Debatt:

Betre å utdanna seg til tannlækjar, meiner Jon Hustad. Foto: Crestock.com

Journalistutdanning – helst ikkje

– Skriv som om du er Gud.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Til slutt skal denne kommentaren handla om journalistutdanning, den norske varianten. Men fyrst: Planen var å verta lektor. Ein gong for lenge sidan utdanna eg meg til filolog, eg tok språkfag, eg tok samfunnsfag, og eg tok hovudfag i historie.

Eg var ikkje den ivrigaste av studentane; eg arbeidde ved sida av, og eg festa vel for mykje. Men eg las no bøkene, diskuterte i kantina, prata med professorane, skreiv oppgåvene og drog på studietur til USA. For å seia det slik: Eg visste stort sett alltid kva eg måtte gjera, kva som vart venta av meg – og til slutt var det gjort; eg hadde skrive dei 200 sidene om president Eisenhowers Kina-politikk.

Skal ein få fast stilling som lektor, må ein ha det som heiter Praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Eg byrja om hausten. Kort tid etter skulle eg til rettleiing for den fyrste obligatoriske gruppeoppgåva; rettleiaren var spesialpedagog og kvinne, alle dørene i den korridoren eg gjekk inn i, hadde kvinnenamn på namneskilta. Men før rettleiinga måtte eg på do. Eg gjekk inn på herretoalettet og bort til pissoaret. I det stod det seks langstilka, raude plastroser. Eg vart forvirra, eg gjekk ut att i korridoren. Der gjekk eg på rettleiaren min, ho såg visst at eg såg noko undrande ut.

– Er det noe spesielt?

– Eh, kanskje, sa eg. – Det står nokre raude plastroser i urinalet.

– Men Jon, sa ho. – Er det ikke flott at et så sterkt mannlig symbol kan brukes til noe så vakkert?

Eg forstod stort sett aldri kva pedagogane venta av meg. Bortsett frå nokre få timar i fagdidaktikk var alt meta, berre meta. PPU var formas totale siger over innhaldet. Eg var ikkje nett åleine om å meina det, stort sett alle diskusjonar i kantina byrja med noko slikt som: «Kva pokker var dette for noko?» Sett vekk frå tre månader med praksis, sat dei fleste av oss att med kjensla av å ha kasta bort eitt år av livet.

Det kokar ned til dette enkle: Undervising er og vert ein erfaringsidrett – dét og god og konkret fagkunnskap. Ingen fransk poststrukturalistisk psykolog eller tidleg russisk materialistisk pedagog kan førebu deg på det du møter i skulen.

Les norske journaliststudentar George Orwell, studerer dei reisebreva til Knut Hamsun, les dei Italia-essaya til Hans E. Kinck eller The Economist? Skriv dei essay om den amerikanske borgarkrigen, studerer dei årsakene til krakket i 1929? Eller for den del: Lærer dei seg kommareglane?

Nei, stort sett ikkje. Dei konsentrerer seg om form og teknikk. Meistrar dei så teknikken og forma når dei kjem ut i ein redaksjon? Nja… dei brukar vel om lag like lang tid på å læra seg handverket som dei som ikkje har gått på ei norsk journalistutdanning.

Norske journalistutdanningar – og her byggjer eg berre på samtalar med andre journalistar og nokre redaktørar (ikkje berre Per Egil Hegge), men eg har ikkje sett noko vitskapleg underbygt prov på noko anna – er for norske journalistar det Praktisk pedagogisk utdanning er for norske lektorar: eit metastudium, og for dei fleste praktiske føremål bortkasta tid.

Skal ein få arbeid i nett The Economist, må ein helst ha ein grad frå Oxford eller Cambridge, ein doktorgrad i finansteori er òg bra. Når dei tilsette spør om korleis dei skal skriva – og dette har eg frå ein journalist i bladet – får dei til svar:

– Skriv som om du er Gud.

Og skal ein det kunne gjera, må ein ha grundige kunnskapar, omfattande skrivetrening og grunngjeven sjølvtillit. Min påstand er enkel: Dei komande norske journalistane – og lesarane og sjåarane deira – er mykje betre tente med å utdanna seg til filolog, siviløkonom, jurist, lækjar, ja, til og med tannlækjar, enn å nytta tid til å studera ved ein norsk journalisthøgskule.

Dessutan: Dei ørsmå produksjons- og distribusjonskostnadene på nettet har i alle høve køyrt maknadsverdien av dusinjournalistikken mot null, noko som meir enn talar for at også den tilhøyrande utdanningsvegen kjem til å døy ut. Ved den grava vert det ikkje felt mange tårene.

Men korleis var det dei gjorde det, alle desse gamle AKP-arane på journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo, dei som før hevda at all sann kunnskap måtte ta utgangspunkt i historisk materialisme? Kva var det dei fora journaliststudentane med, korleis fekk dei så godt som alle som var innom utdanninga til enda opp som tilhengjarar av ein banal og venstreorientert sinnelagsetikk?

– Beats me, som han pla seia det, VG-journalisten i Hallo i Uken.

Powered by Labrador CMS