Sigbjørn Høidalen kjem frå stillinga som frontsjef og journalist Varingen.
Foto: Privat
MEDIEFOLK:
Sigbjørn Høidalen er ny redaktør i Øyposten
– Ein særs solid journalist og publisist, seier styreleiar.
Styret i Øyposten har tilsett Sigbjørn Høidalen (52) som ny redaktør og dagleg
leiar i avisa, skriv avisa i ei pressemelding.
– Eg takkar for tilliten og gler meg stort til å bli kjent med folk og rapportere frå livet i
øygarden til Stavanger, seier påtroppande redaktør Høidalen i pressemeldinga.
Høidalen kjem frå stillinga som frontsjef og journalist i Amedia-avisa Varingen i Nittedal
kommune. Han har tidlegare vore redaktør og dagleg leiar i Drangedalsposten, og har også
erfaring frå aviser som Nationen og Bergens Tidende.
– Sigbjørn Høidalen har lang erfaring med å utvikle lokaljournalistikk digitalt, og er ein særs
solid journalist og publisist, seier Øyulf Hjertenes, direktør i Schibsted Kyst og styreleiar i
Øyposten AS.
Øyposten er lokalavis for Finnøy og Rennesøy i Rogaland. Schibsted kom inn som eigar av
avisa i 2021. Han tar over etter Rune Nedrebø, som går av med pensjon til sommaren.
Høidalen er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda. Han har også mastergrad i
skogbruk frå Norges Landbrukshøyskole på Ås. I tillegg til bakgrunn frå avis, har Høidalen
også vore skogbrukssjef i Valle og Bykle kommunar.
Den nye redaktøren i Øyposten er ein dedikert fløytespelar, munnharpespelar, gitarist og
korist. I 2022 vann han fløyteklassa på Landskappleiken.