Difor:

Sjølv om panikken etter høyrespelet The War of The Worlds ikkje var rein fiksjon, vart den sterkt overdrive av dåtidas media.

Difor er fake news vår eiga skuld

Kanskje.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Boka Bad News av den britiske psykologen Rob Brotherton startar med eit døme på feilaktige framstillingar i media. Han fortel om Orson Welles' vidgjetne høyrespel The War of The Worlds frå 1938, som hadde preg av ei vanleg radiosending med nyhetsmeldingar, falske nyhetsmeldingar, og som ofte – til dømes av NRK – vert sagt å ha forårsaka massepanikk.

Problemet? Sjølv om panikken ikkje var rein fiksjon, vart den sterkt overdrive av dåtidas media. Historikaren Brad Schwartz leita etter massepanikken blant anna i brev sendt til Welles, til kringkastaren CBS og til FCC (Federal Communications Commission) i etterkant av sendinga, og fann få teikn på at den var reell. Han fann derimot fleire døme på at brevskrivarar var meir enn viljuge til å tru at andre fall for Welles' sine falske nyhende.

Fakta om Øyvind Strømmen

  • Øyvind Strømmen er utdannet journalist og har i tillegg en mastergrad i religionsvitenskap.
  • Som journalist har han særlig jobbet med politisk ekstremisme, og han har også skrevet tre bøker om høyreradikalisme og høyreekstremisme. I tillegg har han utgitt en biografi over Anders Lange og en bok om ungarsk historie og samtid.
  • Strømmen er fylkestingspolitiker for Miljøpartiet De Grønne i Vestland, og også nestleder i Europabevegelsen Vestland.

Foto: Guri Barka Martins / MDG

Ei rekkje av nyhetsrapportane handla også om at nokon andre hadde fått panikk. Austin Statesman kunne til dømes fortelja at delstatspolitiet i Texas ikkje hadde fått ei einaste telefonsamtale om det heile, sjølv om ein lattermild politisjef kommenterte at det jo kunne vera fordi dei hadde sprunge så langt av garde at dei ikkje lenger kom seg til telefonen. Washington Post og Boston Globe plasserte panikken til Harlem.

Og i Nazi-Tyskland gjorde Joseph Goebbels si avis, Der Angriff, propaganda ut av amerikanarane hadde trudd på ei slik fantastisk historie som høyrespelvarianten av H. G. Wells sin science fiction-roman. Då var det jo ikkje til å undrast over at dei også trudde på historier om påståtte nazistiske grufullheiter.

Eit loddent omgrep

Omgrepet fake news – falske nyhende – har fått vatn på mølla etter presidentvalet i USA i 2016, og har vorte flittig diskutert dei siste åra, også her i Journalisten.

Det er eit omgrep det er vanskeleg å heilt grep om. For nokre år sidan vart det kanskje helst nytta om slikt som Welles sitt høyrespel eller om satiriske nettsider som The Onion. I dag har ordet ein mørkare klang, det vert nytta for å skildra innhald som går under dekke av å vera journalistikk, medan det i røynda er oppdikta. Men er ein konspirasjonteoretisk nettstad fake news dersom dei som skriv artiklar på nettstaden faktisk trur på det dei formidlar? Eller er det berre når produsentane sjølv er medvitne om at det dei fortel er usant at det kvalifiserer, anten det vert gjort for å tena politiske interesser eller simpelthen for å tena pengar?

Fake news er dessutan også eit slagvåpen, ei klubbe å delja i hovudet på nyhende eller analyser ein ikkje set pris på. Det gjeld anten det er Donald Trump som raljerer mot CNN, eller heilt andre som raljerer mot «alternative» nyhetskjelder.

Ein moralsk panikk?

I den ferske boka The Roots of Fake News teiknar mediaforskarane Brian Winston og Matthew Winston opp fenomenet som eit døme på ein moralsk panikk. Det er ein situasjon der noko eller nokon vert oppfatta som eit trugsmål mot samfunnet og mot samfunnet sine verdiar, og der dette fenomenet vert skildra på stilisert og stereotypisk vis av massemedia.

Poenget deira er ikkje at det ikkje finst ei kjerne av sanning, men at trugsmålet i større grad er mediaskapt enn reelt. Tenk til dømes på den såkalla satanismepanikken.

Winston og Winston meiner at det ikkje finst solide prov på at makedonske clickbait-produsentar, britiske big data-seljarar eller russiske trollfabrikkar faktisk påverker val, langt mindre snur dei. Det kan nok diskuterast, men perspektivet er forfriskande. Moralsk panikk rettar seg gjerne mot nye mediaformer, og dei to mediaforskarane si understreking av at falske nyhende verken er noko nytt og heller ikkje særleg knytt til det såkalla Web 2.0 er såleis på sin plass.

Ein appell til våre tankefeil

Dersom sosiale media likevel ikkje er så viktige, kva er det då som er viktig, spør dei to. Og dei svarer med å peika på at me menneske er ikkje så rasjonelle som me likar å tru. Ikkje minst har me ein tendens til å leita etter og godta informasjon som stemmer overeins med det me trur på frå før.

Dei syner til ei studie utført av Cornelia Mothes som eit interessant døme: den viste at både journalistar og ikkje-journalistar hadde ein tendens til å oppfatta ein tekst som meir objektiv dersom dei frå før var samde i konklusjonen.

Sjølv om ein journalist skulle levera objektiv journalistikk tyder ikkje det at journalistikken vil vera det i møtet med ein lesar.

Brotherton går djupare inn i dette, og viser blant anna korleis me alle har ein viss tendens til å sjå på fakta me ikkje trur på som meiningar, og på meiningar me er samde i som fakta. Båe delar kan verta påverka av kva me trur på frå før, og av gruppetilhøyre.

Dersom du stussar på dette, tenk på korleis tilhengjarar av fotballaga Brann og Rosenborg kan oppleva ein ikkje heilt soleklår straffesparksituasjon.

Dette er Derfor

  • I spalten «Derfor» forsøker vi å forklare hvorfor mediene tar de valgene de gjør. Eller sagt på en annen måte: «Derfor tar mediene de valgene de gjør». I tillegg tar vi noen avstikker til andre medierelaterte spørsmål.
  • Arbeidet er støttet av Stiftelsen Fritt Ord med 150.000 kroner.
  • Alle «Derfor»-artiklene inneholder en «bygg inn»-knapp. Med dette åpner vi for at andre kan publisere disse spaltene på sine nettsider.
  • Eneste kravet vi stiller til medier som benytter seg av dette, er at de via en av presseorganisasjonene er tilknyttet Norsk Presseforbund og dermed Pressens Faglige Utvalg.
  • Les mer om «Derfor» her.

Falske nyhende er på si side skreddarsydd til å treffa tankefeila våre, ikkje fordi me er dumme, men fordi me er menneskelege. Slik, om ikkje på andre måtar, er fake news vår eiga skuld. Og det er slik, sjølv om me har ein tendens til å sjå på oss sjølv som mindre sårbare enn dei andre; både for å lata oss lura av falske nyhende, å lata oss forleda av reklame og å lata oss føra ut på ville vegar av konspirasjonteoriar. Både Bad News og Brotherton si førre bok Suspicious Minds kan vera av interesse for dei som vil læra meir om dei kognitive prosessane rundt alt dette.

For Winston og Winston leier mennesket sine mindre rasjonelle sider til ein deprimerande konklusjon:

«Fakta vinn ikkje over fiksjonen. Det ville vera vidunderleg om dei gjorde det, men dei gjer ikkje det».

Dei peiker på at mange framleis trur på Pizzagate, eller på at Obama eigentleg er ein kommunistislamist som vart fødd i Kenya. Dei kunne jo lagt til dei endå meir vanvittige QAnon-teoriane.

Myta om den objektive journalisten

Ein kan nok lasta dei to mediavitarane for å teikna eit mørkare bilete enn det eigentleg er grunnlag for, i motsetnad til den meir optimistiske Brotherton. Dei vedgår sjølv at det kan framstå som eit argument for ei «mest nihilistisk tilnærming», men understrekar at det ikkje er poenget deira.

Det verkelege problemet, skriv dei, ligg ikkje i eit uklårt skilje mellom fakta og meiningar, men snarare i at me har lata som om dette skiljet eksisterer. Ifølgje dei to finst det ei utbreidd oppfatting om partisk journalistikk som problem, men det eigentlege problemet er trua på at det finst noko slikt som upartisk journalistikk. Og dei går lenger: Å løysa opp i det ville gjera det opplevde problemet med falske nyhende «overalt på nettet» handterbart.

Her vil ein kritisk lesar kanskje innvenda at dersom fake news fyrst og fremst er ein moralsk panikk, ja, så burde det vera handterbart i utgangspunktet.

Winston og Winston meiner imidlertid at dersom journalistikken er i krise, ja, så handlar denne krisa ikkje om falske nyhende, men om ei manglande emne til å halda løfter som ikkje kan haldast. Dei ser kort fortalt på den objektive journalistikken som ein umogleg standard.

Denne standarden let «dei verste overtredarane» i den ordinære pressa sleppa unna med å vri og venda på nyhende medan dei framstiller seg sjølv som både upartiske og sannferdige.

Samstundes fører den til skade på «det avtakande truverdet» til midtstraumsmedia kvar gong det dukkar opp eit døme på at dei ikkje maktar å leva opp til sine eigne standardar.

Dei skriv: «Den innleiande, grunnleggjande påstanden om sanning tener [den konspirasjonsteoretiske nettstaden] InfoWars betre enn New York Times, for utan den mister løgnene til dei fyrste kraft, medan truverdigheita til sistnemnde – paradoksalt eller ikkje – kan koma til å veksa».

Ikkje ein robot

Det er ein radikal tanke, som sikkert kan provosera. Men tenk litt på det: Er både framveksta av «alternative media» og omfanget av beint ut falske nyhende ikkje berre knytt til tankefeil me alle helst ser (etter) hjå andre, men også knytt til ein idé om objektivitet som ikkje ein gong ein robot ville kunna oppfylla?

Mi erfaring er at trua på denne roboten i røynda er sterkt avgrensa innanfor journalistikken. Journalistar veit at dei let seg påverka av eigne oppfatningar og kjensler, sjølv om det kan vera ubevisst. Motgifta vert iblant ein ganske keisam han-sa-ho-sa-journalistikk, og nokon gongar at ein framstiller tema som meir omstridde enn det dei er, gjennom å invitera marginale røyster inn i debatten.

Kanskje det ville vera ei betre løysing å synleggjera subjektiviteten?

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS