Mediefolk:

Svein Atle Huus er ny toppsjef i Firda

Tilsett som adm.dir. og regiondirektør.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Svein Atle Huus er tilsett som administrerende direktør i Firda Media og regiondirektør i region vest i Amedia, skriv Amedia i ei pressemelding.

Han har vore i Firda sidan 1996, då han var ferdig med økonomisk/administrativ utdanning på Høgskulen i Sogndal. Han har hatt ulike roller i avisa, og har dei siste fire åra vore økonomiansvarleg for Firda, Firdaposten og Findriv. Han har også ei rolle i forbrukarmarknad for Firda og Firdaposten, og jobbar i tillegg med opplagsberekning for avisene i Amedia. Sidan mars i år har han vore konstituert som dagleg leiar.

Styreleiar Morten Nilsen peikar på at Svein Atle har solid leiarerfaring, men også erfaring frå styrearbeid.

– Som leiar er Svein Atle nysgjerrig, nytenkande, strukturert og analytisk. Han har stor tillit og respekt i Firda og Amedia, og vi er trygge på at dette er eit særs bra val for Firda og region vest, seier Nilsen.

Powered by Labrador CMS