Prisgrossist og talentspeidar

Bente Riise veit korleis eit tidsskrift skal lukkast – det gjeld å jobbe langsiktig. Ho er stadig på utkikk etter nye skribentar og held dei gjerne i handa på vegen til eit godt essay. • Navn: Bente Riise (48) • Aktuell: Redaktør i Syn og Segn, som er kåra til årets nordiske tidsskrift. • Hobby: Ingen fast, men skal brodere sunnmørshijab i vinter.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

– Du fekk utmerkinga «årets frilansar» i 1992 og var redaktør i Psykisk helse i ein periode då bladet vann seks prisar. I år har Syn og Segn vorte kåra til årets beste tidsskrift, både i Noreg og i Norden. Vert du motivert av å vinne?

– Ja, det er eit kick å både bli sett og bli sett pris på, og det fører jo til at fleire oppdagar og les det du lagar, som jo er det største kicket. I Psykisk helse gjorde vi eit svært viktig nybrottsarbeid. Psykisk sjukdom var tabubelagt og lite i media, og eg vart engasjert fordi det var eit felt som låg brakk og knapt var tema i media. Det var vanskeleg å få folk til å stille opp på intervju og foto, men vi knekte koden, og i byrjinga vart kvar einaste utgåve sitert i andre aviser. No er psykisk sjukdom blitt eit vanleg tema i alle kanalar, og bra er det.

– Kva gjer Syn og Segn til Nordens beste tidsskrift?

– Stor breidde i tema, uventa vinklingar og humor. Nøkkelen til god kvalitet er å jobbe langsiktig. Eg ser etter talent, og arbeider med alt frå unge og ukjente skribentar til erfarne og profilerte folk med sterke pennar. Eg prøver å lage ei god blanding som appellerer til mange og ulike målgrupper.

Utfordrar journalistar

– Korleis har du prega Syn og Segn i dine fire år som redaktør?

– Eg har jobba med å utvide det både i breidde og tema, gjere det meir tilgjengeleg og ope. Eg trur ein kan sjå at redaktøren er journalist, for å seie det slik. I tillegg til typiske tidsskriftsjangrar, har eg også tatt inn journalistikk. Og eg har utfordra journalistar til å skrive essay. Å skrive i eit nytt format er ei utfordring, og eg held gjerne folk i handa undervegs i skriveprosessen. Mi erfaring er at dei som prøver seg på å skrive essay gjerne gjer det igjen, fordi det er både spennande og utviklande.

– I siste utgåve tek du eit oppgjer med forskingsformidlinga.

– Eg utfordrar forskarar og skribentar til å presentere nye funn for publikum på ein fengande måte. Dei må eksperimentere meir, vere modigare og tøffare. Alt for mykje forsking når ikkje ut. Difor har Norsk tidsskriftforening, der eg er leiar, eit prosjekt på gang med Universitetet i Oslo og Språkrådet. Neste år inviterer vi til seminar om nye måtar å formidle på, og då blir også journalistar inviterte med.

Saknar å skrive

– Kven les Syn og Segn?

– Vi har rundt 2.200 abonnentar. Vi skal snart gjere ei lesarundersøking, for eg er ikkje heilt brennsikker på kven dei er. Eg trur det er mange som jobbar med politikk, kultur og samfunnsspørsmål. Lærarar, journalistar, akademikarar, studentar. Å vere eit tilbod til folk som ynskjer godt lesestoff på god nynorsk, er det viktigaste.

– Du har sagt at det nærmast er yrkesforbod for nynorskjournalistar i Oslo?

– Det verkar som det skulle vere gudegitt at nyheitsjournalistikken skal vere på bokmål. At ein ikkje får skrive nynorsk i Aftenposten, VG eller Dagbladet, er litt som eit yrkesforbod. Eg vonar det endrar seg med ein ny generasjon, som ikkje har nokon aksjar i den gamle språkstriden. Å nekte journalistane å skrive nynorsk er forhistorisk.

– Saknar du å skrive sjølv?

– Ja. Eg har eit prosjekt liggande, men det gjeld å få nok tid og mentalt skriverom. For tida jobbar eg også ein dag i veka som sakprosaredaktør i Samlaget, og snusar litt på forleggeri. Men det å skulle hoppe heilt bort frå media sit langt inne, kjenner eg.

Powered by Labrador CMS