NRK:

«Vi gjer feil av og til, og debatt=redaktøren i Aftenposten har gitt oss ei nyttig påminning»

Prosjektleder for sitering og kreditering svarer Aftenpostens debattredaktør.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over åtte år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK skal fortelje historier som kastar lys over norsk røyndom i fortid, notid og framtid. Den journalistiske ambisjonen er å tilby publikum unik innhaldsbreidde og vere først med heile biletet.

Dette gjer at vi også produserer og publiserer nyheitssaker basert på innhald frå andre mediehus. Slik kan NRK vera med på å  løfte kritisk og undersøkjande journalistikk frå ulike samfunnsområde ut til eit større publikum. Dette er eit gode både for publikum og for mangfaldet av mediehus. Når vi gjer dette, skal vi vere svært kritiske til omfanget av siteringa, og vi skal vere svært rause med krediteringa.

Debattredaktør Erik Tornes i Aftenposten reagerer under overskrifta “Hvor er rausheten, NRK” på tre konkrete tilfelle der NRK ikkje har kreditert Aftenposten som originalkjelde. Dette er beklageleg. Det kan og vil alltid oppstå glippar, som i dette tilfellet, men dette er noko vi har – og kjem til  å ha – mykje fokus på i NRK framover.

Faktisk har vi akkurat fullført eit arbeid med nye retningsliner for sitering og kreditering som skal forankrast  i heile NRK. Der seier vi at NRK skal ha ein konsekvent og raus krediteringspraksis, og vi understrekar at dette også styrkar den redaksjonelle kvaliteten i NRK.

Publikum har krav på å vite kvar stoffet kjem frå, og andre medium  har krav på at deira arbeid blir skikkeleg kreditert. Ein tydeleg og konsekvent praksis kan også bidra til å auke  journalistisk kvalitet i heile bransjen. Originalkjelda skal krediterast tidleg i saka, og krediteringa skal vere tydeleg, også når vi gjer eigen journalistikk. Originalkjelda skal følgje saka på nett og  i nyheitssendingar, debattar og magasinprogram. Retningslinene skal gjelde alle nyheits- og aktualitetsredaksjonar og alle medieplattformer. 

I dette arbeidet har vi intervjua åtte ansvarlege redaktørar frå heile landet. Desse redaktørane er stort sett nøgde med siterings- og krediteringspraksisen til NRK. Men vi gjer feil av og til, og debattredaktøren i Aftenposten har gitt oss ei nyttig påminning om at dette er noko vi må ha eit kontinuerleg fokus på. No har vi i alle fall eit felles regelverk  som ein botn i arbeidet vårt, som vi no skal ut og forankra i alle nyheits- og aktualitetsredaksjonar i NRK.

 

 

Powered by Labrador CMS