Debatt:

Harald Stanghelle refset regjeringen i sin siste tale som leder for Norsk Redaktørforening. Foto: Roger Aarli-Grøndalen
Harald Stanghelle refset regjeringen i sin siste tale som leder for Norsk Redaktørforening. Foto: Roger Aarli-Grøndalen

«Vi må utfordra ropekulturens lik og del-hysteri, som berre kjenner ukritisk begeistring og like ukritisk raseri, avlar polarisering og skapar frykt»

Les Harald Stanghelles siste tale som leiar i Norsk Redaktørforening.

Published   Updated

Akkurat denne hausten er det tiande gong eg held ein slik opningstale som dette.

I den første lova eg at eg i kvar einaste tale skulle minna om at i kampen for pressefridom er det vanskelegare og dårlegare frontavsnitt enn vårt. Det løftet har eg halde. Og det er med djupt alvor eg diverre må konstatera at det ikkje er vorte mindre aktuelt å setja dette på dagsorden også i år.

Akkurat i dag har den svensk-eritreiske journalisten Dawit Isaak site 6254 dagar i eritreisk fengsel. 17 år utan lov og dom. 17 år omgjeve av ein mur av taushet frå autoritære styresmakter som vonar han skal verta gløymd.

Vi har ikkje lov å gløyme. Og i dag hugsar vi Dawit Isaak spesielt.

Så mange som 100 journalistar har mista livet det siste året i samband med arbeidet sitt. Ein god del medan dei var på jobb i krigssoner, men skremmande mange som fylgje av kritisk journalistikk som har avdekka korrupsjon eller anna kriminell aktivitet.

Mange av desse drapa vert aldri oppklara:

I to land som begge har demokratisk styreform, Mexico og India, vart henholdsvis 12 og 14 journalistar drepne det siste året. Så langt er det berre kome arrestasjonar i to av drapssakene i Mexico og seks i India.

Vi ser det i land etter land. Modige journalistar må betala den høgaste prisen for sin innsats for eit betre og sunnare samfunn.

Men styresmaktene ynskjer ikkje å oppklara drapa. Og slik opnar dei for ny vald mot den frie pressa. Vi må aldri slutta å snakka om dette. Vi må aldri la det bli ein vane.

Og vi må aldri akseptera at norske styresmakter listar seg fram på gummisolar når mektige som Kina land bryt menneskeretter og kneblar den frie pressa.

Pressefridomen i verda opplever urovekkande tilbakeslag, i form av vald mot journalistar, men også i form av nye lover og reglar som inviterer til sensur og sjølvsensur.

Dette skjer ikkje berre i land med udemokratiske styreformer. Det skjer i viktige demokratiar som Polen og Ungarn. Vi ser uhyggelege utviklingstrekk som er i ferd med å koma skremmande nær oss.

I dette perspektivet har vi mykje å vera takksam for i Norge. Det skal vi vera oss bevisst. Og det er vi oss bevisst. Men vi skal også måla vår situasjon opp mot mot dei ideal og dei løfta våre nasjonale leiarar ofte strekar under.

«Meir demokrati, meir åpenhet», var det like storslagne som løfterike mantraet for framtidas Norge etter den nattsvarte julifredagen då terroren ramma oss så nådelaus. No sju år etter må vi diverre konstatera at det ikkje er vilje til meir openheit som dominerer tenkninga hos våre eigne styrande:

Vi ser at offentleg tilsettes ytringsfridom og varslarvernet er under press fordi offentleg forvaltning lid av omdømmehysteri og har fått det for seg at omdømmebygging visstnok er det viktigaste dei driv med.

Vi ser at offentlege verksemder vert organisert på måtar som gjer det vanskelegare å få innsyn. Vi ser stadig oftare forslag som i realiteten vil innskrenka innsynet og skjerma politikarar og byråkratar frå innsyn. Vi ser at framleis kan alle interne dokument i forvaltninga unntas frå journalføring.

Vi ser at ser fire år etter at eit einstemmig storting ba om det har Solberg-regjeringa framleis ikkje klart å fremja eit forslag for eit oppdatert, digitalt aksjonærregsiter.

Er det dette Erna Solberg og hennar regjering meiner med «meir åpenhet»? Eller er det slik at dette med «meir åpenhet» var reservert for dei høgstemte talane og ikkje for kvardagen etterpå? Diverre er det grunn til å spørja.

For vi opplevde at regjeringa kravde at Stortinget i fjor lukka dørene sine då ein viktig rapport fra Riksrevisjonen skulle diskuterast. Ikkje fordi innhaldet i den kunne skada tryggleiken vår. Ikkje fordi vi ikkje kjende innhaldet. Det hadde jo heldigvis Dagens Næringsliv offentliggjort.

Nei, Solberg-regjeringa misbrukte gradert-stemplet for å skjerma seg for ubehageleg kritikk.

Det var ikkje rikets tryggleik regjeringa skulle beskytta. Det var seg sjølv. Det som skjedde var ein hån mot den lova openheiten. Den var ei skam for regjeringa. Så burde vi kanskje ikkje vore så overraska.

