Difor:

Tre amerikanske presidentval der meiningsmålingane bomma: Ronald Reagan i 1980, Thomas E. Dewey i 1948 og Hillary Clinton i 2016.

Difor er ikkje meinings-målingar (heilt) til å stola på

Kritikken etter det amerikanske presidentvalet i 2016 burde ha henge lenger i. Meiningsmålingar bør takast med ei klype salt.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Lat meg koma med ei tilståing: I oktober 2016 trudde eg at Hillary Clinton kom til å vinna presidentvalet. Eg var kanskje ikkje like skråsikker som ein del andre, men eg var sikker nok til å nemna det i ein tekst om konspirasjonsteoriar i samband med valet.

Eg gjorde det fordi eg hadde lese meiningsmålingar.

Dewey vinn!

For nokre veker sidan kom den amerikanske mediakritikaren W. Joseph Campbell ut med boka Lost in a Gallup, som er ein slags katalog over meiningsmålingar som har peika feil veg i presidentval. I 1948 sa meiningsmålingane at republikanaren Thomas E. Dewey kom til å vinna valet. George Gallup – legg merke til namnet – spådde at Dewey kom til å få 49,5 prosent av røystene og Harry S. Truman 44,5.

Tre veker før valet spurte Newsweek ikkje mindre enn 50 leiande politiske journalistar kven dei meinte kom til å vinna valet. Samtlege peikte på Dewey. Sladrespaltisten Walter Winchell reagerte på det med å spøka om at ein knappast trong å vera ekspert for å føreseia noko slikt, det var som å føreseia at hanen skulle gala om morgonen.

I røynda vann Truman ein komfortabel siger. Pinleg. Ikkje minst for den tyske avisa Merkur, som til liks med fleire amerikanske aviser rapporterte at Dewey hadde vunne valet, men som også fortalde om ei triumferande radiotale han hadde halde, og om folkemengda som hadde samla seg på Times Square for å hylla USA sin nye president. Rein fiksjon. Fake news, om du vil.

Dette er Derfor

  • I spalten «Derfor» forsøker vi å forklare hvorfor mediene tar de valgene de gjør. Eller sagt på en annen måte: «Derfor tar mediene de valgene de gjør». I tillegg tar vi noen avstikker til andre medierelaterte spørsmål.
  • Arbeidet er støttet av Stiftelsen Fritt Ord med 150.000 kroner.
  • Alle «Derfor»-artiklene inneholder en «bygg inn»-knapp. Med dette åpner vi for at andre kan publisere disse spaltene på sine nettsider.
  • Eneste kravet vi stiller til medier som benytter seg av dette, er at de via en av presseorganisasjonene er tilknyttet Norsk Presseforbund og dermed Pressens Faglige Utvalg.
  • Les mer om «Derfor» her.

Beina på bakken

Fire år seinare var både meiningsmålarar og media meir forsiktige, kloke av skade. Det rådande narrativet før valet var at det kom til å verta jamnt. I røynda vann Dwight Eisenhower med eit valskred over Adlai Stevenson. Den legendariske journalisten Edward Murrow i CBS reagerte med å seia at det amerikanske folket hadde overraska både «meiningsmålarane, profetane og mange politikarar», gjennom å visa – nok ein gong – «at dei er mystiske og at motiva deira ikkje kan målast på mekanisk vis».

Campbell skriv om 1980-valet, og om vala i 2000, 2004, 2012 og 2016, og fortel både om meiningsmålingsfeil og om journalistikken sine møte med desse.

Ein kan verta freista til å tenkja at historia gjentek seg. Sjølv om – som Campbell også gjer greie for i ei spalte i The Conversation – det ikkje har mangla på kjende amerikanske journalistar som har hamra laus på meiningsmålingar, har media definitivt hoppa om bord på meiningsmålingsskuta. Etter overraskingane har det kome etterlysingane etter den journalistikken som ikkje stirer på meiningsmålingane, men som istadenfor plasser føtene på bakken.

Då New York Times-redaktør Dean Baquet, kort tid etter 2016-valet, sa at journalistikken burde gjort ein betre jobb out on the road, ute i landet, var det ei vise som har vorte sunge før.

Etter 1980-valet, då Ronald Reagan feide Jimmy Carter av bana, utan at meiningsmålingane hadde sett det koma, tok til dømes Chicago Tribune-journalisten Anne Keegan ein tur i byen, for å snakka med «vanlege folk». Ifølgje Keegan hadde valsigeren vore overraskande for journalistar og kommentatorar, men langt frå overraskande for dei ho snakka med, for dei hadde høyrd etter, ikkje på meiningsmålingane eller på «det endelause politikkpratet journalistar utset kvarandre for», men «på folket».

Kva var problemet i 2016-valet?

