Difor:

Øyvind Strømmen saknar ofte journalistikk om Europa i norske aviser. Her protesterer folk mot Slovakias regjering eit år etter drapet på gravejournalist Jan Kuciak og forloveden Martina Kusnirova.

Difor tar Europa for lite plass i norske media

Er det berre fordi utanriksjournalistikken ofte er avhengig av nyhetsbyrå og engelskspråklege storaviser, eller finst det også djupare kulturelle årsaker? Og kva er problemet?

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Som i 2016 er det sikkert dei som vil ha innvendingar mot norske media si dekning av den amerikanske valkampen, men det er liten grunn til å protestera på omfanget av dekninga.

Neste helg er det val i Slovakia. Det har du neppe lest om i norske media. Greitt nok, USA er ei supermakt, Slovakia er eit lite land i verda, med eit folketal omlag som Noreg. Det slovakiske valet er likevel interessant.

Regjeringspartiet SMER-SD, som nominelt er sosialdemokratisk, men som også har vore prega av ganske beinhard nasjonalpopulisme, slit i motbakke. Det gjer dei ikkje minst grunna korrupsjonsanklager som har vakse i kraft etter drapet på den gravande journalisten Ján Kuciak for to år sidan. Dei vert no utfordra frå både fleire sentrumsorienterte opposisjonsparti og frå Folkepartiet Vårt Slovakia, eit ytre høgre-parti med beint fram nynazistiske røter.

I bakgrunnen spøker også desinformasjonskampanjar. Og Russland. Ein del av drakampen om Europa si framtid står i Slovakia. I norske media skal du leita for å lesa om det.

Reaktiv europajournalistikk

Men dette handlar ikkje berre om vesle Slovakia. – Noreg har brei og god nyhetsdekning når dei gjeld dei synlege og meir spektakulære nyhenda, seier statsvitar Paal Frisvold, busett i Brussel i ei årrekkje og ansvarleg redaktør for europeiskpolitikk.no.

Dette er Derfor

  • I spalten «Derfor» forsøker vi å forklare hvorfor mediene tar de valgene de gjør. Eller sagt på en annen måte: «Derfor tar mediene de valgene de gjør».
  • Arbeidet er støttet av Stiftelsen Fritt Ord med 150.000 kroner.
  • Fire spaltister vil bidra med innhold til «Derfor». De fire er: Maren Sæbø, Øyvind Strømmen, Marte Vike Arnesen og Mina Ghabel Lunde.
  • Alle «Derfor»-artiklene inneholder en «bygg inn»-knapp. Med dette åpner vi for at andre kan publisere disse spaltene på sine nettsider.
  • Eneste kravet vi stiller til medier som benytter seg av dette, er at de via en av presseorganisasjonene er tilknyttet Norsk Presseforbund og dermed Pressens Faglige Utvalg.
  • Les mer om «Derfor» her.

– Men Europa er stort og komplekst, og me vender oss ofte mot dei landa som er oss nærast, i tillegg til USA, som tar kaka, så og seia. Eg vil seia at det europeiske nyhetsbildet i Noreg er reaktivt, det viktigaste som skjer vert formidla, men me manglar meir dekning av det underliggjande. Det nylege valet i Irland er eit døme. Det var god dekning i norske media i etterkant av valet, men det var også mange aspekt som ikkje kom fram.

Vibeke Knoop Rachline, norsk frilansjournalist med base i Frankrike, og forfattar av boka Terror i Europas hjerte (2019), er inne på noko av det same:

– Den norske dekninga av Frankrike varierer. Når president Macron seier at NATO er hjernedaudt vert det store overskrifter, ikkje minst fordi Jens Stoltenberg er generalsekretær i NATO. Men i lange periodar kan det verta heilt taust om Frankrike, så dukkar det kanskje opp ei beleilig sexskandale. Eg trur ikkje Frankrike, som er eit stort og viktig EU-land, fangar interessa i kvardagen.

Kva ligg på skrivebordet?

Men kvifor er det slik? Som Maren Sæbø skreiv i den fyrste utgåva av denne spalta er det typiske utanriksstoffet i norske nett- og papirmedia skrive med utgangspunkt i meldingar frå store internasjonale byrå eller media, kanskje supplert med eit intervju med ein norsk «ekspert».

Ein kjem sjølvsagt ikkje unna at mykje norsk utanriksjournalistikk er nettopp slik skrivebordsjournalistikk. Der, vågar eg å hevda, dominerer store engelskspråklege media som kjelder, medan store europeiske media sjeldnare dukkar opp.

Dette er ikkje eit særnorsk fenomen, langt der frå. Om ein følgjer til dømes nederlandske og belgiske nettaviser kan ein verta slått over kor likt utanriksstoffet deira er på det norske. Og i ein rapport om kjeldebruk i flamske media, utarbeidd ved universitetet i Gent i 2015, framgår både avhengigheita av nyhendebyrå og av britiske og amerikanske media, og dessutan at flamske journalistar i lita grad nyttar seg av lokale, utanlandske kjelder, både grunna manglande språkkjennskap og fordi ein fryktar at desse kjeldene skal vera for farga. Resultatet er paradoksalt: Utanriksjournalistikken vert farga, i britiske og amerikanske fargar.

Men kanskje er det også meir som speler inn i Noreg?

– Eg trur det at me er så lite interesserte i Europa heng saman med EU-kampen, seier Ingrid Brekke, journalist i Aftenposten og forfattar av bøkene Da øst ble vest (2014), Angela Merkel - et europeisk drama (2016) og Polen. Aske og diamanter (2019).