For på forsommaren i fjor la Riksrevsjonen fram eit stort og grundig arbeid der Solberg-regjeringas forhold til offentlegheitslova vart granska. Granskninga viste hyppige lovbrot, massiv systemsvikt og overdrevent hemmeleghald.

I den norske forvaltninga er det «kultur for forsiktighet og en redsel for åpenhet», for å låna ei formulering frå riksrevisor Per Kristian Foss.

«Vi skryter av offentlighetsloven, men lever ikke opp til den», sa riksrevisoren. Staten er rett og slett ikke til å stola på, skal vi tru Riksrevisjonen. Og det kan vi nok gjera. Dessverre.

Dette gjeld ikkje nasevise og overtente journalistar hang til å snoka i noko vi ikkje har noko med. Det gjeld noko så avgjerande som den myndige borgar rett til å kikka ei mektig regjering i korta.

Vi snakkar her om ein grunnstein i eit demokratisk tillitssamfunn. Er det dette regjeringa meiner representerer «meir åpenhet»?

I så fall er det eit faresignal vi redaktørar vi ta på det djupaste alvor. Men vi ser også faresignal der vi ikkje kan klandra regjeringa.

Karikaturstriden lærte oss ei lekse om ytringar under press. Ei lekse som dei siste åra er vorte utdjupa. Vi ser at modige røyster i det opna samfunnsrommet vert truga til taushet. Truslar som gjer at taushet for nokon vert nøkkelen til trygghet. Og vi får dokumentert at minoritetsgrupper med Koranen i hand trugar dei som ytrar seg på eit vis slike grupper finn forkastelege.

Då må vi vera oss bevisst at den tausheten er det vi som samfunn som taper på.

Difor må vi heia på dei skamlause jentene og alle andre som viser eit imponerenade ytringsmot. Som nektar å la seg truge til taushet. Og som står i denne ytringkampen.

I endå større grad enn i dag må vi gjera det til vår kamp.For det fårlegaste er ikkje truslane. Det er ettergivenheiten.

Ikkje fordi det er noko mål i seg sjølv at alle skal provosera, men fordi retten til å gjera det må vera sjølvsagt. Definisjonsmakta over dette skal aldri forhandlast bort til dei som meiner seg krenkte.Då uthuler vi heile prinsippet om den frie ytring.

Dialog er viktig. Ja, dialogen kan ofte trumfa konfrontasjonen som effektivt verkemiddel. Men det er situasjonar då konfrontasjon er ein føresetning for ein ærleg dialog.

Difor er det grunn til uro når Den europeiske menneskerettighetsdomstolen (EMD) har avsagt ein kjennelse der det vert akseptert at ei østerrisk kvinne vart bøtelagt fordi å ha krenka profeten Muhammed.

Og EMDs grunngjeving for dette manar til protest:

For Strasbourg-domstolen sluttar seg til ein argumentasjon frå rettsvesenet i Østerrike om behovet for «å bevara religiøs fred».

Religiøs fred? Hvis det skal vera den rettslege målestokken, ja, då er det fare på ferda for dagens og framtidas ytringsklima.

The Washington Post og andre amerikanske medier har gjort det til ein forpliktande hobby å telja feil og bløffar i presidentens ustoppelege straum av twittermeldinger.

Slikt kan så absolutt vera verdt seriøse faktasjekkar. Men slikt er ikkje mykje verdt om vi ikkje skjønar at det som no skjer med denne vandrande overdrivelsen i Det kvite hus som utløysande faktor er noko mykje meir dramatisk enn ein lavine av tøv.

For vi ser at i fleire og fleire demokratiske samfunn vert sjølve ideala frå opplysningstida utfordra. Meiningane skulle vere frie og fakta heilage og prøvbare, heitte det.

No kan vi ana ei forvitring av denne demokratiets grunnplanke. Tøv, forvrengingar, skråsikkerhet, ja, jamvel konspirasjonsteoriar og rein løgn vert presentert som om alt er like mykje verdt.

Vi ser at viktige avsløringar og ubehagelege fakta ikkje lenger vert møtt med freistnad på å tilbakevise det som kjem fram, men vert feia bort med to enkle ord: «Fake News».

Som om det er en trylleformel som opphevar all dokumentasjon og nakne fakta. Dette er kimen til eit anna samfunn enn det vi kjenner. Det er fårleg. Og det minnar uhyggeleg mykje om dei autoritære retningars primalskrik.

Det er så mange signal i vår tid på at vi aktivt må gå til kamp for å bekytta dei verdiane som er så avgjerande for oss. Derfor må vi akkurat no vera så bevisste på det som skjer rundt oss og med oss.

Vi må sikra oss ankerfeste å sjå utviklinga i lys av. Vi må kjempa for tvilens plass i den åpne samfunnssamtalen. Vi må erkjenna refleksjonens eigenverdi.