Her i Journalisten sa medieprofessor Gunn Enli i 2016 at media burde ha vore langt meir kritiske til meiningsmålingane:

Mediene har ikke tatt godt nok forbehold. Meningsmålingene finnes og er håndfaste. De tallfester opinion og man får noe å rapportere om som kan fremstilles som en indikator på valget. Mediene burde vært langt mer kritiske.

Hadde dei vore det, hadde dei kanskje oppdaga nokre av problema ei ettervalsstudie frå American Association for Public Opinion Research peiker på.

Der vert det framheva at meiningsmålingane faktisk traff godt på nasjonalt nivå, Clinton fekk jo – mykje grunna ein stor siger i California – betydeleg fleire røyster enn Trump. Så vert det peikt på årsaker til at Trump si støtte vart underestimert på delstatsnivå, særleg i Midtvesten. Blant dei er veljarar som bestemte seg seint. Blant dei er også ein overrepresentasjon av universitetsutdanna blant dei som svara på målingane, ein overrepresentasjon det ikkje vart justert tilstrekkeleg for.

Så er spørsmålet: Har journalistikken vorte klok av skade i møte med meiningsmålingsbommertar? Har norsk journalistikk rundt det amerikanske valet vorte klok av skade? Tja. I 2016 var norske media si dekning av det amerikanske valet personfokusert og vel einsidig. Er det betre denne gongen? Det får det vera opp til lesaren å vurdera.

Fakta om Øyvind Strømmen

  • Øyvind Strømmen er utdannet journalist og har i tillegg en mastergrad i religionsvitenskap.
  • Som journalist har han særlig jobbet med politisk ekstremisme, og han har også skrevet tre bøker om høyreradikalisme og høyreekstremisme. I tillegg har han utgitt en biografi over Anders Lange og en bok om ungarsk historie og samtid.
  • Strømmen er fylkestingspolitiker for Miljøpartiet De Grønne i Vestland, og også nestleder i Europabevegelsen Vestland.

Foto: Guri Barka Martins / MDG

Kvifor meiningsmålingar er godt stoff

Sanninga er sjølvsagt at meiningsmålingar er godt stoff. Ein grunn til det er at dei faktisk – samla sett – som regel treff.

Ein annan er at dei er handgripelege, og tilsynelatande seier noko om utviklinga i opinionen. I norsk samanhang: Om eit parti gjer eit byks eller har eit svalestup frå ei måling til ei anna, ja, så kan ein oversjå feilmarginane på begge to, og omtala det heile som ei sjokkmåling, sjølv om ho – som enkeltmåling – eigentleg røper svært lite. Så kan ein leggja til nokre intervju med partirepresentantar som seier nokre innøvde, sjølvsagte frasar. Og kanskje litt spekulasjon om samarbeidskonstellasjonar.

Ta meiningsmålinga til Dagbladet 24. september, den gav avisa høve til å skriva om eit «nytt Ap-fall», men og om at partiet kunne «slippe støttehjulene», fordi Raudt og MDG på målinga er under sperregrensa. Fyrst langt nede i artikkelen kjem eit vesentleg poeng, i intervjuet med Maria Rosness i Ipsos: MDG er det einaste partiet der endringa er statistisk signifikant samanlikna med førre måling.

Det heile illustrerer på sett og vis problemet med ein del av journalistikken rundt meiningsmålingar: den framstiller dei som ein meir eksakt vitenskap enn dei eigentleg er. Finst det «nye Ap-fallet» eigentleg der ute i opinionen? Ikkje godt å seia.

Den same målinga gav grunnlag for ein leiarartikkel om at Frp er i ferd med å finna forma. Men lat gå: Den syner i det minste til fleire målingar, eit meir stødig grunnlag å stå på.

Vil det skje igjen?

Til sist i Lost in a Gallup stiller Campbell spørsmålet om meiningsmålingsfeila vil skje igjen. Eller – det vil seia – han gjer eigentleg ikkje det, han sler fast det openberre: Sjølvsagt vil det skje.

Han meiner at ein også i 2020 må forventa å verta overraska, og då også på grunn av koronapandemien, som han peiker på at har gjort usikkerheitene i valåret større. Difor, skriv han, bør veljarane vera skeptiske til meiningsmålingar og skeptiske til meiningsmålingsbaserte modellar. Han meiner det er fornuftig å leggja mindre vekt på meiningsmålingar, utan å oversjå dei, ikkje fordi dei alltid bommar, men fordi dei – når dei sviktar – sviktar på overraskande måtar.

I juli fekk eg ein SMS frå VG. Dei arbeida med ei sak om 100 nordmenn sine gjetningar om kven som vil vinna det amerikanske valet. Eg såg SMS-en for seint, og lurte dessutan litt på kvifor dei spurte meg, i motsetnad til ein av dei andre spurte er eg ikkje akkurat USA-kjennar. Svaret mitt var uansett ikkje så spanande. Kortversjonen: Eg veit ikkje. Og denne gongen har eg tenkt å unngå å setja litt for sikre gjentingar på trykk.

Sjølv om eg les meiningsmålingar.

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS