Kristine Ullaland og Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag.

Kristine Ullaland får nynorskstipend på 50 000 kroner frå Noregs Mållag

– For oss i Mållaget er Ullalands engasjerte bruk av språket eit døme på god kommunikasjon på nynorsk, og på at nynorsk gjer seg stadig meir gjeldande på nettet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

– Vi ser for lite nynorsk i media og sosiale medium, og det er ingen tvil om at bloggen «Grønare kvardag» er ein positiv aktør her, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Kvart år deler Noregs Mållag ut to nynorskstipend på 50.000 kroner. Føremålet med stipenda er å hjelpe fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Det eine skal gå til ei kvinne, og det andre skal gå til ein mann. Laurdag vart stipendet overrekt til Kristine Ullaland på ei tilstelling i Bergen. 

– For oss i Mållaget er Ullalands engasjerte bruk av språket eit døme på god kommunikasjon på nynorsk, og på at nynorsk gjer seg stadig meir gjeldande på nettet, seier Aasbrenn.

«Grønare kvardag» har fått svært mykje mediemerksemd i nasjonale og internasjonale medium.  I det ho skriv, har Kristine Ullaland eit klart fokus på at den moderne livsstilen produserer for mykje søppel, og ho har konkrete råd til korleis ein kan leve utan å etterlate seg kilovis av boss dagleg. 

 

 

Powered by Labrador CMS