Difor:

Boulder, Colorado 22. mars. Ti menneske vart drept vart drept i ei masseskyting.
Boulder, Colorado 22. mars. Ti menneske vart drept vart drept i ei masseskyting.

Difor gjer Twitter deg dummare

Iblant går sosiale media for raskt. Og det bør både journalistar og kundane deira reflektera over.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er en kommentar. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Måndag 22. mars skjedde endå ei masseskyting i USA, denne gongen i Boulder, Colorado. Ti menneske vart drept. Mannen som er sikta for drapa vart arrestert etter om lag 50 minutt.

Dette er Derfor

  • I spalten «Derfor» forsøker vi å forklare hvorfor mediene tar de valgene de gjør. Eller sagt på en annen måte: «Derfor tar mediene de valgene de gjør». I tillegg tar vi noen avstikker til andre medierelaterte spørsmål.
  • Arbeidet er støttet av Stiftelsen Fritt Ord med 150.000 kroner.
  • Alle «Derfor»-artiklene inneholder en «bygg inn»-knapp. Med dette åpner vi for at andre kan publisere disse spaltene på sine nettsider.
  • Eneste kravet vi stiller til medier som benytter seg av dette, er at de via en av presseorganisasjonene er tilknyttet Norsk Presseforbund og dermed Pressens Faglige Utvalg.
  • Les mer om «Derfor» her.

På noko uklåre videobilete som raskt verserte i media – og i sosiale media – kunne ein sjå ein mann nesten utan klede, med rennande blod nedetter det eine beinet, bli ført fekk i handjern. Han er lyshuda. Nokre av reaksjonane i sosiale media som Twitter er prega av dette, og samstundes av dei nylege drapa utført av ein ung mann i Georgia sin delstatshovudstad Atlanta.

Fleire kommenterte korleis gjerningsmannen i Boulder hadde vorte tatt i live, og sette det opp mot lagnaden til Elijah McClain, ein svart mann som døydde av uklåre årsaker, etter at politiet stoppa han fordi han hadde tedd seg merkeleg, la han i jern, halde i nakkegrep og gjeve det bedøvande middelet ketamin.

Advokaten og barnebokforfattaren Meena Harris twitra på si side at valdelege, kvite menn er det største terrortrugsmålet mot USA.

Fyrst tysdag morgon, amerikansk tid, vart namnet på den sikta mannen gjort kjend. Han heiter Ahmad Al Aliwi Alissa. Han har budd mesteparten av livet i USA, men er fødd i Syria. Det gjer at mange, på ulike sider av diverse kulturkrigar, vil definera han som noko anna enn kvit (i seg sjølv ein illustrasjon på korleis slike kategoriar vert konstruerte). Meena Harris var blant dei som sletta sin tweet, men han vart snart likevel omtalt i ei rekkje media. Blant dei var Fox News, som peikte på korleis liberale (i amerikansk forstand) Twitter-brukarar ikkje hadde nølt med å fordøma «kvite menn».

Det hadde kanskje ikkje skjedd dersom det ikkje var for at tanta til Meena heiter Kamala Harris, og er USAs nye visepresident.

Lærepengar

Det finst lærepengar å trekkja av dette. Som Andy Meek peiker på i Forbes kan opplysningane som dukkar opp i kjølvatnet av slike hendingar stå i motstrid til kvarandre og dei kan vera dårleg kjeldebelagt. Kanskje er dei prega av rykte. Kanskje av forteljingane til augevitne i sjokk. For journalistar er hendingar som dette vanskelege å navigera, og kanskje er dei også prega sjølv.

I Boulder vart også politiet si pressekonferanse utsett fleire gongar. I dette informasjonsvakuumet søkte folk til sosiale media, blant dei Twitter.

Problemet: Sjølv om ein enkelt kunne finna videoar frå åstaden på Twitter – inklusive bilete av menneske som tilsynelatande var drept – ja, så kunne ein ikkje finna svar.

Fakta om Øyvind Strømmen

Fakta om Øyvind Strømmen
  • Øyvind Strømmen er utdannet journalist og har i tillegg en mastergrad i religionsvitenskap.
  • Som journalist har han særlig jobbet med politisk ekstremisme, og han har også skrevet tre bøker om høyreradikalisme og høyreekstremisme. I tillegg har han utgitt en biografi over Anders Lange og en bok om ungarsk historie og samtid.
  • Strømmen er fylkestingspolitiker for Miljøpartiet De Grønne i Vestland, og også nestleder i Europabevegelsen Vestland.

Foto: Guri Barka Martins / MDG

Spekulasjonar var det mange av, både der og i andre sosiale media. Ein ting er at nokre konspirasjonsteoretikarar meinte at det var snakk om eit «falsk flagg»-angrep, for det meiner dei alltid. Troll inspirert av chankultur prøvde også – som vanleg – å spreia påstandar om at gjerningsmannen heitte Sam Hyde. Men også andre lot spekulasjonane driva dei inn i etablerte narrativ og etablerte fiendebilete, utan å eigentleg ta høgd for fakta.

Sjølvsagt kunne ein også finna meir edruelege kommentarar, som delingar av radioprogrammet On The Media sin guide til «breaking news»-forbrukaren.

I den ligg det viktige lærepengar: Nyhetsleverandørar kjem til å gjera feil. Ikkje stol på anonyme kjelder. Sjekk medier nær hendinga. Samanlikn ulike kjelder. Og unngå å retweeta på refleks.

Difor bør ein vera tilbakehalden

Spekulasjonane har sjølvsagt ikkje avtatt, heller ikkje etter at den sikta mannen sitt namn vart gjort kjend. Men då kunne andre fiendebilete fyllast ut: «Det byrjar å sjå ut som skytinga i Boulder var eit jihadistisk terrorårtak», skreiv til dømes ytre høgre-aktivisten Jack Posobiec på Twitter.

Den relativt vidgjetne antimuslimske skribenten Robert Spencer hevdar på si side at Alissa er ein IS-sympatisør, og at media forsøker å leggja skjul på dette. Alt saman med utgangspunkt i Twitter-meldingar frå andre ytre høgre-skribentar med sine eigne spekulasjonar.

I skrivande stund er det ikkje er all verda som tyder på ei kopling til ekstrem islamisme. Det kan endra seg. Det kan jamvel ha endra seg før du les denne teksten. For førebels veit me fint lite. Alissa sin bror har skildra han som anti-sosial, paranoid og psykisk sjuk. Både Newsweek og Heavy.com viser i den samanhang også til Facebook-meldingar som kan synast å stadfesta det. Men det er i seg sjølv heller spekulativt, og det å skulda på psykisk sjukdom kan vera både vel lettvint og ganske problematisk.

Denver Post har på si side intervjua tidlegare lagkameratar og klassekameratar av Alissa, som fortel om aggresjon og om «ei mørk side» i han, som tok over, «som ein demon». Men i kva grad er det eigentleg minne? I kva grad omformingar skapt i etterkant?

Det kan ta tid før me får svar. Dersom me får dei.

Men inntil me veit meir, kan tragedia i Boulder iallfall minna oss på at ein ikkje bør hoppa til konklusjonar. Det gjeld for journalistar. Og det gjeld for mediakonsumentar også. Ikkje lat Twitter gjera deg dummare enn du er. Og ikkje lat spekulasjonane i kommentarfeltet springa av gårde med deg.

Powered by Labrador CMS