Guro Borchgrevink Valland er journalist i Bergens Tidende, men byrjar snart i Dagens Næringsliv. Foto: Paul Sigve Amundsen/Bergens Tidende

MORGENRUTINEN:
Guro Borchgrevink Valland irriterer seg over mangel på subjekt i titlar og ukritisk bruk av anonyme kjelder

Bergens Tidende-journalisten som er på vei til DN minnast best ei valvake frå 2015.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

I spalta Morgenrutinen stiller Journalisten dei same spørsmåla til ei rekke personar som er tett på mediebransjen.

Guro Borchgrevink Valland er journalist i Bergens Tidende (BT) og byrjar 26. november som ansvarleg for redaksjonell innsikt i Dagens Næringsliv (DN).

– Kaffi eller te?

– Kaffi! Nykverna og svart på kjøkkenet heime. Typen varierer alt etter kva slags bønner som kjem i postkassa frå kaffiabonnementet eg har. Eit kongekonsept for dei som er ekstra glade i kaffi.

– Kva har du på nattbordet?

– Støyreduserande hovudtelefonar. Me har ein liten hund som romsterer i tide og utide og eg treng å sova. Attmed dei ligg boka «Stuff every wine snob should know». At eg les den boka viser vel eigentleg at eg ikkje er ein ordentleg vinsnobb. Enno.

– Når om morgonen startar hovudet å tenkja jobb, og kva medium må du innom?

– Det er når eg vaknar. Som oftast i halvsjutida. Då sjekkar eg e-post og blar meg gjennom Twitter, BT, VG og DN. Når eg først har kome meg ut av senga er det radio og tur med hunden Bobby som gjeld. Då likar eg å høyra på P2.

– Kva slags overskrift skulle du ynska du såg på trykk i dag?

– Donald Trump trekk seg.

– Kor leitar du etter gode saker?

– Ved å snakka med folk. Då får du tips heilt tilfeldig eller over ein planlagd kaffi med ei kjelde. Sånn sett er det viktig med struktur og ein god kalender som passar på deg. Og så er eg nysgjerrig og likar å finna ut kvifor noko endrar seg rundt meg. Kontroll på rettssaker er òg gull. Det skadar aldri å senda ein ekstra førespurnad til domstolane om sluttinnlegg viss du ser ein interessant paragraf eller kjende namn på partar eller advokatar. Då er det som regel noko juicy å skriva om.

– Om du kunne velja kven som helst, kven har du mest lyst til å intervjua andlet til andlet, og kvifor?

– Barack Obama fordi han er Barack Obama. Og han må ta med seg Michelle.

– Kva er den viktigaste eigenskapen din som journalist, og korleis brukar du den?

– Eg likar folk, og eg likar å snakka med dei. Det speler eigentleg ingen rolle om det er på telefonen eller i levande live. Som journalist startar du litt i oppoverbakke, fordi du har ein agenda når du tek kontakt. Eg trur eg merkar fort om den andre er komfortabel med situasjonen eller ikkje. Då er det ein fordel å vera vossing. Alle veit eit eller anna om Voss, og det kan me jo snakka om. Og så har eg god erfaring med å vera open om kvifor eg tek kontakt og at eg ønskjer å byggja tillit. Så får det ta den tida det treng og dei sakene og samtalane det må. Når du får tillit, trur eg det kjennest litt magisk for begge partar. Då kjem også tipsa.

– Kva er det kjekkaste eller raraste du har opplevd i jobben?

– Under valkampen i Bergen i 2015 sende BT direkte i timevis. Eg var utegåande reporter og gjekk frå valvake til valvake med kommentator Frode Bjerkestrand. Det viste seg at ingen var i nærleiken av å vera så dyster og trist som Høgre si. Av ein eller annan grunn hadde dei valt å ha valvake på eit galleri, ein ganske dystopisk, mørk stad med masse kopar og dunkelt interiør med Odd Nerdrum-bilete på veggen. Då me kom attende dit på kvelden var kapitulasjonen total. Høgre hadde gjort eit heilt elendig val og tapte byrådsmakta. Folk frå partiet sat på eit busstopp utanfor og venta på å koma seg heim. Inne var det heilt tomt og forlate. Berre ballongar og halvfulle vinglas att. Men me hadde no uansett bestemt oss for å ha ei lita sending, og Bjerkestrand berre: «Dette er creepy, altså. Det er direkte dødsangstfremkallende. Det står faktisk tro, håp og kjærlighet på en søyle det borte, og det tror jeg Høyre trenger, i bøtter og spann!». Du kan forresten sjå heile klippet frå «Spøkelsesvalgvake» her.

– Kva journalistisk arbeid inspirerte deg sist, og kvifor?

– VG si sak om dei tre brørne i Tolga. Det skar meg i hjarta. Historia viser kva slags ekstreme overgrep som kan skje når folk med makt i samfunnet mistar medvitet.

– Kva irriterer deg aller mest med norske media?

– Mangelen på subjekt i titlar og ukritisk bruk av anonyme kjelder. Med det meiner eg ikkje at ein skal la vera å bruka anonyme kjelder overhovudet, for me veit alle kor viktige dei kan vera. Det eg meiner er uheldig, er når anonym kjeldebruk vert daglegdags. Spesielt i dekninga av norsk politikk der formuleringa «flere kilder» ofte vert nytta. Det seier oss lite. Kor mange er «flere»? Er det to eller fem? Og i kva posisjon sit dei? Kollega Jens Kihl sa noko viktig om akkurat det her om dagen. Han meiner det må vera eit mål for journalistar å formulera kor mange anonyme kjelder ein snakkar med, og i kva slags posisjonar dei sit i så langt det går an utan å blåsa dei. Det synest eg me alle skal trå etter. Slike detaljar aukar truverdet og er opplysande for lesarane. Og det skjerpar journalistane.

– Kva er den største utfordringa akkurat no, for mediebransjen generelt og der du jobbar?

– Eg trur alle mediehus leitar etter sin unike kode for å få fleire til å betala for innhaldet. Det betyr at me i endå større grad må stella med tal og analysar av korleis lesarane ter seg. Slikt var ikkje mogeleg i papirverda, og det kan vera ganske brutalt å få tal på direkten om kor mange abonnement du har klart å selja eller kor få som har lese det du har skrive. Samstundes synest eg det er bra at me heile tida evaluerer det me driv med. Målet er jo å laga betre journalistikk, og di meir me lærer og di fleire me når, di meir kan me tilby av det me meiner er viktig.

– Kva bilete eller video fekk deg sist til å stogga opp?

– Haha! Det var ein video på Twitter av ein hund med heilt vill spenst.

– Kva er det lengste du har klart å vera utan mobilen?

– Oi, sei det. Fem timar, kanskje? Det må ha vore då eg var på grunnkurs i Sivilforsvaret. Det funka dårleg med mobil og tåregass.

– Når loggar du av for kvelden?

– Omtrent ti sekund etter at eg har tatt på alarmen og lagt frå meg mobilen på nattbordet. Men så er det eit eller anna nyhendevarsel som vekkjer meg, då.

Powered by Labrador CMS