Når fylla har offentleg interesse

KOMMENTAR: Ørsta sparket rådmann som drakk. Var mediene for tause, spør Jon Hustad.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Torsdag 3. september 2009 vart Jan Petter Eide, rådmannen i Ørsta kommune, teken i fyllekøyring. Klokka var vèl eitt tidleg på ettermiddagen. Før lunsj hadde han vore med på eit helsepolitisk seminar i Ålesund. Frå talarstolen hadde han snakka rør. Då han skulle køyra inn att til Ørsta, bad nokre av dei andre deltakarane han om å taka drosje, som han avviste. Nokon – eg veit kven – ringde så politiet, som stogga han.

Lokalvisa i Ørsta, Møre Nytt, som vert redigert av Rune Sæbønes, ein god ven av underskrivne, kjem ikkje ut på fredagar. Korkje NRK lokalt eller regionsavisa Sunnmørsposten valde å dekkja saka på fredagen. Sæbønes tok då avgjerda om å venta med å gå ut med saka og skreiv ingenting på laurdagen. Torsdagen veka etter hadde formannsskapet i Ørsta eit møte med rådmannen og gav han full tillit. Då meinte Sæbønes at saka var offentleg, og intervjua rådmannen. Eide svara at han angra, men ikkje at han hadde nokon planar om å slutta å drikka. Utover dette fekk fyllekøyringssaka ikkje nokon medieomtale, korkje i NRK Møre og Romsdal eller i Sunnmørsposten.

Korleis saka utvikla seg vidare, veit stort sett alle i Ørsta. Det gjekk nett slik som mange pressefolk i regionen venta at det skulle gå. Eide, som bur i Ålesund, måtte no taka buss til Ørsta, men stadig oftare valde han å taka heimekontordag. Det vart etter kvart nokså mange i Ørsta som på dagtid fekk telefonar om dette og hitt frå ein ikkje-edru Eide. Rådmannen stod òg bak fleire uheldige episodar i det offentlege romet. Han møtte òg opp til kommunestyrmøte i rusa tilstand. Når han i kraft av si stilling som rådmann måtte gripa inn mot skjenkjepraksisen til ein lokal pub, vart han gjord til lått på Facebook. No har Ørsta kommunestyre vedteke å sparka Eide, som med sine 54 år er for ung til å kunna gå av med pensjon. Møre Nytt har omtala utviklinga av saka, men utan å gjera eit stort nummer av det.

Eide på si side har så langt nekta å akseptera oppseiinga. Han har berre vore tilsett i Ørsta sidan mars 2009 og får neppe ein stor sluttpakke. Det ligg med andre ord an til at det vert rettssak. Den kjem neppe korkje Eide eller Ørsta kommune godt ut av. I tillegg kjem rettssaka til å verta startsignalet for omtale. Ei rettssak er ei offentleg hending.

Ei framferd som den Eide har stått for, kjem sjølvsagt ikkje ut av det blå. Det gjekk berre fem månader frå Eide byrja til han vart teken i fyllekøyring. Drygt eitt år etter han vart tilsett, vedtok kommunestyret altså å sparka mannen. Nokon har ikkje gjort arbeidet sitt.

Ørsta kommune har i alle år vore styrd av den særs kompetente, men no avlidne Per Hovden, ein rådmann som hadde alle dei tillitsverva ein kan ha i Kommune-Noreg, men dei siste åra var han mykje sjuk, og rådhuset vart gradvis dårlegare styrt. Dei siste par åra før Eide vart tilsett, hadde kommunen i praksis ikkje hatt ei fungerande administrativ leiing og i tillegg fått rykte på seg for å vera umogeleg å styra. Dimed vart søkjarlista til rådsmannsstillinga tynn og kort. På papiret var Eide tvillaust den sterkaste søkjaren.

Eg veit ikkje sikkert kva slags spørsmål Eide, som tidlegare var rådmann i Haram, fekk under jobbintervjua, eg veit ikkje kor mange telefonar dei som tilrådde Eide som rådmann, tok. Men eg veit at pressa visste, eg veit at folk både i Haram, i Ørsta og elles på Sunnmøre visste at Eide hadde eit alkoholproblem, og at dette problemet ved fleire høve hadde ført til uheldige episodar. Ja, til og med eg som bur i Oslo, visste at ein person med alkoholproblem hadde søkt på stillinga som rådmann i Ørsta.

I alle høve: Hadde Møre Nytt, Sunnmørsposten og NRK Møre og Romsdal omtala dei problematiske hendingane og drikkinga, ville Eide ikkje ha vorte tilsett. Den politiske leiinga på si side gjorde anten ikkje det ho skulle under tilsetjingsprosessen, eller ho valde medvite å lata att augo. Helst har det vel vore ein kombinasjon av desse to momenta.

Burde pressa ha skrive om alkoholproblema eller ikkje? Eg veit framleis ikkje. Sjølvsagt hadde veljarane i Ørsta rett til å få vita at kommuneleiinga var i ferd med å tilsetja ein rådmann med store personlege problem, sjølvsagt har ein person med alkoholproblem rett til å søkja på ei stilling, og sjølvsagt har kvart individ rett til eit privatliv. Vi gjer alle mistak. For meg endar problemstillinga opp i ei rekkje banale og sjølvmotseiande prinsipp. Det einaste eg veit sikkert, er at eg ikkje hadde teke belastninga med å skriva om Eides alkoholproblem før han vart tilsett.

Pressa feila, politikarane feila, og Eide feila. Innbyggjarane i Ørsta betaler prisen. Kommunen har i eit knapt år no vore under statleg administrasjon. Visse ting ser det ut til å vera umogeleg for lokalpresse å skriva om.

Powered by Labrador CMS