybakte foreldre som går ein god del lengre enn eg ville ha gjort i å dele private detaljar frå fødsel og barselstid på sosiale medier.

 Ofte lurer eg likevel på om ein verkeleg har regien sjølv når ein brukar sosiale medier i samband med store hendingar i livet. Kvar gong ei nettavis offentleggjer at ein kjendis skal bli eller har blitt mamma eller pappa (og det, må vi innrømme, gjer nettavisene svært ofte, oftare enn dei skriv «slik mistet hun babykiloene») er det ikkje alltid like klart om dei har foreldrenes samtykke til å dele den store nyhenda - somme tider viser dei berre til at kjendisens vener har gratulert han eller henne på twitter eller Facebook. Det er godt mogeleg at kjendisane synest dette er heilt ok, og kanskje til og med ei hyggeleg stadfesting av kor kjende dei faktisk er, men kan det ikkje også vere at dei sit på klinikken og føler seg sveitte, tjafsete og utslitne, og at det siste dei vil er å forhalde seg til omverdas interesse?

 Det same gjeld nok også for mange meir alminnelege, nybakte foreldre, som også kan vere skjelvande og forkava. Vi kjem neppe på framsida av nettavisene dersom venene gratulerer oss i full, sosial offentlegheit, men nyhenda om fødselen spreier seg likevel fortare enn vi sjølv greier å ha kontroll over – og kanskje også før vi føler oss trygge på at alt verkeleg HAR gått bra.  

 Det er jo velmeint, og det er sikkert også mange som synest det berre er hyggeleg med gratulasjonar i sosiale medier. Eg synest også det, men eg vil likevel helst bestemme sjølv når storhendingane i livet mitt skal offentleggjerast. Og ja, eg sende deg kanskje ein sms, kanskje til og med ein mms, men det betyr ikkje at du skal svare med ein gratulasjon på twitter eller facebook, der alle dine og mine meir eller mindre nære vener og kjende kan sjå at eg har fått barn før eg har rekt å fordøye hendinga sjølv.

 Og endå viktigare: Det er i alle fall ikkje lov å dele bilete frå barselsbesøket, uansett kor mange månader og kilo det er sidan fødselen!

 Med desse formaningane tar eg mammapermisjon frå Journalisten.

Powered by Labrador CMS