Arill Riise og Siri Kleiven Strøm trudde dei skulle på eit møte om stortingsvalet, då juryen overraskande dukka opp.

TV 2-duo får nynorskpris

Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 får nynorskprisen for journalistar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert i år delt på nyhendeankera Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2. Duoen trudde dei skulle på eit møte om stortingsvalet, då juryen overraskande dukka opp på arbeidsplassen torsdag, skriv NRK Nynorsk mediesenter i ei pressemelding.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein eller fleire dyktige journalistar som brukar ein levande og god nynorsk, og er eit føredøme for andre.

– Eg kjenner at eg har høg puls. Tusen, tusen takk for ein så høgthengande pris. Det er enormt stort, for eg jobbar jo hardt med språk, og nynorsk er så sterkt knytt til identiteten min. Eg kjenner at eg nesten er på gråten, sa Kleiven Strøm.

– Eg blir nesten litt på gråten, eg og. Eg er glad for at TV 2 får denne prisen no, det er jo vi som har det munnlege talemålet og flest nyhendeanker som brukar nynorsk. Eg kjenner at eg blir fantastisk stolt. Det er ei ære, sa Riise.

TV 2-sjef Olav Sandnes var til stades på prisutdelinga og delte ut blomster til prisvinnarane. Han sa at jobben dei to gjer med nynorsk er viktig for TV 2 som allmennkringkastar.

– Vi er utruleg stolte over å ha dykk som profilar på TV 2, sa Sandnes.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Med to prisvinnarar, deler dei pengeprisen mellom seg, men dei får eit kunstverk kvar.

Tidlegare prisvinnarar:

2020 – Eivind Molde, NRK

2019 – Kjersti Mjør, Bergens Tidende

2018 – Harald Thingnes, NRK

2017 – Jens Kihl og Guri Kulås, Klassekampen

2016 – Jon Hustad, Dag og Tid

2015 – Jan Zahl, Stavanger Aftenblad

2014 – Ingunn Solheim, NRK

2013 – Christian Wiik Gjerde, NRK

2012 – Katrine Sele, Firda og Hilde Sandvik, Bergens Tidende

2011 – Njord V. Svendsen, Bergens Tidende

2010 – Astrid Brekken, NRK

2009 – Ronny Brede Aase, NRK

2008 – Odd Reidar Solem, TV 2

2007 – Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen

2006 – Linda Eide, NRK

Powered by Labrador CMS