Ingrid Nedrebø, Berit Helle Jonsbråten, Sander Eide Aase, Solveig Oddvarsdotter Myren og Sunniva Skurtveit startar med opplæringa i Førde 22. august 2022.

Mediefolk:

Dette er kull 37 ved Nynorsk mediesenter

Fem nye praktikantar er klare til å ta fatt på seks månadar med intensiv journalistopplæring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Knappe to veker etter at søknadsfristen var ute er kull 37 klart ved NRK Nynorsk mediesenter. Fire jenter og ein gut kom gjennom nålauget denne gongen, skriv mediesenteret i ei pressemelding.

Dei nye praktikantane er Ingrid Nedrebø, Berit Helle Jonsbråten, Sander Eide Aase, Solveig Oddvarsdotter Myren og Sunniva Skurtveit.

– Det var mange gode kandidatar, og vi er trygge på at desse fem er motiverte og har engasjementet som må til for å gjere karriere som nynorskbrukande journalistar, seier leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu, i pressemeldinga.

Slik presenterer NRK praktikantane:

Ingrid Nedrebø, fødd 1996, frå Fjaler i Sunnfjord. Denne sommaren leverer ho bacheloroppgåva i musikkvitskap ved NTNU i Trondheim. Ho har vore aktiv i Radio Revolt, og har også vore nestleiar for studentradioen i byen. Gjennom dette vervet har ho og skrive saker for studentavisa Under Dusken. Før ho startar som nynorskpraktikant skal ho ha sommarjobb i avisa Firda. Musikk har vore ein raud tråd gjennom utdanning til no, og ho er også musikalsk leiar i Snaustrinda Spelemannslag. Ho har hatt sommarjobb som organist, vore vararepresentant i Fjaler kommunestyre og styremedlem i Norsk Målungdom.

Berit Helle Jonsbråten, fødd 1996, frå Bryne på Jæren. Ho er nyleg ferdig med masterutdanninga i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen. Der har ho også arbeidd som vitskapleg assistent og drive mykje med både tekst og formidling. Jærbuen har dessutan vore aktiv i studentradioen i Bergen, og ho har erfaring frå jobbar som pleieassistent og butikkmedarbeidar. Ho har alltid vore glad i å skrive, og har eit sterkt engasjement for å få fram dei viktige lokale og mindre historiene, som ikkje alltid får mest plass i media.

Sander Eide Aase, fødd 2003, frå Tørvikbygd i Hardanger. Han har vore tilkallingsvikar i lokalavisa Hordaland Folkeblad sidan han var 15 år. Der har han fått prøve seg på alt frå gravesaker til hendingssaker som må raskt ut på nettet. I tillegg har han røynsle frå ei rekkje verv innan politikken. Han har vore elevrådsleiar, representant på fylkestinget for ungdom, aktiv i ungdomsråd, målungdomen og Senterungdomen. 19-åringen brenn for å bli journalist for å kunne fortelje folk kva som skjer, på ein måte som gjer at alle forstår det. Han har venta på første sjanse til å søkje som nynorskpraktikant, og no ser han fram til å starte opp.

Solveig Oddvarsdotter Myren, fødd 1999, frå Haukedalen i Sunnfjord. Ho arbeider som koordinator og produsent for eit nytt datingprogram i regi av produksjonsselskapet Monster. Samstundes studerer ho prosjektleiing ved Fagskulen Kristiania. Ho har også erfaring frå produksjonsselskapet Rubicon, der ho jobba med «I lomma på Silje» og «Luksusfellen». Etter vidaregåande var ho elev på linja for Radio Live og Podkast ved Danvik Folkehøgskule. Ho har tidlegare vore styremedlem i Norsk Målungdom og skildrar seg sjølv som ein forsvarar av nynorsken. Ho ynskjer å fremje det nynorske skriftspråket og dei norske dialektene.

Sunniva Skurtveit, fødd 1996, frå Os i Hordaland. Ho held på å avslutte lektorutdanninga i samfunnsfag og matematikk ved NTNU i Trondheim, der ho skriv masteroppgåve i sosiologi. Gjennom heile studieløpet har ho brukt nynorsk. Det siste året har ho vore styremedlem og ansvarleg for å planlegge debattar og møter på Studentersamfundet i Trondhjem, og ho har tidlegare også vore aktiv i debattkomiteen same stad. Ho har og røynsle som leirsjef for ein sommarleiar for barn ved Bømlo Folkehøgskule, og ho har vore miljøarbeidar same stad. Ho er fødd i Jondal, og held framleis på dialekta.

Kull 37 startar med opplæringa i Førde 22. august 2022.

Powered by Labrador CMS