Olaug Nilssen (33) er forfattar, skribent, kjøkenbenkrealist og kulturlivsstyregrossist.

Kven ser TV på TV?

(INNSPEL:) Olaug Nilssen til åtak på formålslaus tv-sjåing. 

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Mange hugsar sikkert Harald Eia og Bård Tufte Johansens harselas med NRK i Åpen Post frå tidleg på totusentalet. Fleire sketsjar blei introduserte med «propagandakontoret presenterer», og viste glade menneske som sat oppe til kanalverten sa god natt og presenterte kveldens avslutningsbilete. Ein slo av tven med dei snusfornuftige orda: ”Nok fjernsyn for i dag!” før han heldt fram, like snusfornuftig og NRK-patriotisk «Nå vil jeg høre litt på radio».

I dag finst det eit vell av muligheiter. Ikkje berre finst det ei rekke kanalar med meir eller mindre variert programtilbod, vi kan leige filmar, vi kan ta opp tv-program på getboksen vår og vi kan laste ned tidlegare sende tv-program frå internett.

Men ifølge TNS Gallup, er det berre 2,8 prosent av all tv-sjåing som føregår utanfor sendeskjema. Ikkje berre ser vi på det som blir tilbydd når det blir tilbydd, vi ser på det lenge. Vi ser på det i tre timar kvar dag. Ikkje berre i helga, men kvar einaste dag ser vi tre timar på tv! Eg kan nesten ikkje tru det. Er vi verkeleg så passive, så blindt konsumerande? Har vi verkeleg så lite anna å finne på? 

Viss tala og rapportane frå sosiale medium stemmer, så må svaret vere ja. Det vil seie: DE gjer det. Det er DE ANDRE som har dette einsformige livet. Dessutan ser de nok meir enn tre timar kvar dag, viss ikkje kan det nemleg ikkje stemme overeins med kor lite eg ser på tv. For eg ser ikkje på tv tre timar kvar dag, eg vil snarare seie at eg er langt i frå eit slikt timetal framfor fjernsynet. 

Ikkje for å skryte (jo, for å skryte), men no for tida ser eg berre på Barne-tv og Borgen. Det er først og fremst fordi eg har begynt å synest at nesten alt anna er drit. Reality eg før kunne fryde meg over, er så likt seg sjølv at ein kan lure på om deltakarane har skrive manus til seg sjølv med utgangspunkt i førre sesong. At dommarar i ulike idolvariantar uttrykkjer begeistring eller misnøye med å vise til «noe» eller «det» eller «x-faktor» eller «særpreg» får meg dessutan til å tvile på heile profesjonen og lure på om det ikkje ville vere på tide å få Forfatterforeningens litterære råd til å stille opp i ein tilsvarande skrivekonkurranse. Den einaste underhaldninga med reality i dag, er å gjennomskode strukturane: Aha, du er ei kjip heks? Då får du nok bli med lenge i The Bachelor 20 vs 40, endå alle konkurrentane hatar deg og det er tydeleg at ungkaren i hovudrolla  eigentleg gjer det same. Jasså, dei tvingar deg til å klippe håret på Make Over-dagen i Top Model? Ja, du kan berre gråte, for då har ikkje produsentane tenkt at du skal vinne.

Dei amerikanske tv-seriane er dårlege kopiar av gamle suksess-seriar og skodespelarane er fullstendig uttrykkslause. Skal det handle om mødre i førtiåra, så kan dei vel sjå ut som mødre i førtiåra, i alle fall når det er dei same kvinnene som er sitcomstjerner no som var det på nittitalet. Courtney Cox, du er kanskje ein cougar, men kva skal du med det nebbet? For ikkje å snakke om dei hotte glattpannene i etter omtalen åh, så lovande Good Christian Bitches; kvifor har de ikkje lært dykk nokre meir oppfinnsame bibelvers når de skal krydre den gjennomsiktige dobbeltmoralen dykkar? 

Det mest sette av alle tv-program, nemleg Nytt på nytt, har sju av ti plasseringar på NRKs ti på topp-liste. Eg skal ikkje seie noko stygt om det, men eg ser ikkje på det. Eg har sett det i tretten år, ti år på tv og tre år på twitter – eg kan vel ikkje vere den einaste som synest det er nok? 

Då eg var barn, tenåring og student – det vil seie før internett vart tilgjengeleg overalt - er det mulig eg kan ha vore i nærleiken av eit slikt timetal, i alle fall på dei sløvaste kveldane, der eg berre lét fjernsynet stå og dure utan mål og meining. Når dette er så uaktuelt i dag, så er det ikkje fordi eg ikkje lenger har slike kveldar. Det er jo fordi eg er av dei 2,8 prosenta som utnyttar teknologien og plukkar ut det eg VIL sjå. Og når det ikkje er så mykje, så seier det seg sjølv at formålslaus internettsurfing vinn over formålslaus tv-sjåing.

Olaug Nilssen er forfattar, skribent, kjøkenbenkrealist og kulturlivsstyregrossist.

Powered by Labrador CMS