Difor:

UNESCO-rapporten The Chilling: Global trends in online violence against women journalists ser på korleis kvinnehat råkar kvinnelege journalistar på internasjonalt nivå. Biletet som vert teikna er heller dystert.

Difor bør redaktørar tenkja meir på netthat

Netthets kan vera eit våpen mot journalistar, og mot samfunnsdebatten. Men stirar ein han inn i kvitauga, dukkar også media sitt eige ansvar opp.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Her om dagen vart eg minna på innleiinga i den svenske journalisten Lisa Bjurwald si bok Skrivbordskrigarna. Der siterer Bjurwald nokre kommentarar om henne på den lettare berykta nettstaden Flashback.org.

Ein av dei: «Skulle knappast tacka nej til att straffknulla den här korkade horan och lägga min ariska säd i munnen på henne».

Ein annan: «Nackskott… anser jag…».

Bjurwald fortel at ho har med sitata for å illustrera korleis det er mogleg å uttrykka seg på nettet «utan att det får några av de personliga eller straffrättsliga som skulle följa i det fysiska livet» og korleis «gruppdynamikken och det laglösa klimatet får användare att gå längre och längre, i det här fallet ända til förslag om avrättning».

Dette er Derfor

  • I spalten «Derfor» forsøker vi å forklare hvorfor mediene tar de valgene de gjør. Eller sagt på en annen måte: «Derfor tar mediene de valgene de gjør». I tillegg tar vi noen avstikker til andre medierelaterte spørsmål.
  • Arbeidet er støttet av Stiftelsen Fritt Ord med 150.000 kroner.
  • Alle «Derfor»-artiklene inneholder en «bygg inn»-knapp. Med dette åpner vi for at andre kan publisere disse spaltene på sine nettsider.
  • Eneste kravet vi stiller til medier som benytter seg av dette, er at de via en av presseorganisasjonene er tilknyttet Norsk Presseforbund og dermed Pressens Faglige Utvalg.
  • Les mer om «Derfor» her.

I eit seinare kapittel skriv ho:

Extremhögerns hat mot journalister är nästan lika stort som mot de makthavare som öppnat landets portar för «massinvandringen». Hatet mot kvinnliga journalister är särskilt stärkt, något som jag själv och många kvinnliga kollegor både i Sverige och i utlandet fått erfare genom åren. På grund av internet har mängden hatiska mejl og inlägg numera antagit överväldigande proportioner.

Lisa Bjurwald, journalist og forfatter.

Boka kom ut i 2013. Ho er framleis høgst lesverdig, ikkje minst kapitlet om sjølvradikalisering på nettet, eit tema som ikkje har blitt mindre relevant med åra.

Men grunnen til at eg vart minna om boka var den nylege UNESCO-rapporten The Chilling: Global trends in online violence against women journalists, ein rapport som baserer seg på ei undersøking blant 901 journalistar frå verda over, samt ei rekkje djubdeintervju og to datastudier som tekt utgangspunkt i enorme mengder sosiale media-postar rundt to journalistar: filippinske Maria Ressa og britiske Carole Cadwalladr.

Tilbakeblikk

Lat oss byrja med eit tilbakeblikk. I 2013, same år som Skrivbordskrigarna kom ut, sendte SVTs Uppdrag Granskning dokumentaren Män som näthatar kvinnor, der fleire kvinnelege journalistar og skribentar las opp groteske kommentarar dei hadde fått.

TV 2 sendte på si side dokumentaren Kvinne jeg hater deg, der fleire kvinnelege politikarar og samfunnsdebattantar fortalte om det same, og me også fekk høyra døme.

I 2015 gav Aina Landsverk Hagen ut boka Meningers mot, basert på mellom anna ei spørjeundersøking blant redaktørar og journalistar.

Ho fann at nesten halvparten av norske journalistar og redaktørar opplevde å ha vore utsett for sjikane, krenkingar eller trakassering i løpet av det siste året, 43 prosent blant menn, 44 prosent blant kvinner. 27 prosent av mennene og 23 prosent av kvinnene hadde opplevd å få trugsmål.

I eit intervju med Aftenposten fortalde Landsverk Hagen at trugsmåla «i hovedsak kommer fra personer som formidler konspirasjonsteorier», og at det deretter var «rasistiske holdninger, anti-feminisme og religiøs ekstremisme som preget hetsen og truslene».

Ho la til at hetsen ofte var seksualisert når den var retta mot kvinner, noko som også gjorde grensene mellom sjikane og trugsmål meir uklåre.

Også seinare norsk forskning tyder på at norske menn oftare vert utsett for netthat enn det kvinner gjer, men at netthatet mot kvinner ofte er meir kjønna: «I et eksperiment hvor det ble brukt falske kvinnelige og mannlige brukernavn i ulike nettforum mottok kvinner i gjennomsnitt 100 eksplisitte seksuelle trusler per dag mens menn mottok kun 3,5.»

Dessutan fortel fleire kvinner enn menn at nettbasert trakassering gjer at dei vert meir forsiktige med å uttala seg på nett. Det åleine er eit trugsmål mot både ytringsfridom og samfunnsdebatt.

Fakta om Øyvind Strømmen

  • Øyvind Strømmen er utdannet journalist og har i tillegg en mastergrad i religionsvitenskap.
  • Som journalist har han særlig jobbet med politisk ekstremisme, og han har også skrevet tre bøker om høyreradikalisme og høyreekstremisme. I tillegg har han utgitt en biografi over Anders Lange og en bok om ungarsk historie og samtid.
  • Strømmen er fylkestingspolitiker for Miljøpartiet De Grønne i Vestland, og også nestleder i Europabevegelsen Vestland.

Foto: Guri Barka Martins / MDG

Hets som våpen

UNESCO-rapporten, som er utarbeidd under leiing av Julie Posetti ved International Center for Journalists, ser på korleis kvinnehat råkar kvinnelege journalistar på internasjonalt nivå.

Biletet som då vert teikna er heller dystert. Av dei 901 deltakarane i spørjeundersøkinga seier heile 73 prosent at dei har opplevd det rapporten definerer som nettbasert vald: det kan til dømes dreia seg om sjikane, hets eller trugsmål, men også om koordinerte desinformasjonskampanjar. 25 prosent fortel at dei har opplevd trugsmål om fysisk vald og 18 prosent har fått trugsmål om seksuell vald.

30 prosent av dei som har svara seier at netthatet har fått dei til å sensurera seg sjølv i sosiale media, og 20 prosent at dei har trukke seg unna samhandling på nettet.

41 prosent sa at dei hadde vorte utsett for nettbaserte åtak som verka å vera kopla til målretta desinformasjonskampanjar, noko som også vart understreka i ei rekkje av dei 173 djubdeintervjua som vart gjennomført i samband med studia rapporten kviler på.

Me er kanskje vande å sjå netthatarane som taparar – den bleikfeite mannen i ei kjellarleilegheit, den arbeidslause karen som bruker tida si på å sjikanera folk på nett, og så vidare. Men netthets og desinformasjonskampanjar kan vera nyttige våpen, og kan oppildnast til av menneske med makt.

Eit døme er den brasilianske journalisten Patricia Campos Mello som seint i 2018 starta på ein serie artiklar rundt desinformasjon i det brasilianske valet. Ho vart då sjølv utsett for ein desinformasjonskampanje, der det mellom anna vart hevda at ho byta til seg informasjon med sex. Det var ein påstand både Jair Bolsonaro og sonen Eduardo Bolsonaro spelte opp under, i det som er lett å sjå på som eit forsøk på å diskreditera Mello som journalist.

Samstundes vart det spreidd mengder av falske pornografiske bilete av henne, det verserte videoar som forsøkte å framstilla henne som ein prostituert journalist og ho fekk tilsendt valdtektstrugsmål. Slikt vil lett kunna føra til både frykt og sjølvsensur, sjølv om Mello slo attende, både gjennom boka A máquina do ódio (Hatmaskina), og gjennom å gå til søksmål mot far og son Bolsonaro.

«Gal kattedame»

The Chilling baserer seg også på analyser av såkalla big data. Som nemnd ser ei av desse analysane nærare på sosiale media-postar rundt den prisløna britiske journalisten Carole Cadwalladr. Cadwalladr er kjent for sine journalistiske bidrag rundt den såkalla Cambridge Analytica-skandalen.

Forskarane bak rapporten har nytta kunstig intelligens til å finna fram til 10.400 hets-prega Twitter-meldingar (blant nær 2,1 millionar) retta til Cadwalladr. Dei fleste av døma dei syner til framstår som relativt lite alvorlege, særleg samanlikna med døma nemnd over.

Ein gjengangar er at ho vert omtalt som ei «gal kattedame», eit åtak Leave.EU-grunnleggjaren Arron Banks kan sjå ut til å ha vore den fyrste til å servera, men som også har vorte gjentekne av presseveteranen Andrew Neil.

Journalist Carole Cadwalladr seier ho er ein hatfigur i kulturkrigen.

Cadwalladr har også vorte gjort narr av fordi ho ikkje har born, vorte kalla «gal» og «hysterisk», og kalt eit dumt kvinnfolk.

I ein tweet som vert sitert i rapporten vert både ho og Posetti – den leiande forskaren bak UNESCO-rapporten, altså – omtala som «globalistiske horer».

For Cadwalladr er denne typen meldingar, ifølge rapporten, ein konstant. «Eg er ein hatfigur i kulturkrigen», seier ho sjølv.

Skilnaden mellom å senda nokon eit seksualisert trugsmål og å kalla nokon for ei gal kattedame er openbert enorm. Flokkdyr på Twitter er likevel sjeldan sympatiske (for heilt andre døme på dette, sjå Jon Ronson si bok So You´ve Been Publicly Shamed frå 2015). Når meldingar av den sistnemnde typen dukkar opp i tusental kan også det bidra til sjølvsensur, og det kan iallfall godt illustrera korleis sosiale media kan ha ein destruktiv effekt.

Kva med sinnatrålinga?

Det kan vera på sin plass å venda attende til dei meir ubehagelege døma, og til Lisa Bjurwald. Mot slutten av Skrivbordskrigarna skriv ho:

Liksom med många andra negativa samhällsföreteelser, […] är det naitv att tro at vi kommer att kunna utrota hat, extremism och rasism på internet. De kommer alltid att finnas, så länge internet är fritt. Däremot er det hög tid att börja motarbeta dessa fenomen. Men då krävs att vi ser problemet i vitögat.

Ein kan kanskje lata seg freista til nye reportasjar om meir eller mindre stusselege nettroll? Få dei fram i ljoset, ikkje sant?

Men om ein stirar problemet inn i kvitauga, bør det også gje rom til ein viss ettertanke. Om redaktøransvaret for kommentarfelt. Men også om det eg vel å kalla sinnatråling: bruk av overskrifter som er meir eigna til å samla klikk og sinte emojis i sosiale media enn dei er til å opplysa saka.

«Ord og bilete er mektige våpen. Ikkje misbruk dei», heiter det i Vær varsom-plakaten. Ein bør kanskje vera varsam med å spela opp til andre sitt misbruk også?

Powered by Labrador CMS