Ei høgreradikal dagsavis

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Når las du sist ein norsk kommentator som skreiv at uføre er snyltarar, skatt tjuveri, og at Jonas Gahr Støre bør stillast for riksrett for delelineavtalen? Du slit med å hugsa det?

Dei fleste norske kommentarar er som regel berre rein info utan at nokon vert intervjua; dei resterande er metaanalysar av det politiske spelet, eller innsiderapportering om kva som kunne ha vore gjort. Typisk for den fyrste kategorien er alle utanrikskorrespondentane og dei som skriv om økonomi. Typisk for den siste kategorien er Harald Stanghelle, som etter å ha tenkt seg om og funne ut kva som mest truleg kjem til å henda, skriv at han er mot ein ny blasfemiparagaf; eller Elisabeth Skarsbø Moen, som har funne ut at Maria Amelie heilt sikkert kjem til å få verta verande sidan lover og regler ikkje gjeld for dei som VG til kvar tid har sympati med.

Til slutt har vi ein restkategori: Dei som skriv det dei meiner, ubunde av kva som til kvar tid er mogeleg, og ubunde av kva andre måtte meina. I Noreg er stort sett desse ein del av det britane kallar «loony left», som einskilde – utan suksess – har freista å setja om med «skrotvenstre» på norsk . Få skal kunna skulda Anders Heger, Marte Michelet eller Inger Lise Olsen for å skriva frå innsida og i samsvar med ynska til makta. Den klassiske «looney left»-representanten har ofte bakgrunn frå SV, AKP og Raudt og har med åra funne ut at Noreg er eit kaldt, inhumant og «nyliberalistisk» samfunn, bygd på noko særleg Klassekampen og Magnus Marsdal kallar «New public managment», eller NPM. Det er nokså mange av desse i Noreg, så mange at vi knapt nok registrerer dei; dei har med andre vorte ein del av den nasjonale samtalen.    

Sterke høgrestandpunkt finst derimot knapt i norsk kommentatorstand. Frå tid til anna er det rett nok visse tendensar frå Dagens Næringsliv og Kåre Valebrokk om å ynskja at skattane skal ned, men berre litt og alltid i samsvar med ein ansvarleg finanspolitikk. To som av og til kan finna på å hevda merkelege standpunkt, er Olav Versto og Bjørn Gabrielsen. Versto kan frå tid til anna få seg til å hevda at islam ikkje fungerer, medan Gabrielsen hevdar at Israel fungerer. Men utan at eg veit det, vil eg nok tru at båe desse to er solide sosialdemokratar.

Dei seinaste åra har sant nok ein del skjedd på internett, til dømes har Elin Ørjasæter på E24 skrive ting som norske journalistar flest vil rubrisera under «høgreorientert». Men jamvel om Ørjasæter kan henda er den mest avvikande og dimed mest interessante kommentatoren i Noreg i dag, er ho likevel ein god sosialdemokrat og forsvarar i hovudsak den norske fordelingsmodellen.

Oppsummert: Så godt som all norsk kommentarskriving er keisam, skriven frå innsida og har eit tungt sosialdemokratisk preg. Jamvel om vi har dobbelt så mange uføretrygda som gjennomsnittet i OECD, godtek ingen norsk redaktør eit beinhardt åtak på alle desse som er friske, men som likevel tek imot trygd. Og om nokon på eit morgonmøte hadde sagt at NATO burde bomba Tripoli, hadde det vorte sett på som galenskap. Vi treng ikkje å fara lenger enn til Danmark for å finna at slike standpunkt er normale; i USA og Storbritannia er dei dominerande.

Kvifor er det slik? Kvifor har vi eit så uniformert kommentatorkorps i Noreg? Sant å seia så veit eg ikkje. Det har til dømes vore gjeve kommersielle grunnar til at Aftenposten har gått sterkt til venstre og knapt meiner noko kontroversielt lenger. Men kva hadde avisa hatt å tapa på til dømes éin gong i veka å sleppa til ein ekte reaksjonær? Lite eller ingenting, truleg hadde det vore fornuftig reint kommersielt. Det er berre å sjå på lesarkommentarane i nettavisene, så skjønar alle at det er eit stort sug etter sterkt høgreorienterte skribentar i avisene.

Sjølv har eg med åra vorte meir og meir av ein reaksjonær djevel, i det minste vert eg oppfatta slik av ein del folk der ute. Og, kan eg fortelja dykk: Eg har ei rekkje vener, både på sosiale medium og i det daglege, som er langt meir reaksjonære enn eg er. Eller kva med alle Frp-veljarane, få kan vel hevda at deira verdisett er særleg progressivt? I eit land der 25 prosent røystar Frp, treng ikkje regjeringa å spørja Stanghelle for å finna ut at blasfemiparagrafar er tåpelege.

«Den store føremonen med Noreg er at alt er likt», sa Geir Lundestad ein gong og la til: «Den store ulempa med Noreg er at alt er likt.» Men dette er på eit overordna plan, noko som pregar dei som skriv og meiner noko i det offentlege romet. Noreg treng fleire avvikarar. Og ja, eg har med vilje ikkje nemnt Trygve Hegnar: Den mannen bør selja Finansavisen og etablera ei brei, reaksjonær ålmennavis.

Klassekampen kalla seg ei «venstreradikal» avis. Tenk på ramaskriket om nokon etablerte ei «høgreradikal» avis.

 

Powered by Labrador CMS