Og må vi aldri gje opp å bygga trua på den enorme betydninga av sannhet som ideal og fakta som demokratiets trosbekjennelse. Det er no vi må vera oss dette bevisst. Kvar einaste dag.

For ellers kan vi koma til å vakna opp ein dag og sjå utover eit samfunn som ikkje er vårt og undra oss: Korleis pokker kom vi hit? Vi her i denne salen har ein dagleg jobb å gjera. For det er vi som kjempar på eit av demokratikampens viktigaste frontavsnitt. Og vi gjer det kvar dag.

Vi må aldri venna oss til at bløff, tøv og løgn er like mykje verdt som fakta. Då ryddar vi vegen for likegyldigheten. Og den opnar opp for ein demokratisk katastrofe.

Derfor er det vi som må utfordra ropekulturens lik og del-hysteri. Den som berre kjenner ukritisk begeistring og like ukritisk raseri. Som avlar polarisering og skapar frykt.

Det er vi som må halda fast ved dei ideala som gjer oss i den utskjelte «main stream media» til ein av dei viktigaste delene av demokratiets infrastruktur. Ideal som ber i seg trua på fakta, utvist etikk og respekt for usemje. Det finst knapt viktigare oppgåve i vår tid.

For om vi lever så intenst å notida så er det framtida vi er med på å forma. Denne enorme samfunnsoppgåva vonar eg både politikarar og medieeigarar forstår rekkevidda av.

At dei tileignar seg ei så djup forståing at smålegt politisk kiv og like smålege bunnlinjekrav må vika for trua på kvalitetsjournalistikkens betydning i vår tid. I eit slikt perspektiv er systematisk nedbemanning og seinka kvalitetskrav ei dødslinje for alt vi trur på som redaktørar . Det er rett og slett nok no.

Dette ville verka nesten absurd å seia då eg for snart ti år sidan vart leiar i Norsk Redaktørforening. No er det djupt 2018-alvor. Og nettopp derfor er det eit lyspunkt å sjå utover det norske medielandskapet og sjå korleis dette i lysnraskt tempo har makta ein digital revolusjon.

Vi er ikkje i mål for målet flyttar seg heile tida. Men vi har vist at vi er i stand til møte ein tsunami av motstand og endring med kreavitet, kunnskap og vilje til nyskaping. Det gjev tru på at det nyttar. Og det gjev håp i ei like forvirra som forvirrande tid.

Derfor kjenner eg stor respekt for alle dei journalistar og redaktørar som står i dette kvar einaste dag året rundt.

Som både i motbakke og medvind gjer jobben sin. Som berikar lokalsamfunn og set nasjonal dagsorden. Som ser samfunnet rundt seg skarpt, klårt og kritisk. Som stimulerer tvilen, refleksjon og debatten. Og som dagleg fyller festtalane om opplysningstidas idealer med praktisk innhald.

Fellesskapet i Norsk Redaktørforening er eit av fleire organiserte uttrykk for dette livsviktige arbeidet. Så skal vi ta med den store og viktige oppmuntringa vi får frå brukarane våre. For det er slett ikke sant at tilliten til norske redaktørstyrte medier er på botn. Snarare tvert om.

I ein BI-undersøkelse frå i vår svarte heile 67 prosent at dei har høg eller svært høg tillit til lokalavisa si.

Ein fersk Reuters-undersøkelse syner at 93 prosent oppfattar NRKs nyheiter som pålitelege, 83 prosent sa det same om Aftenposten sine, Tv2 79 prosent, VG 67 – altså høge tal over heile lina.

Nordiske Mediedagars undersøkelse viser at 91 prosent har svært stor eller nokså stor tillit til papiravisenes nyheiter, 84 prosent til nettavisene sine.

Og i Arendalsukas tilliutsundersøkelse gjev dei spurte mediene svært høg tillit.

Dette er Norge anno 2018. Dette er temperaturen rundt den tillitskontrakt vi har mellom oss og folk flest. For dette er folk flest si røyst. La oss ta det til oss. La oss glede oss over det. Og la oss ta vare på denne tilliten.

I nesten ti år har eg hatt det privilegium og den glede å vera NR-leiar. No går eg av som ei logisk følgja av at eg sluttar som redaktør.

Det er som kjent ei tid for alt. Og akkurat no er det ei tid for takk.

Takk til alle dere NR-medlemmer som trass ulike meiningar og motstridende interesser har utgjort eit redaktørfellesskap som har styrka oss alle.

Takk til alle dere som gjennom desse ti år har brukt tid dere ikkje eigentleg har hatt til å gjera styrearbeid og tatt eit ekstra tak når de har vore kalle til det.

Og sist, men ikkje minst:

Ein stor takk til Monica i NRs sekretariat for all praktisk hjelp. Og så til Reidun og Arne som i storm og stille, kvardag og fest, med og uten flomlys har vore sjølve navet i ei redaktørforening som knapt nokon gong har stått framfor viktigare oppgåver enn no.

Det har vore ei udelt glede å arbeida saman med dere. Lykke til vidare! Og tusen takk for meg!