Knut Magnus Berge. Foto: Birgit Dannenberg

Tårer til diskusjon

KOMMENTAR: Med utgangspunkt i president Obamas offentlege tårer nyleg -  etterlyser Lene Johansen meir fakta og kunnskap i norske mediers dekning av amerikansk politikk. Ho har fleire gode poeng.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over åtte år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Lene Johansens utgangspunkt er at norske medier, slik ho ser det, presenterte Obamas våpeninitiativ som ei større endring enn det faktisk er. Blandt dei anklaga er NRKs Dagsrevyen og Urix. Det stiller vi oss noko undrande til.

Les også: Utenriksjournalistikk uten kompass

Vi meiner ein sentral del av dekninga var det motsette, nemleg ei understreking av at det er svært begrensa kva presidenten får gjort. Mellom anna fordi fleirtalet i kongressen er imot. Dette blei presisert av Gro Holm i Dagsrevyen: “Dette er jo egentlig strengere praktisering eller fortolkning av allerede eksisterende lovverk.”

Johansens gode poeng

For det er rett, som Lene Johansen påpeikar, at våpenlovgivinga i USA er både kompleks og desentral, eit av fleire gode poeng i innlegget. Som at lokal kunnskap er viktig og avgjerande for at eit informert nyhetsbilde skal nå ut til eit norsk publikum. Og at representantar for tankesmier og politiske rådgivarar er gode kjelder.

Det er noko av grunnen til at NRK har to faste korrespondentar i Washington som kvar veke snakkar med den type kjelder; Tove Bjørgaas er korrespondent i USA for andre gong, ho har budd i USA i til saman tolv år. Gro Holm er korrespondent i USA på tredje året, ho har vore utenriksjournalist i fleire tiår, mellom anna Moskva-korrespondent og utenrikssjef i NRK.

Ekspertar og tankesmier

Til Lene Johansens etterlysning av fleire ekspertkommentatorar, er å seie at NRK ofte bruker ekspertar i vår journalistikk. Også amerikanske. Men det er også ein del av bildet at det knapt finnast uavhengige, ikkje-politiserte tankesmier når det gjeld temaet våpenkontroll. Dei fleste har ein klar politisk agenda. Eit godt døme er den konservative tenketanken Lene Johansen sjølv var tilknytta, Competitive Enterprise Institute, som på heimesida skriv at den er “dedicated to the principles of limited government, free enterprise and individual liberty”.

Kompass?

Lene Johansen meiner norske journalistar driv ei utenriksdekning uten kompass, men det er noko uklart kva som ligg i dette. NRKs kompass ligg i vårt allmenkringkastar-oppdrag. Vi skal bygge opp under grunnleggande demokratiske verdiar. I praksis er det vår rolle å gi ei kunnskapsbasert dekning av dei viktigaste begivenhetene i vår tid, heime og ute. Det forsøker vi å gjere, nyansert og balansert. Vi lukkast ofte, men ikkje alltid.

Balanse

Når det gjeld det aktuelle tretten minuttar lange innslaget i Urix, som det blir referert til i Johansens kritikk, kom begge sider i debatten om våpenkontroll i USA tydeleg til orde. Og til dei som måtte engste seg for NRKs dekning av presidentvalet i USA dette året; vi vil bestrebe oss på å gi ei fordomsfri, kunnskapsbasert og nyansert dekning av kampen om å bli USAs neste president.

Fleire korrespondentar - meir Urix

I ei tid der det som skjer ute i verda blir stadig viktigare for det som skjer her heime (jmf asyltilstrøyminga etc), gjennomfører NRK ei større satsing på utenriksfeltet. Vi gir utenriksstoffet meir rom, både på nyhetsplass og i spesialmagasin - Urix har nettopp får utvida sendetid. Og i fjor styrka vi korrespondentnettet med to nye stillingar i Istanbul og Berlin. Til saman har NRK dermed ti korrespondentar i London, Berlin, Brussel, Moskva, Beijing, Istanbul, Kairo, Nairobi og altså (to) i Washington.

Nettopp for å skaffe oss kunnskap og lokale kjelder.

Obamas tårer

Lene Johansen skriv: “Den virkelige nyheten var at presidenten hadde holdt tale om et tema som deler den amerikanske velgermassen i to, og at han var blitt så beveget at han gråt.” Obamas tårer var eit faktum dei fleste medier, ikke berre dei norske, fann journaliatisk relevant. Tårene har sågar trigga ein debatt. Hos Fox News blei det spekulerert i om det var plassert ein løk på talarstolen for å framprovosere effekten.

Powered by Labrador CMS