– Me føler oss ikkje som Europa, og klarer ikkje å interessera oss for EU og for europeiske land utan at det ligg der, som ein slags irritasjon. I tillegg handlar det om språk og tradisjon. Etter krigen vart me mykje meir opptekne av Storbritannia og USA. Eg vonar at det etter brexit og med Trump som styrer USA vil bli klårare kor enormt viktig Tyskland no er for Noreg si framtid.

– Noreg og norske media har i stor grad alltid vore mest opptekne av Storbritannia og USA, av historiske årsaker, seier Rachline. – Det tek tydelegvis tid å tenkja litt annleis.

– Slik har det vore heilt frå krigen og framover, seier Frisvold. – Kulturelt, økonomisk og politisk har me vore veldig knytt til det transatlantiske samarbeidet, gjennom NATO, gjennom Marshall-hjelpa, jamvel gjennom EFTA, der me knytte oss så sterkt til britane.

Nav-skandala ein vekkar?

Både Rachline og Frisvold meiner at den norske journalistikken på EU-spørsmål er i ferd med å verta betre.

– Særleg på grunn av Nav-skandala, seier Rachline.

– Den har gjort at mange, ikkje berre journalistar, har fått augene opp for konsekvensane for Noreg og for nordmenn ved å vera med i EØS.

Frisvold meiner likevel at utfordringa er større når det gjeld EU og EØS enn når det gjeld europadekninga generelt.

– Problemet med EU er at det ofte er teknisk og kjedeleg, det handlar om utgreiingar, lover, lange forhandlingar, og då kan ein rett og slett ramla av lasset. Her er forbetringspotensialet stort. Nav-skandala er det framste dømet på kor galt det kan gå, når ein ikkje klarer å løfta det tilsynelatande tekniske opp på eit politisk nivå. Der har me ei alvorleg utfordring, fordi politikken der er så utslagsgjevande for vårt eige samfunn.

Fakta om Øyvind Strømmen

  • Øyvind Strømmen er utdannet journalist og har i tillegg en mastergrad i religionsvitenskap.
  • Som journalist har han særlig jobbet med politisk ekstremisme, og han har også skrevet tre bøker om høyreradikalisme og høyreekstremisme. I tillegg har han utgitt en biografi over Anders Lange og en bok om ungarsk historie og samtid.
  • Strømmen er fylkestingspolitiker for Miljøpartiet De Grønne i Vestland, og også nestleder i Europabevegelsen Vestland.

Foto: Guri Barka Martins / MDG

Frisvold si oppsummering får meg til å tenkja på eit mantra frå Nieman Foundation for Journalism, ved Harvard-universitetet: All journalistikk er lokaljournalistikk. Og her ligg eitt av problema ved for lite europeisk fokus: me overser mykje som også har konsekvensar på heimebane.

Sviktar staten?

Frisvold etterlyser betre dekking av EU som politisk arena.

– EU er eit byråkratisk maskineri, men det er også debattar og politiske brytningar, i medlemsland, mellom medlemsland og i europarlamentet, kanskje den viktigaste politiske arenaen for oss å følgja. Det finst ingen tryllestav, ingen enkle grep som kan takast, men Norges hus i Brussel står halvtomt og Utanriksdepartementet og til dømes Fritt Ord kunne ha etablert eit norsk kultursenter i Brussel, det hadde også kome journalistar til nytte.

Han peiker på utgreiinga om Noregs tilhøve til EU, lagt fram av Sejerstad-utvalet i 2012. Blant dei hundrevis av sidene med tekst peiker utvalet også på at «mediedekningen om Norges løpende tilknytning til EU er relativt beskjeden», og at nyhende om EØS og om norske avtaler har «liten plass i det daglige nyhetsbildet, og mindre enn EU-tilpasningens samfunnsmessige betydning skulle tilsi». Så vert det vist til Grunnlovas §100, der det - med dagens ordlyd - heiter at statlege styresmakter «skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskrifte».

I utgreiinga står det også: «Sett under ett synes det likevel som om media ikke har klart å spille sin samfunnsrolle til fulle. I hovedsak nedprioriterte de norske mediene feltet etter november 1994 og gikk over til en mer tradisjonell dekning av EU som utenriksstoff, mens Norges tilknytningsform og virkningene av avtalene med EU fikk lav nyhetsverdi».

Jag vill leva i Europa

Ingrid Brekke fortel at ho synest norske media generelt er for lite opptekne både av Europa, og av kva som skjer i europeiske land.

– Det er synd, for det gjer at me forstår det som skjer hjå nokre av våre næraste allierte og naboar dårlegare, og dermed forstår me også dårlegare samanhangen mellom utviklinga i resten av Europa og i Noreg.

– Eg har ei kjensle av at me har hamna i ein slags vond sirkel, seier Ingrid Brekke.

– At journalistar og lesarane våre ofte veit lite, skaper ei barriere som gjer det lettare å ignorera heile feltet. Det motsette ser me med amerikansk politikk. Fordi det vert dekt så breitt og grundig, verta både journalistar og lesarar skulerte, og dekninga får høgare og betre nivå. Men å seia at me burde dekkja amerikansk politikk mindre for å kunne dekkja europeisk meir, trur eg ikkje er vegen å gå. Eg håper heller at all interesse for utanrikspolitikk aukar moglegheita for ei samla større dekning.

Og eg sjølv? Eg kastar meg gjerne over nyhetsstoff om Amerika. Men eg saknar ofte Europa. Og eg er overtydd om at Europa blir stadig viktigare i ei verd som også er i endring.

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS